Oppslagstavle

J. Skartveit, F. Grímsson and T. Wappler: "Bibionidae (Insecta, Diptera) from the late Miocene of Hrutagíl (Mókollsdalur), Iceland"

J. Skartveit, F. Grímsson and T. Wappler (2017): Bibionidae (Insecta, Diptera) from the late Miocene of Hrutagíl (Mókollsdalur), Iceland. Paläontologische Zeitschrift.91: 195-205.

Island er ei geologisk svært ny øy og det finst ikkje særleg ganle bergartar på øya. På bakgrunn av dette er det overraskande at Island faktisk har fleire viktige fossil-funnstader. Denne artikkelen tek for seg hårmygg (Bibionidae) frå Mókollsdalur-formasjonen på det nordvestlege Island. Denne formasjonen er frå sein Miocen-tid, det vil seia frå omtrent 9 millionar år sidan. Materialet av hårmygg viste seg å innehalda restar av tre artar av hårmygg, men berre ein av dei var godt nok bevart til å bli beskriven og få eit namn. Denne har me kalt Bibio edda, med ein namn som viser til noko gammelt frå Island. Dette materialet gjev eit sjeldent høve til å seia noko om dyrelivet på ei oseanisk øy (har aldri hatt kontakt med noko fastland) i fortida – fossilfunn frå slike øyar er nokså sjeldne. Hårmyggane tyder på eit klima som er litt varmare enn det som er på Island i dag.

 
Utløper: 28.06.2020 14:05
Innlagt av: Monica.Furstenberg@NLA.no 07.07.2017


« Tilbake