Videreutdanning for PP-tjenesten

Videreutd_PPT-flyer_bilde_Page_1.jpg

Strategi for etter- og vidareutdanning for PPT 2013-2018 (SEVU-PPT)

Vidareutdanning i organisasjonsutvikling og endringsarbeid.

NLA Høgskolen tilbyr i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet kompetansegjevande vidareutdanning i organisasjonsutvikling og endringsarbeid for tilsette i PPT. Slik vert dette tilbodet like tilgjengeleg for PP-tenesta i Vest-Norge som i dei andre landsdelane.  Informasjon om heile studiet finn du i studiekatalogen.

Vidareutdanninga er samlingsbasert med 3 samlingar på til saman 7 dagar i kvart semester. Samlingane vert lagt til Bergen – Sandviken. Mellom samlingane vert det gitt nettbasert rettleiing knytt til oppgåver på eigen arbeidsplass.

Vidareutdanningstilbodet er på til saman 30 stp fordelt på to modular:

Modul 1: Organisasjonsutvikling og innovasjon i barnehage og skole vert gjennomført i haustsemesteret.

Samlingar hausten 2017 vert:

  • 30. august - 1. september (tre dagar)
  • 4.-5. oktober (to dagar) og
  • 15.-1. november (to dagar).

Modul 2: Utviklingsarbeid, endringsprosessar og implementering vert gjennomført i vårsemesteret.
Samlingane våren 2018 vert:

  • 6.-8. februar (tre dagar)
  • 20.-21. mars (to dagar) og
  • 2.-3. mai (to dagar).

Vi har sett at PP-tenesta er opptekne av endringsarbeid med sikte på meir systemretta samarbeid med barnehagar og skolar, og mange har difor nytta denne sjansen til å forankre endringsprosessane sine i teori og lære av kvarandre på tvers av kommunar / fylkeskommunar. Til no har 30 PPT-medarbeidarar frå til saman 13 ulike kommunar i dei tre Vestlandsfylka teke del i studiet her i Vest-Noreg. Hausten 2017 går vi inn i siste året med strategien SEVU-PPT.

Eventuelle spørsmål kan rettast til fagansvarleg Marit Mjøs ved NLA Høgskolen (mmj@nla.no) og Marit Irene Uglum ved Høgskulen på Vestlandet (marit.irene.uglum@hvl.no).