Frå gjest til med-arbeidar. Feltarbeid i eigen kultur i eit framand land

Av Astrid Øien Halsnes, NLA Høgskolen og Erik Goth Småland, Høyskolen Kristiania.

Artikkelen er publisert i den vitenskapelige antologien "Fra barnehage til voksenliv. Utdanning, didaktikk og verdi" publisert på Novus forlag, 2020.

Samandrag

I ei tid prega av migrasjon kan vi ofte lese om dei utfordringane annleisheit fører med seg. Men også det å arbeide i andre kontekstar enn dei ein kjenner frå før kan opplevast som krevjande. For norske pedagogar som kjem som arbeidande gjester kan også den framande kulturen representere ei utfordring i seg sjølv. Kvart år reiser norske pedagogar til land i Afrika og Asia for erfaringsutveksling og samarbeid. Dette er utgangspunktet for denne studien av møte mellom norske og nepalske lærarutdannarar, og refleksjonen over kva som skal til for å kunne forstå og anerkjenne kvarandre som samarbeidspartnarar og medarbeidarar. Studien byggjer på 12 år med erfaring, eigne notat og utvalt litteratur som omhandlar anerkjenning og forståing. Artikkelen skildrar utfordringane samarbeid med ein annan kultur kan føre med seg, og opplevinga av å vere ein gjest som ikkje høyrer til. Men det er rettleiing, kulturmøte, anerkjenning og forståing som står sentralt i artikkelen. På fleire vis har dette vore eit feltarbeid i eigen kultur i eit framand land.

Nøkkelomgrep: rettleiing, kulturmøte, anerkjenne, forstå, fenomenologi