Mikrohistorie som kunnskaps- og læringsarena
(Trykt i boka Nye spadestikk i samfinnfagdidaktikken, red K. Børhaug, O.R. Hunnes og Å. Samnøy)
Artikkelen slår eit slag for såkalla mikrohistorie. Det er ei retning som i mangt minner om den tradisjonelle lokalhistoria. Skilnaden går primært på at mikrohistoria i endå større grad fokuserer på dei minste einingane i samfunnet, som enkeltpersonar, bedrifter, mindre stader o.s.b. I den mikrohistoriske tradisjonen har mykje av interessa også krinsa om avviket, det unormale, kort sagt det som bryt med etablerte sanningar og teoriar. Den nye læreplanen for grunnskulen har blikket retta mot kjerneelement, overgripande tema og «runde» læringsutbyte. Dermed står læraren mykje friare enn før til å velja lærestoff. Teknologi blir løfta fram som eit viktig emneområde i læreplanen. For å visa kva endringskraft som ligg i denne faktoren er historia til Stavanger Electro Stålverk på Jørpeland (etablert i 1910) skissert i grove trekk. Med si mikrohistoriske innretning viser artikkelen «teknologi i virksomhet» med alt som det rømer av faglege, pedagogiske og didaktiske moglegheiter.