✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

Sæbjørg Hageberg Kjeka

Når døden kjem nær: Døden som eksistensielt og profesjonsdannande tema i barnehagelærarutdanninga

Barnehagelærarar er viktige omsorgspersonar for born som mistar nokon dei er glade i. I denne artikkelen argumenterer eg for at studentar bør eksponerast for tematikk knytt til død i utdanninga. Med ei aksjonsforskande tilnærming undersøkjer eg om og korleis eit arbeidskrav om død kan bidra til profesjonsdanning. Gjennom rollespel får studentane øva på å samtala om sorg og død, og seks studentar reflekterer i etterkant over korleis dette kan styrkja deira profesjonelle utvikling. Funna viser at studentane ser gode grunnar til å arbeida utforskande med døden.
Nøkkelord: Barnehagelærerutdanning, praksisnær utdanning, didaktikk om døden, eksistensielle spørsmål, profesjonsretta utdanning
Publisert i Prismet, 2026
Les artikkelen her