Vidareutdanning for tilsette og leiarar i PPT

No kan tilsette og leiarar i PP-tjenesta søke på vidareutdanningstilbod med studiestart høsten 2016.

Bok_og_briller_2.jpg

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet tilbyr NLA Høgskolen i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane kompetansegjevande vidareutdanning gjennom kompetanseløftet – SEVU-PPT. Tilbodet inneheld to modular på 15 stp kvar, og går over til saman eitt studieår. Hausten 2016 tar vi til med andre kullet.

De kan søkje om plass gjennom Utdanningsdirektoratet. Søk innan 15.april 2016.
 
Tilbodet er samlingsbasert med tre samlingar på til saman sju dagar kvart semester og nettbasert rettleiing mellom samlingane. Samlingane vert gjennomført i Bergen. Dersom det vert mange deltakarar frå Rogaland, vil vi vurdere å leggje til rette for samlingar i Stavanger parallelt. Konkret informasjon om studiet finn de her.

Inneverande år vert studiet gjennomført med deltakarar frå alle dei tre Vestlandsfylka. Opplegget synast i stor grad å innfri forventningane. Studentane seier mellom anna: 

• Gode, relevante forelesingar – engasjerte forelesarar!
• God blanding av forelesing og oppgåveskriving. God oppfølging.
• God organisering av studiet.
• Inspirasjon til eigenrefleksjon og kritisk blikk på eigen organisasjon.
• Lærerikt med innsyn i andre sine prosjekt.
• Spennande gruppe med mykje erfaring!

Vi vonar difor vi har gode erfaringar å bygge på når vi skal gå i gang med neste kull, og ser fram til å møte mange dyktige PPT-medarbeidarar også hausten 2016!
 
Har de spørsmål, ta kontakt med fagansvarlege Marit Mjøs (mmj@nla.no) eller Marit Irene Uglum (marit.irene.uglum@hisf.no)

Av Marie Furhovden - Publisert 16.03.2016. Oppdatert 18.03.2016

4 siste nyheter:
Ny lærerutdanning i Oslo
NLA Høgskolen starter opp ny grunnskolelærerutdanning i Oslo...
Slik påvirker sykkel-VM NLA
Fra 16. til 24. september arrangeres sykkel-VM i Bergen. Dette...
God økning for NLA Høgskolen
Nye tall fra Samordna Opptak viser en samlet økning på 12,8%...
Fra journaliststudent til visedirektør
Viseadministrerende direktør i medieanaylsebyrået Retriever,...