Frå Edinburgh til verdas ende: Utviklingstrekk i fortolkinga av kyrkjas misjonsoppdrag, 1910-2010, i lys av to talar

`Joar Haga og Bård Norheim

Denne artikkelen samanliknar to talar av sentrale, norske kyrkjeleiarar og diskuterer deira misjonsteologiske implikasjonar, nemleg NMS-generalsekretær Lars Dahle sin tale på Edinburgh-konferansen i 1910 og KV-generalsekretær Olav Fykse Tveit sin tale på konferansen i Cape Town i 2010. Ved hjelp av ein fokusert, retorisk analyse av dei to talane og ei samanliknande drøfting av den implisitte og eksplisitte misjonsteologien dei to talane formidlar, ønskjer vi å bidra til å avdekkja nokre viktige utviklingstrekk i korleis kyrkjas misjonsoppdrag har blitt og blir forstått. Der Dahle gir praktiske råd om korleis kristne misjonærar skal opptre klokt og ansvarleg i møte med heidenske myndigheiter, så understrekar Fykse Tveit at kyrkja først og fremst er eit instrument for å skapa fred og forsoning.

Les artikkelen her: https://journals.mf.no/ntm/article/view/5459/4465