Kyrkjevalet – teknisk tilpasning eller lærespørsmål?

Egil Morland, I FOKUS (Fredag 6.11.2020)

På kyrkja.no (aktuelle høyringssaker) ligg det no ei sak som vil sementera det som Trussamfunnsloven gjev høve til, men som ein – trass i sterkt kyrkjeleg press – nekta å lovfesta. Fleirtalet i komitéen på Stortinget meinte, som «en konsekvens av skillet mellom stat og kirke […] at valgordningen prinsipielt er et forhold kirken selv må regulere, ikke Stortinget i lov.» Vedtaket i Stortinget sukra denne litt bitre pillen med å slå fast at «[k]irkelige valg kan (mi kursiv.) holdes samtidig med offentlige valg og i umiddelbar nærhet av lokalene der det offentlige valget gjennomføres. Kirkemøtet avgjør dette», jf. trossamfunnsloven § 13 første ledd.

Som kjent slo eit samrøystes Stålsett-utval (2013) fast at ei slik samanblanding er ein uting. Men Kyrkjerådet er heilt ope om at ei vidareføring av samanblandinga er naturleg, fordi «demokratiseringa» av kyrkja er innebygd i forliket om å skilja stat og kyrkje. Den er faktisk prisen for dette, ein pris som Open Folkekyrkje meir enn gjerne betaler. Det er berre ei slik ordning som held liv i organisasjonen, og som kan gje den både politisk og kyrkjeleg legitimitet. Den er også heilt avhengig av statleg finansiering for å overleva.

Det er denne ordninga som no skal spikrast, og slik sementera at interessekamp og ikkje kyrkjeleg samhald skal liggja til grunn for framtidige val: «På grunn av endring i ordlyd om tid og sted for kirkevalg i den nye trossamfunnsloven trengs det en avklaring av at regelen om samme tid og sted for kirkevalg og kommunevalg opprettholdes … Det foreslås å gjøre et prinsippvedtak om at denne regelen vil gjelde ved kirkevalget i 2023.»

Det siste poenget blir endå tydelegare ved at det også vert gjort endringar i valprosedyren: Dersom «nomineringsgrupper» melder sine lister, skal ikkje bispedømet ha ei nominasjonsnemnd. Ei slik nemnd kan det vera mange grunnar til å seia noko om, eventuelt kritisera. Men ordninga hadde i alle fall ein programmatisk vilje til å fokusera på heilskapen og samhaldet i kyrkja.

Kven som helst kan delta i denne høyringa, som har frist 30. nov. i år – altså om tre veker.

Eg finn nok ein gong grunn til å minna om at den «gamle» (dvs. før 2009!) ordninga for kyrkjeval hadde ei teologisk grunngjeving: Røystinga gjekk føre seg kyrkjene etter ei gudsteneste. Naturlegvis, for etter luthersk teologi (i dette tilfellet: ekklesiologi = læra om kyrkja) forstår kyrkja seg som ei forsamling kring ord og sakrament. Men valdeltakinga vart låg, dvs. berre nær 100 % av gudstenestedeltakarane, og derfor stempla som «udemokratisk». Lite merksemd vart retta mot at det nettopp var denne situasjonen som avslørte korleis det stod til med «folkekyrkja»: Kvar søndag skjer det ei reell røysting over kyrkja sin plass i folket. Valet reflekterte dette.

Høyringsnotatet er for lengst komen forbi den situasjonen at indirekte val til mellom- og topporganet i kyrkja, basert på direkte valde sokneråd og lokalkyrkjelydane, er eit tema. Berre ei slik ordning ville kunna halda kyrkjeorganisasjonen saman, og gjera delegatane ansvarlege overfor den kyrkjelege grasrota. Men eit slikt demokrati er farleg for makta. Den vil heller ha ei ordning der ein står ansvarleg overfor partiprogram og veljarar. Ei ordning som er fullstendig einerådande i sivilsamfunnet elles – og som ingen stiller spørsmål ved! – er altså ubrukeleg for kyrkja.

Til vanleg er Kyrkjemøtet svært vâr for kva som kan karakteriseraast som «læresaker». Då skal det ikkje mange endringar til i ord og uttrykk før saka må sendast attende til Bispemøtet for «læremessig vurdering», før vedtak kan gjerast.

Denne haldninga er heilt fråverande her. På tidlegare stadier kom det nokre forsiktige forsøk på ei prinsipiell tenking rundt saka.

Men no er dét historie. No må vi gå vidare med «demokratiseringa». Det er ikkje så viktig at den reflekterer teologiske prinsipp like godt som politiske.

Ein førebels konklusjon er at anten bør det vesle vi har att av opposisjon i kyrkja organisera seg i «lister», motviljug, sjølvsagt, eller dei kan gje opp alt av engasjement over lokalnivået. Der vert nemleg innsatsen heia på.

Egil Morland