Musikkutdanninga var ein god muligheit til å knytte kontakter

Marie Løvås begynte på låtskriving på NLA Høgskolen i Staffeldtsgate. Hun fortsatte med en bachelor i utøvende rytmisk musikk og tar i dag en master i musikkterapi på NMH, samtidig som hun arbeider som frilanser.

Hva motiverte deg til å begynne på låtskriving og deretter ta en bachelor i utøvende rytmisk musikk? Og hvorfor valgte du NLA Høgskolen i Staffeldtsgate?

Motivasjonen for å søke musikk var å få bruke kvardagen til å gjere musikk saman med andre som ville det same. Å studere musikk over fleire år gav meg rom til å vokse. Det trengte eg, heh. Eg valgte NLA Høgskulen fordi dei hadde låtskrivingsfag, og eg ville gjerne bruke eit år på å ha det som fokus. Eit år blei til tre, og det gikk veldig fort. I tillegg så kvalifiserte studiet meg til å komme inn på videreutdanninga på NMH i musikk og helse, og lar meg ta ein master i musikkterapi. Å ha brukt tre år på å utvikle musikalske ferdigheiter ser eg veldig verdien av i det arbeidet.

Hva er det beste med å jobbe som musiker?

Det beste med å jobbe som musikar er dei vennskapa som oppstår når ein speler saman med folk over tid. I tillegg er ein heldig som kan få formidle greier ein har tenkt på og at andre tek det imot og gjer det til sitt, og at det liksom er heilt naturleg. Det er rart og fint. 

Hvordan har du fått nytte av utdanningen din i arbeidslivet?

I løpet av studiet på Staffeldts har eg møtt dei fleste av dei eg speler med fast idag, så utdanninga kan vere ein god muligheit til å knytte kontakter. I tillegg har eg hatt godt av å kjenne på korleis det er å ha fridom til å legge opp dagen min sjølv, ettersom eigenøving er ein stor del av studiet. Fleire av lærerane mine, spesielt dei eg har hatt i hovedinstrument har lært meg mykje eg har med med vidare no. Ein har fått ein pose med erfaringar og stemmeøvingar som er gull å ha med seg vidare. I tillegg har medstudentane mine inspirert meg veldig mykje. Å møte folk med ulik musikalsk bakgrunn har heilt klart verka inn på min musikk.

Har du noen spesielle minner fra studietiden din på høgskolen?

Eg har mange minner, men det eg vil huske mest er kor fint det var å gå litt sliten ut av øvingsrommet for å så møte på medstudentar i gangen. Alle var litt i same boble. Eg vil også huske på interpretasjon-timane med John Børge og inspirerande timar med dei ulike songlærarane eg har hatt. 

Hvilke tips vil du komme med til nyutdannede studenter?

Får du knekken, mister trua og tenker du heller burde bli psykolog eller økonom: Ta ein pause, kjøp en kaffe og ring en venn (mamma).