Utanlandspraksis for lærarutdanningane
Lærarstudentane ved NLA Høgskolen har tilbod om utanlandspraksis som del av den ordinære praksisopplæringa i studiet. Dette inneber at studentane er 4-5 veker i utlandet, primært i land i det globale Sør, der dei har praksis ved ein lokal utdanningsinstitusjon. Slik kan dei læra noko om korleis undervisning og opplæring av barn og unge kan skje i ein annan kultur. Studentane får også sjølve oppleva å vera i ein ukjend situasjon. Dei erfarer kulturmøte med dei kommunikasjonsutfordringar som følgjer med, og dei får øva seg i fleksibilitet og toleranse overfor menneske med andre ståstader. Madagaskar, Kenya og Nepal er døme på land der studentane har hatt utanlandspraksis i seinare tid.
For grunnskulelærarstudentane ligg tilbodet til ein av praksisperiodane tredje studieår, og informasjonsmøte vert arrangert tidleg i fjerde semester av utdanninga. For barnehagelærarstudentane ligg tilbodet i fjerde semester, som ein del av kunnskapsområdet SRLE, og her er det informasjonsmøte tidleg i tredje semester.
Kontakt for utanlandspraksis GLU Bergen: Åshild Samnøy
Kontakt for utanlandspraksis BLU Bergen og aBLU Bergen/Oslo: Jan Magne Steinhovden
Kontakt for utanlandspraksis GLU Oslo: Marianne Ramirez
Kriteria for utanlandspraksis for lærarstudentane ved NLA Høgskolens retningslinjer for utanlandspraksis seier: “Studenten må ha bestått alle tidligere praksisperioder og må i disse ha vist evne til ansvarlighet, selvstendighet, engasjement og initiativ og et rimelig faglig nivå. Studenten bør følge normal studieprogresjon med et rimelig faglig nivå, og normalt ikke ha eksamener utestående.” Dessutan heiter det at studentar som er under særskild skikkavurdering, ikkje kan ha utanlandspraksis.