NLA-student stiller til val i NSO

Henriette Seim er på siste semester av ei bachelorgrad i økonomi og administrasjon på NLA og no stiller ho til val i Norsk studentorganisasjon (NSO).

- Eg ønsker å bruke tida, og stemma mi på å representere norske studentar det komande året. Dette fordi eg føler eg har meir å bidra med enn eg har fått utløp for gjennom tida mi som organisatorisk nestleiar i studentparlamentet ved NLA Høgskulen. Eg sit også i læringsmiljøpolitiskkomité for Norsk Studentorganisasjon, og har lært mykje gjennom året som har gått, seier Seim.

Lik rett til utdanning

Henriette Seim står til val som likestillings- og velferdsansvarleg og det er nettopp lik rett til utdanning og studentars velferd som engasjerer mest.

- Det er viktig å sikre lik rett til utdanning utan at det skal koste meir for studenten. SHoT-undersøkinga visar at ikkje alle har det heilt bra i kvardagen, dette vil eg vere med å påverke nasjonalt, seier ho.

Koronasituasjonen har gjort at landsmøtet i NSO er utsett på ubestemt tid, men det vil bli gjennomført ekstraordinært landsmøte lørdag 18.april.

Etikkfag i utdanningen

Økonomistudentane på NLA har eit fag kalla Identitet og danning der dei mellom anna skal lære å reflektere over spørsmål om seg skjølv.

-Det er spørsmål det kan vere lurt å ha tenkt i gjennom før ein går i møte med næringslivet. Eg skriv bacheloroppgåva mi om folkefinansiering, som vil vere veldig relevant. Folkefinansiering handlar om felles dugnad, som jo Norsk Studentorganisasjon i bunn og grunn er.  

Mindre studentmiljø
-Studiemiljøet har vore lite, som er både positivt og negativt. For meg har det vore enkelt å finne vener og studiepartnera, dette er kanskje ikkje like lett for alle. Vi har oppretta linjeforening, slik at alle skal ha ein sosial og faglig arena å kome til. Det har vore kort vei mellom student og forelesar, noko som har vore veldig bra, forteller Henriette Seim.

Les meir om Henriette Seim her