✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

Koherens i lektorutdanninga : Vilkår for samanheng

Denne artikkelbaserte doktorgradsavhandlinga undersøker samanheng i lektorutdanninga, ei akademisk profesjonsutdanning som kvalifiserer lærarar til arbeid på ungdomsskulen og vidaregåande skule. Bakgrunnen for studien er at lektorutdanningane i Noreg har vedvarande utfordringar med å skape samanheng mellom programelementa. I avhandlinga tek eg utgangspunkt i tidlegare forsking på koherens i lærarutdanningar og utviklar eit analytisk rammeverk for å undersøke koherens i profesjonsutdanningar.

Den overordna problemstillinga for denne avhandlinga er Kva vilkår påverkar arbeidet med koherens i lektorutdanninga? Problemstillinga er utforska gjennom tre artiklar, og datamaterialet består i hovudsak av kvalitative intervju med aktørar på ulike nivå i lektorutdanninga. Aktørane er henta frå ulike nivå i utdanninga: leiingsnivå, tilsettnivå og studentnivå.

Funn frå artiklane syner at fragmentert eigarskap, uklåre leiingsmandat og manglande kontinuitet i koordinerande funksjonar avgrensar kontekstuelle føresetnadar for langsiktig koherensarbeid. Samstundes peiker analysen på at forståingar og praksisar vert operasjonalisert ulikt på program-, fagmiljø- og individnivå. Disiplinkulturane har ei sterk stilling som referanseramme, og profesjonsmandatet vert forstått og operasjonalisert ulikt på tvers av nivå og aktørar. Til sist syner analysen at koherensarbeid i lektorutdanninga vert forma av vedvarande motsetnadar på fleire nivå. Dette gjeld særleg spenningar mellom autonomi og profesjonsmandat, mellom programnivå og fagmiljønivå og mellom disiplinfagleg spesialisering og brei profesjonsforankring. Motsetnadane fungerer parallelt utan å vere systematisk avklarte.

Analysar av dei tre artiklane leier fram til tre vilkår som påverkar arbeidet med koherens i lektorutdanninga: struktur, kultur og kunnskap. Avhandlinga syner at koherens i lektorutdanninga ikkje kan verte forstått som eit spørsmål om strukturelle grep åleine, men som eit samspel mellom strukturelle, kulturelle og kunnskapsmessige vilkår.

Teoretisk bidreg studien med ei vidareutvikling av koherensomgrepet gjennom å lage eit analytisk rammeverk for vidare studiar av koherens i profesjonsutdanningar. Vidare operasjonaliserer denne avhandlinga koherens som eit samspel mellom strukturelle, kulturelle og kunnskapsmessige vilkår, og gjev empirisk forankra innsikt i vilkår for varig programkoherens i komplekse profesjonsutdanningar. Ikkje minst bidreg denne avhandlinga til å problematisere at einskildfag får ansvaret som naturlege bindeledd mellom alle programelement, utan at dei samstundes får eksplisitte mandat eller institusjonell støtte i arbeidet.

Samla sett bidreg avhandlinga til ei utvida forståing av koherens i disiplinsterke profesjonsutdanningar, der samanheng ikkje berre kan forklarast gjennom strukturell organisering, men må analyserast som eit samspel mellom strukturelle, kulturelle og kunnskapsmessige vilkår.
Publisert i 2026
Les artikkelen her