Utviklingsarbeid, endringsprosesser og implementering. Videreutdanning for PPT - modul 2
Emnekode:
VUPPT302Emnenavn:
Utviklingsarbeid, endringsprosesser og implementering. Videreutdanning for PPT - modul 2Undervisningssemester:
VårSteder:
BergenStudieår:
2017 — 2018Undervisningsspråk:
NorskStudiepoeng:
15 Studiepoeng
Relevant utdanning på bachelornivå
og
Organisasjonsutvikling og innovasjon i barnehage og skule. Vidareutdanning for PPT - modul 1.
Overordna mål er å styrke deltakarane sin kompetanse i organisasjonsutvikling og endringsarbeid i barnehage og skule.
- Deltakarane skal bli betre i stand til å analysere behovet for organisasjonsutvikling og tileigne seg kompetanse til å planlegge og gjennomføre endringsarbeid i samhandling med barnehage og skule.
- Deltakarane skal tileigne seg kunnskap om ulike teoretiske, metodiske og pedagogiske tilnærmingar som til saman bidreg til å forstå korleis, barnehage, skule og PP-teneste fungerer som organisasjonar, og korleis utviklingsprosessar kan gjennomførast.
Det vil vere søkelys på kva rolle PPT har, og kva dei kan bidra med inn i barnehage og skule. Med det som utgangspunkt vil studiet fokusere på utfordringar knytt til endringskraft og motstand mot endring, potensialet i tverrprofesjonelt / tverretatleg samarbeid, samt vedtaksprosessar på organisasjon, gruppe og individnivå. Vidare utvikle dugleik i å analysere og handtere struktur og kultur i organisasjonar.
Kunnskap:
Studenten har utvikla kunnskap om
- skule og barnehage som lærande organisasjonar
- førebygging og tidleg innsats i samband med tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid
- samarbeid mellom barnehage / skule og barnevern
- psykisk helse og utfordringar i barnehage og skule
- modellar og strategiar for endring, utvikling og innovasjon i organisasjonar
- reformarbeid - tolking, implementering og varig endring
- motstand og friksjon i endringsarbeid
- etiske utfordringar i endringsprosessar
Dugleik:
Studenten kan
- etablere og oppretthalde tolkingsfellesskap
- planlegge og leie endringsarbeid
- møte barrierar og motstand mot endring, og skape aksept og deltaking i utviklings- og endringsprosessar
- utvikle evne og vilje til læring og endring i organisasjonar
- etablere og bidra i tverretatleg samarbeid med sikte på førebygging og tidleg innsats
- nytte prinsipp for god kommunikasjon og samhandling i endrings- og utviklingsarbeid
- meistre rolla som rettleiar i endringsprosessar i barnehage og skule for å skape eit godt læringsmiljø
Generell kompetanse:
Studenten har utvikla
- refleksjon over endringsbehov i eigen organisasjon
- ei reflektert og analytisk haldning til implementering og varig praksisendring i barnehage og skule
- evne til å vise etisk ansvar i etableringa av gode strukturar for utviklings- og endringsprosessar i eigen organisasjon og i barnehage og skule
- respekt for andre profesjonar og etatar og deira ansvarsområde
- vilje til etablering av og bidrag i konstruktivt tverretatleg samarbeid
- etisk og fagleg refleksjon knytt til tidleg innsats og førebygging av vanskar
- respekt for etiske utfordringar knytt til endringsarbeid og organisasjonslæring
- Tilpassa opplæring i skolen som lærande organisasjon
- Kjenneteikn på lærande organisasjonar og læring i eigen organisasjon
- Likeverdige, inkluderande og tilpassa tilbod i barnehage og skule
- Systemutfordringar knytt til psykisk helse og problemåtferd, førebygging og tidleg innsats
- Potensialet i tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid
- Ulike strategiar i systemisk arbeid
- Planlegging og leiing av utviklings- og endringsprosessar
- Rettleiars rolle i endringsprosessar
- Reformteori, tolking av reformer og konsekvensar for realisering
- Fagleg, etisk og juridisk grunnlag for tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid
- Utvikling av innovasjonsprosjekt
Studiet er samlingsbasert med tre samlingar (2+3+2 dagar).
Skriftleg og praktisk førebuing / etterarbeid som knyter forsking / teori og konkrete utfordringar i eigen praksis saman. Tilgang til felles læringsplattform med læringsressursar, rettleiing mellom samlingane og rom for gruppedrøfting / erfaringsutveksling.
Samlingar:
1.samling (3 dagar): Utvikling og endringsprosessar
Tilpassa opplæring i skulen som lærande organisasjon. Ei utfordring for PP- tenesta.
Eit meistringsperspektiv i møte med barnehage og skule.
Tidleg innsats og inkludering.
Når reformar skal implemen-terast i barnehage og skole. Korleis endre samhandlinga mellom PPT og barnehage / skole?
2.samling (2 dagar): Leiing, medverknad og samarbeid
Rettleiars rolle i endringsprosessar.
Motstand og friksjon i endringsarbeid - nokre etiske utfordringar.
Tverrprofesjonelt samarbeid i lys av medverknad: Korleis samarbeide for barns med-verknad, og kva kan PPT sitt bidrag vere i dette?
Gruppevis presentasjon av tenketekst + respons
3.samling (2 dagar): Implementering og institusjonalisering
Frå implementering til varig endring / institusjonalisering.
Endrings- og utviklingsarbeid i PPT, barnehage og skule. Studentane
presenterer eigne prosjekt
Kvar sto eg, kvar står eg og kvar går eg - saman med mitt PPT-kontor?
- Deltaking på samlingane. Prosentvis deltaking minimum 80%.
- Presentasjon av utvald utfordring / endringsarbeid i eige praksisfelt, munnleg og skriftleg, med støtte i teori og nettbasert rettleiing.
Arbeid utanom samlingane: Itslearning vert nytta som kommunikasjonsplattform.
- Arbeide vidare med utforming av ein tekst som knyter saman teori og eige utviklingsprosjekt. Med basis i heimeoppgåva frå modul 1 og ved hjelp av nettbasert rettleiing.
- Forankre planlagt utviklingsprosjekt på eigen arbeidsplass.
- Førebu munnleg presentasjon av eige prosjekt på siste samling.
- Gi respons på nettet til ein medstudent i eigen gruppe på tekst / utviklingsprosjekt.
Arbeidskrava vil føre fram mot avsluttande semesteroppgåve.
- Skriftleg individuell semesteroppgåve på 5000 ord (+/- 10 %) om teoribasert case / endringsarbeid i eige praksisfelt. Sjølvvald problemstilling.
NTNU gjennomfører evaluering av tilbodet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
NLA gjennomfører i tillegg eigen deltakarevaluering i form av spørjeskjema. Dialogbasert eigenevaluering vert gjennomført i fellesskap av involverte fagpersonar ved NLA og HiSF. Emneansvarleg tek og del i felles evaluering koordinert av NTNU saman med dei andre institusjonane som tilbyr same emne.
Deltakarar må vere tilsett i PP-tenesta.
Søknad om opptak sendast Utdanningsdirektoratet.
Litteratur:
Teori og forsking (til saman ca. 1500 sider) som i sum dekkjer innhaldskomponentane i modul 2. Noko av litteraturen er overlappande med litteratur for modul 1.
Det er ein føresetnad at studentane set seg inn i teori og forsking med relevans for innhaldet i studiet, men kan innanfor denne lista velje kva litteratur ein vil konsentrere seg om. I samband med eige utviklingsprosjekt kan det og vere aktuelt å nytte anna litteratur.
Dessutan kan anna litteratur verte nytta i forelesingar, og på samlingane vert nyare relevant litteratur fortløpande presentert.
Hovudbøker.
Arnesen, A.-L. (red). (2012). Inkludering. Perspektiver i barnehagefaglige praksiser. Oslo: Universitetsforlaget. (kap. 2-5, 8-12)
Elstad, E. & Helstad, K. (red.). (2014). Profesjonsutvikling i skolen. Oslo: Universitetsforlaget (kap 1, 7, 11-18)
Jenssen E. & Roald, K. (2014). Tilpasset opplæring i skolens arbeidsfelleskap. Bergen: Fagbokforlaget (kap 4).
Roald, K. (2012). Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring. Når skole og skoleeigar utviklar kunnskap. Bergen: Fagbokforlaget. (kap 1, 2, 5-6)
Roland, P. & Westergård, E. (red.). (2015). Implementering. Å omsette teorier, aktiviteter og strukturer i praksis. Oslo: Universitetsforlaget. (ikkje kap. 8).
Røvik, K. A., Eilertsen, T. V., & Furu, E. M. (red.). (2014). Reformideer i norsk skole. Spredning, oversettelse og implementering. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (Del I og III)
Stålsett, U. E. (2009). Veiledning i en lærende organisasjon. Bergen: Fagbokforlaget. (kap. 2, 11, 12 og 13)
Dessutan:
Ertesvåg, S. K. (2012). Leiing av endringsarbeid i skulen. Oslo: Gyldendal Akademisk (kap 2, 3, 7 og 8)
Eller
Ertesvåg, S. K., & Roland, P. (2013). Ledelse av endringsarbeid i barnehagen. Oslo: Gyldendal akademisk. (Kap 2, 3, 7 og 9)
Artiklar / bokkapittel.
Referansar merka med * inngår i elektronisk kompendium som vert lagt ut på Itslearning..
Dei fleste tidsskriftartiklar kan lastast ned elektronisk.
* Arnesen, A. & Sørlie, M-A. (2010). Forebyggende arbeid i skolen. I: Befring, E., Frønes, I., & Sørlie, M.-A. (red.). Sårbare unge. Nye perspektiver og tilnærminger. Kap. 6 (s. 86-100). Oslo: Gyldendal Akademisk.
*Bele, I. V. (2012). Hva er spesielt med spesialundervisninga - slik lærere ser det? I: P. Haug (red.), Kvalitet i opplæringa. Arbeid i grunnskulen observert og vurdert (s. 223-241). Oslo: Det Norske Samlaget.
*Brunstad, P. O. (2009). Klokt lederskap mellom dyder og dødssynder. Oslo: Gyldendal, s. 32-75. (2 kap: Ledelse som grenseaktivitet og Organisasjoners grenseområde).
*Brunstad, P. O. (2015). Nykommeren - fra teoretisk innøvelse til faglig utøvelse i lys av praktisk visdom. I: P. O. Brunstad, S. M. Reindal, & H. Sæverot (red.), Eksistens og pedagogikk, En samtale om pedagogikkens oppgave (s. 109-124). Oslo: Universitetsforlaget.
*Flaten, K. (2013): Barnehagebarn og angst. Gyldendal Akademisk. Kap 1, (s. 22- 36).
*Gilje, J. (2007). "Det har skjedd noe ved skolen vår." Verdibasert lederopplæring og mentorarbeid som bidrag til skoleutvikling. I: O. H. Kaldestad, E. Reigstad, J. Sæther & J. Sæthre (red.), Grunnverdier og pedagogikk (s. 237-257). Bergen: Fagbokforlaget.
*Haug, P. (2014). Er inkludering i skulen gjennomførleg? I: S. Germeten (red.), De utenfor. Forskning om spesialpedagogikk og spesialundervisning (s. 15-38). Bergen: Fagbokforlaget.
Hesjedal, E., Hetland, H., Iversen, A., & Manger, T. (2015). Interprofessional collaboration as a means of including children at risk: An analysis of Norwegian educational policy documents. International Journal of Inclusive Education. doi: 10.1080/13603116.2015.1057241.
Hesjedal, E., Iversen, A. C., Bye, H., & Hetland, H. (2015). The use of multidisciplinary teams to support child welfare clients. European Journal of Social Work. doi: 10.1080/13691457.2015.1084268
Holck, G., & Opdal, L. R. (2008). Som fibrene i et rep. (Fagfellevurdert.) Spesialpedagogikk (1), 45-59.
*Nevøy, A., Rasmussen, A., Ohna, S. E., & Barow, T. (2014). Nordic Upper Secondary School: Regular and Irregular Programmes - or Just One Irregular School for All? I: U. Blossing, G. Imsen & L. Moos (red.), The Nordic Education Model. "A School for All" Encounters Neo-Liberal Policy (Vol. 1, s. 191-210). Heidelberg / New York / London: Springer.
*Ogden T. (2015). Sosial kompetanse og problematferd blant barn og unge. Kap 4 (s. 92-124) Oslo: Gyldendal akademisk.
*Olsen, M. H., & Mikkelsen, R. (2015). Sammen - for elevers psykososiale miljø. Kap. 6 (s. 133-155) Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Sandal A.K og Smith, K. (2010) Frå ungdomskule til vidaregåande skule- elevane si stemme. Tidskrift FoU i praksis 4 (2) s. 25- 52.
Skivenes, M., & Strandbu, A. (2006). Child Perspective and Children's Participation. Children, Youth and Environments, 16(2) 17 sider http://munin.uit.no/bitstream/handle/10037/1568/Artikkel3AS.pdf?sequence=2
Vik, S. (2014). Frå «early intervention» til tidlig innsats. Utfordringer ved adopsjon av amerikanske intervensjonsprogrammer til norsk pedagogikk. (Fagfellevurdert.) Spesialpedagogikk (6), s. 45-57. 12 sider
Vi tilrår og å bruke den elektroniske læringsressursen som er utvikla i samband med SEVU-PTT (https://www.sevuppt.no/)
