Norwegian for teachers 2
Code:
MGL1NO201Name:
Norwegian for teachers 2Teaching semester:
SpringLocations:
BergenYear:
2026 — 2027Teaching language:
NorwegianStudy points:
30 Credits
Etter endt studium har studenten følgjande læringsutbytte:
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kan kombinere kunnskapar og ferdigheiter frå dei to delemna for å utvikle og fremme innsikt i samanhengane mellom dei ulike fagområda i norskfaget
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål og delta i norskfaglege drøftingar knytt til grunnskulelærarpraksis
Tekst og kontekst
Kunnskap
Studenten
- har inngåande kunnskap om nokre litteraturhistoriske tema frå eldre og nyare tid
- har brei kunnskap om eit utval litterære og sakprega tekstar frå ulike tider og stader, for barn, unge og vaksne
- har kjennskap til eit utval samiske tekstar
- har inngåande kunnskap om nokre litteraturdidaktiske tilnærmingar og litteraturteoretiske perspektiv av relevans for norskfaget 1-7
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan bruke tekst- og litteraturkunnskap som inngang til opplæringa i lesing, skriving og munnlegheit, og som utgangspunkt for ei heilskapleg tilnærming til norskfaget
- kan bruke tekstar som utgangspunkt for å utforske kulturelle kontekstar og livserfaringar
- kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne sjangrar og medium
Språk og mangfald
Kunnskap
Studenten
- har omfattande kunnskap om begynnaropplæringa og den vidare opplæringa i lesing, skriving og munnlegheit, og særleg om læringsfremjande respons og tilpassa opplæring
- har kunnskap om samisk språk og kultur, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk i Norden
- har inngåande kunnskap om nokre sentrale tema frå norsk språkhistorie i eldre og nyare tid
- har kunnskap om språklege endringsprosessar, geografisk og sosial variasjon, normeringsproblematikk og haldningar knytt til dette.
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere og anvende sentrale prinsipp for kartlegging av den faglege utviklinga til elevane, for tilpassa opplæring og for læringsfremjande respons
- kan bruke kunnskap om norsk språkhistorie, språkleg variasjon og endring slik at elevar utviklar tilhøyrsle til samfunnet og respekt for mangfald
- kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit og fleirspråkleg praksis i tilrettelegging for ei samansett og fleirkulturell elevgruppe
- kan bruke relevante metodar og teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa og den vidare lese- og skriveopplæringa
- kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese og skrive tekstar i ulike sjangrar og medium, og diskutere eigne og andres tekstar med blikk for eigen skriveprosess
Følgjande læringsutbytte er knytt til FoU-oppgåva:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid med relevans for eiga profesjonsutøving
- har oversikt over og forståing for forskingslitteratur som er aktuell for å kunne svare på vald problemstilling
Ferdigheter
Studenten
- kan formulere ei profesjonsretta problemstilling
- kan drøfte vald problemstilling i lys av relevant forskingslitteratur
- kan bruke kunnskapsoppsummering som forskingsmetode
- kan formidle og drøfte funna til kunnskapsoppsummeringa i eit profesjonsfellesskap
Generell kompetanse
Studenten
- har djup innsikt i vald fagleg/fagdidaktisk problemstilling
- kan sjå samanhengen mellom forsking og utviklingsarbeidet til skulen
- kan på eit avansert nivå analysere, formidle og samtale om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga
Norsk 2 GLU 1-7 er eit 30-studiepoengsemne fordelt på to delemne på 15 studiepoeng kvar. Delemnet Tekst og kontekst fokuserer på det språklege produktet: tekst og litteratur i sin historiske og kulturelle kontekst. Delemnet Språk og mangfald fokuserer på den språklege produksjonen som prosess, utført av eit mangfald av språkbrukarar, og under stadig utvikling og endring.
Tekst og kontekst
Delemnet Tekst og kontekst gir tekstkunnskap og innsikt i litteraturteori, litteraturhistorie og litteraturdidaktiske tilnærmingar, med eit særleg fokus på norskfagets tekstar og historie. Sentralt i delemnet står studentanes arbeid med eit utval litterære primærtekstar henta frå ulike epokar og kulturkrinsar.
Delemnet legg vekt på å fremme studentanes analytiske ferdigheiter i møte med tekstar i ulike sjangrar og medium, og gir inngåande kjennskap til didaktiske tilnærmingar til arbeid med tekstar og muntlige ferdigheiter i klasserommet.
Språk og mangfald
Delemnet Språk og mangfald gir innsikt i språkleg variasjon og utvikling i eit historisk og kulturelt perspektiv, samanholdt med eit elevperspektiv. Delemnet har ei historisk tilnærming til språk og normering, og legg vekt på å utvikle forståing og aksept for språkleg variasjon og mangfald.
Delemnet gir inngåande kjennskap til didaktiske tilnærmingar til tilpassa opplæring i møte med fleirspråklege elevar, i begynnaropplæringa og i den vidare lese- og skriveopplæringa.
- To arbeid (med lærarrettleiing)
- Respons på medstudentar sitt arbeid
- Eitt seminarinnlegg
- Breiddetest
- Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som oppgitt i undervisningsplanen
Følgande arbeidskrav er knytt til FoU-oppgåva:
- Inntil tre tekstutkast etter gitte kriterium
- Deltaking i grupperettleiing
- Deltaking i individuell rettleiing
Nærare opplysingar om innhald og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrava vil bli gitt i undervisningsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen.
Eksamen blir vurdert med gradert karakter frå A til F, der F er stryk.
FoU-oppgåva blir vurdert til stått / ikkje stått.
Førebuing av presentasjon: Alle
Munnleg gjennomføring: Ingen hjelpemiddel utover presentasjonen
