Non-verbal samhandlingskompetanse i munnleg forteljarkunst
Artikkelen er publisert i den vitenskapelige antologien "Fra barnehage til voksenliv. Utdanning, didaktikk og verdi" publisert på Novus forlag, 2020.
Samandrag
Artikkelen utforskar verdien av non-verbal samhandlingskompetanse, og munnleg forteljarkunst som ein veg inn til denne. Læreplanverket til kunnskapsløftet føreset arbeid med munnleg ferdigheit, både formidling, lytting og forståing. I møtet mellom forteljar og tilhøyrarar skjer det ein interaksjon mellom forteljar, forteljing og tilhøyrar, der verbal og non-verbal formidling og lytting står sentralt. I denne artikkelen vert dette møtet belyst med følgjande problemstilling: Korleis kan ungdomar gjennom kurs i munnleg forteljing erfara og utvikla non-verbal samhandlingskompetanse? Artikkelen byggjer på intervju med fleirkulturelle elevar på niande trinn som er erfarne lyttarar, og som har teke del i eit forteljarkurs. Rundt 70 elevar deltok på kurset, og studien følgjer seks elevar, som er intervjua i etterkant, både om kurset, og om tidlegare erfaringar med lytting til forteljing. Funn er analysert og drøfta i lys av sosiokulturell teori, og teori om munnleg forteljing, munnleg ferdigheit, retorikk og multimodalitet. Sentrale funn syner at elevane har eit medvit om munnleg forteljing som ein multimodal aktivitet, der non-verbale og verbale modalitetar utfyller kvarandre, og der forteljaren gjennom bruken av dei ulike modalitetane har ansvar for tilhøyraren si oppleving. På denne måten erfarer og utviklar elevane samhandlingskompetanse, gjennom arbeidet med den munnlege forteljinga.
Nøkkelord: Non-verbal samhandlingskompetanse, forteljarkunst, ungdom