NLA Høgskolens imponerande reise

Utdrag av Knut Arild Hareide sin tale til NLA Høgskolens 50-årsjubileum i Grieghallen 15. september

Frå leigde lokale i Bergen, til eigne og store lokalar i Oslo, Bergen og Kristiansand. Frå dei 56 studentane i 1968 til dei 2500 studentane i dag. Frå ein stab på 10 til dagens 250. Den reisa NLA har hatt, er ikkje noko anna enn imponerande! På vegne av Det norske Storting vil eg få gratulere så mykje med 50-årsjubileet!

Det bles også ein politisk storm og mediestorm - då den staute og rakrygga vestlendingen Kjell Bondevik godkjende NLA i åra rundt 1968. Han let seg ikkje blese overende i stormen - og sjølv han kunne bli «djupt såra og vonbroten», var forholdet til Lærarakademiet prega av det motsette.

Sidan den gongen har partiet mitt følgd utviklinga på NLA med stor interesse. Alle mine forgjengarar, Kjell Magne Bondevik, Jon Lilletun og Dagfinn Høybråten, har engasjert seg kraftig når Lærarakademiet kjende seg pressa eller oversett i budsjettsamanheng.                 

Det går ei munnleg utsegn frå Dagfinn Høybråten si tid som partileiar. SV i Kunnskapsdepartementet hadde skore ned på løyvingane til nokre av dei private, kristne høgskulane. Saka enda til slutt på statsminister Jens Stoltenbergs bord, der følgjande samtale skal ha funne stad:

Høybråten forlanga at løyvingane til Lærarakademiet kom på plass igjen, og Stoltenberg spurte han: «Ja, men er det er Lærarakademiet så viktig? Høybråten svara: «JA, Lærarakademiet ER viktig!»

Kvifor er Lærerakademiet viktig?

Lærarakademiet har på mange måtar vore eit flaggskip i Friskule-Norge. Mange dyktige lærarar har fronta friskuleidealet med stor tyngde. Det er nok å nemne namn som Ole Øystese, Toralf Tveiten og Bjarne Kvam.

Det er viktig at det statlege skulesystemet har nokon å bryne seg på; nokon som kan utfordre på ein positiv måte. På den måten veit vi at også dei statlege institusjonane blir betre. Og like viktig: Det er ein viktig del av foreldreretten at det finst frie skular som kan vere alternativ i forhold til dei statlege skulane på ulike nivå.

Ikkje berre det, men NLA Høgskolen har også vore nyskapande og leia an i utviklinga på mange måtar dei siste femti åra. Eg har sjølv arbeida i Utdanningsdepartementet med høgre utdanning.

NLA er anerkjent for sitt arbeid. Ryktet NLA hadde i departementet var å vera ein særs kompetent og dyktig utdanningsog forskingsinstituasjon. Det er viktig for ein privat, kristen høgskole som NLA å våge å tenka nytt. Det har vore eit kjennemerke ved NLA. Men samstundes har høgskolen stått stødig fast på det idégrunnlaget institusjonen blei stifta på.

Høgskolen har vist verdiane sine med å vere aktuell og utfordre si samtid. Det har prega NLA gjennom 50 år - det må fortsatt vere NLAs framtid.

Så gler eg meg over at NLA denne hausten har starta opp lærarutdanning i Oslo. Den siste kristne lærarskolen lå jo nettopp i Oslo. Den blei overtatt av staten i 1946/47. No er ringen på sett og vis slutta.

Og oppsummert vil eg seie NLA er ein særs kompetent institusjon - som står fast på sine gode verdiar inn i ei ny tid! Det er derfor ei glede for meg å vere her i kveld, og feire NLA Høgskolen som bygger på eit kristent fundament.