E-bøker
NLA Høgskolen abonnerer på e-bøker gjennom databasen EBSCO eBook Collection. Basen er tverrfagleg og inneheld ca. 160 000 bøker i fulltekst. Alle har tilgang til å søke i denne databasen når ein er på NLA si IP-adresse, men om du vil laste ned bøker må du opprette ein konto og få ditt eige brukarnamn og passord. Då får du også tilgang til databasen uavhengig av kvar du er. Personleg konto må opprettast medan du er på NLA si IP-adresse. Kontoen gir også tilgang til dei andre databasane vi abonnerer på gjennom EBSCO. For å kunne lese e-bøker på PC må ein laste ned Adobe Digital Editions. Programmet er gratis og kan lastast ned her. Chrome for IOS vil ikke alltid klare å åpne e-bok-filene, så vi anbefaler å bruke en annen nettleser som Safari eller Firefox.
EBCSO tilbyr også ein app, som gjer at du kan søke og laste ned bøker direkte på mobiltelefon eller nettbrett, uansett kvar du er. Appen heiter EBSCO eBooks og kan lastast ned gratis i Google Play eller iTunes. Her finn du ein introduksjon til korleis appen fungerer. På iPad kan ein også bruke Bluefire Reader til å lese e-bøker, som eit alternativ til appen.
Uavhengig av om du brukar PC, nettbrett eller mobiltelefon, må du ha ein Adobe ID for å kunne bruke dei forskjellige programma. Den kan du enkelt opprette når programmet ber om det.
E-bøker steg-for-steg
- Opprett personleg konto hos EBSCO
- Last ned EBSCO Ebooks-appen eller Bluefire Reader til mobil/nettbrett, eller Adobe Digital Editions til PC. Når du blir bedt om å logge inn med Adobe ID kan du enkelt lage denne ved å fylle inn namn, e-post og passord.
- Då er det klart for nedlasting av e-bøker, via søk i nettleser eller direkte på appen.
Lånetida på e-bøkene er vanlegvis fire veker. Etter den tida vil boka bli utilgjengeleg.
Rettleiingsvideoar: Søke og lese i e-bøker , laste ned e-bøker og bruke EBSCO eBooks-appen