På rett veg med rettleiinga: Master- og bachelorrettleiing i lærarutdanningane
(Utgjeven på Universitetsforlaget, 2024)
Kva kjenneteiknar god masterrettleiing? Kva må til for at studentane skal lukkast med sine skriveprosjekt? Og korleis kan ein rettleiar bidra både med støtte og nye perspektiv?
På rett veg med rettleiinga har som føremål å gi oversikt, innsikt og forståing som kan bidra til auka kvali tet i masterrettleiinga og anna fagleg rettleiing i profesjonsutdanningane. Tekstane byggjer på teori og erfaringar forfattarane har gjort i rettleiingsarbeid på ulike nivå i høgare utdanning. Boka er delt inn i tre hovuddelar. Første del set rettleiing inn i ein overordna utdanningskontekst. Den andre delen handlar om problemstillingar knytte til relasjonar, dialog og kommunikasjon. Del tre klargjer og drøftar rettleiingsmetodikk, roller, organisering og modellar for gjennomføring av rettleiing.