Personvernhensyn i prosjektet

Her kan du lese meir om personvern i prosjektet «Utforskande arbeidsmetodar i tilknyting til uteskule»

Utdjupande om personvern
– korleis vi oppbevarer og brukar opplysingane dine 

  • Prosjektgruppa ved NLA høgskolen, opp til fem tilknytte masterstudentar ved lærarutdanninga på NLA samt elevane sin eigen lærar vil ha tilgang til videomaterialet
  • Videomaterialet vert lagra på sikra server for forskingsdata ved NLA høgskolen
  • Deltakarane vil ikkje kunne gjenkjennast i det vi publiserar ut frå forskingsprosjektet

Kva gjev oss rett til å behandle personopplysingar om deg? 

Vi behandlar opplysingar om deg/ditt barn fordi prosjektet har blitt vurdert å være i allmenta si interesse.

På oppdrag frå NLA høgskolen har personverntenestene ved Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør, vurdert at behandlinga av personopplysingar i dette prosjektet vil skje i samsvar med personvernregelverket. 

Rettane dine

Så lenge du/ditt barn kan identifiserast i datamaterialet, har du rett til: 

  • å be om innsyn i og protestere mot kva opplysingar vi behandlar om deg/barnet,
  • å få retta opplysingar om deg/barnet som er feil eller misvisande, 
  • å få sletta personopplysingar om deg/barnet, 
  • å sende klage til Datatilsynet om behandlinga av personopplysingane til deg/ditt barn. 

Vi vil gje deg ei grunngjeving dersom vi meiner at du/barnet ikkje kan identifiserast, eller at rettane ikkje kan utøvast. 

Kva skjer med personopplysingane dine når vi avsluttar forskingsprosjektet?  

Prosjektet skal etter planen avsluttast 31.12.2030. Opplysingane vil då bli sletta.

Spørsmål  

Dersom du har spørsmål eller vil utøve rettane dine, ta kontakt med prosjektansvarleg:

Johannes Sæleset, førsteamanuensis NLA Høgskolen
johannes.saeleset@nla.no
Tlf: 90 14 96 86

Eller personvernombodet vårt:
Inger-Johanne Gamlem Njau
personvernombud@nla.no
Tlf: 55 54 07 49

Dersom du har spørsmål knytt til vurderinga frå Sikt sine personverntenester, kan du ta kontakt på e-post: personverntjenester@sikt.no, eller på telefon: 73 98 40 40.