Den førande logikken i kallstanken
Teksten er eit innlegg i den pågåande samtalen om misjonærbarns opplevingar på internat, og løftar fram to aspekt som eg meiner er underkommuniserte: kallstanken og kvinneperspektivet. Ein historisk studie av seks kvinner i ein engelsk misjonsorganisasjon, Church Missionary Society (CMS) viser korleis kall, lojalitet og offer forma desse misjonærmødrene sine handlingsrom og val. Kvinnene balanserte mange, dels motstridande, forventningar, på ein annan måte enn ektemennene: å følgje kallet, vere der for barna, støtte mannen og ta på seg oppgåver utanfor CMS. Nokre av dei skildra ein tap-tap-situasjon der alle prioriteringar hadde nedsider knytte til seg.
Publisert i 2026
Les artikkelen her