Utforskande sjølvdialog
Wenche Langeland og Sæbjørg Hageberg Kjeka
(Publisert i antologien Estetiske arbeidsmåter i KRLE-faget, red. K. Larsen og S.J.Kristiansen)
KRLE-faget er eit sentralt fag for å forstå seg sjølv, andre og verda omkring seg. I denne artikkelen ligg hovudvekta på det første leddet - å forstå seg sjølv. Gjennom utforskande sjølvdialog kan elevane få hjelp til å reflektera omkring eigne tankar og meiningar og utvikla si personlege stemme.