Reisebrev fra Hawaii: En smakebit av paradiset

Hvordan er det å være utvekslingsstudent på Hawaii? Linda Birgitte Morlandstø deler sine tanker, erfaringer og opplevelser i dette inspirerende reisebrevet fra sin tid i tropiske omgivelser.

Det er lite som slår å vakne opp til sol og varmegrader kvar dag. Kvardagen i paradis er utruleg behageleg, med lite stress og ekte aloha-spirit! Tanken på at opphaldet mitt går mot slutten, er trist, for eg kunne verkeleg tenkt meg å bu her for alltid. Eg stod mellom å reise på utveksling til Hawaii eller Australia, men eg er 100% nøgd med at eg valde Hawaii. Om du er usikker på om du skal dra på utveksling, så er svaret REIS!!

En hverdag fylt med sol, surf og aloha

Det som er så fint med Hawaii, er at her har dei alt! Byliv med shopping, strandliv for surfing, eller regnskog med fossefall og turstiar om ein treng ro. Vanlegvis drar eg og venene mine for å surfe ved soloppgang før skulen, tek ein joggetur eller har yoga i parken. Morgonrutinene mine her er ganske annleis enn heime i Noreg, og det er utruleg givande!

Etter dei få skuletimane eg har kvar dag, går me som regel til stranda for å sjå solnedgangen eller spele tennis. I helgene leiger me ofte bil for å utforske andre stader på øya, eller så tek vi berre ein Uber til ei ny strand. Me kjøpte også inn telt, så me har tatt nokre netter rundt om. Alt på Oahu er relativt nærme, som gjer det er lett å kome seg rundt. I tillegg har me teke ei langhelg til både Maui og Big Island, nokon av øyene her på Hawaii. Flyturen tek berre rundt 45 minutt, og flybillettane er relativt rimelege. Det er gøy å kome seg litt vekk, og naturen kan vere ganske annleis på dei andre øyene, så det er spennande å oppleve!

Sidan college-idrett er ganske populært i USA, har me også sett både amerikansk fotball, fotball- og basketballkampar. Som student på universitetet der kampane spelast får du gratis billett, og det kan eg verkeleg anbefale – veldig gøy!

Det er dog viktig å tenkje på at Hawaii er ganske dyrt! Om ein ynskjer å få mest mogleg ut av opphaldet her, vil eg rå deg til å ha spart opp ein god del lommepengar. Heldigvis kjem pengar alltid tilbake, medan utveksling på Hawaii som regel er ein sjanse ein får berre ein gong i livet!

Skolehverdagen: Praktiske oppgaver og spennende fag

Skuleopplegget i USA er nok så annleis enn i Noreg, med mykje meir fokus på arbeidet du gjer gjennom heile semesteret. Ein har derfor fleire innleveringar, presentasjonar og oppgåver i timane som gir deg ekstra poeng. Nivået er ikkje for vanskeleg, så eg synest det går fint, og skulen tek ikkje for mykje tid. Det er også litt deilig at den siste eksamenen ikkje avgjer heile karakteren din.

Eg har totalt fem fag og fri kvar fredag. Favorittfaget mitt må nok vere Special Events, der heile faget handlar om å planleggje eit arrangement. Me skal arrangere ein masquerade ball, noko som er litt uvanleg i Noreg. Rundt 200 elevar frå skulen kjem, så det gler eg meg utruleg mykje til!

Ein har heller ikkje faste klasser i alle fag, noko som gjer at ein blir kjend med mange nye menneske frå heile verda.

Nye vennskap og livsvarige minner

Eg reiste ned til Hawaii åleine som den einaste studenten frå NLA og bur saman med to jenter frå Tyskland. Dei to har blitt gode venninner, og eg planlegg allereie å besøke dei til våren, i tillegg til turar til Sveits og Austerrike. Eg har også møtt mange nordmenn her, og dei fleste bur allereie i Oslo, så eg har fått meg ein heilt ny venegjeng, noko som er utruleg kjekt! Ein treng ikkje vere bekymra for å ikkje få seg vener her, for på Hawaii skjer det så mykje sosialt, og alle er veldig imøtekommande. Amerikanarar er også mykje meir utadvendte enn nordmenn og tek deg hjarteleg imot.

Eg har fått oppleve og sett meir enn eg vanlegvis har i Noreg på eit heilt år! Alt frå å hoppe i fallskjerm, snorkle med haiar, surfe med skjelpadder symjande ved sida, sjå solnedgang frå ein vulkan, og gå på tur i regnskogen. Eg har knytt livsvarige band, fått oppleve nye kulturar og budd på den andre sida av jorda.

Bankkontoen er kanskje tom når eg kjem heim, men minneboka er full!