Minneord Trygve Bergem

Professor Trygve Bergem døydde 25. januar etter fleire år med alvorleg sjukdom.

Professor Trygve Bergem døydde 25. januar etter fleire år med alvorleg sjukdom. Trygve vart fødd på Kyrksæterøra i 1938. Han tok lærarutdanning i 1960 og held fram med studiar i pedagogikk til embetseksamen i 1968. I desse åra var han innom arbeid på Danvik Folkehøgskule, Oslo off. lærarskule og i Universitetsforlaget. Frå 1969 til 1975 var Trygve amanuensis ved Pedagogisk Forskingsinstitutt på universitetet i Oslo. Her fekk han kontakt med krinsen kring IKO, vart fasinert av Reidar Myhre sin pedagogiske filosofi og ein periode var han saman med Oddbjørn Evenshaug redaksjonssekretær for tidsskriftet Prismet.

Det var såleis ein røynd skulemann som fekk kall til å starta opp pedagogikkstudiet ved Norsk Lærerakademi i 1976, saman med Toralf Tveiten, Nils Magnar Grendstad og Arne Norborg. Her fekk han si livsgjerning fram til 2005. Trygve fekk ansvaret for det store didaktikkfeltet og saman med Toralf Tveiten fekk dei forskingsmidlar til evalueringa av mønsterplanen frå 1974; Mønsterplanen -  intensjoner og realiteter (MIR-prosjektet). Her følgde ei rekke rapportar fram til 1989. Desse sette NLA på den nasjonale forskingsarenaen og gav på fleire vis grunnlaget for oppstart av hovudfag i pedagogikk ved NLA i 1982.

I denne perioden fekk også Trygve ei ekstra arbeidsoppgåve som rektor på NLA frå 01.08.81 til 01.01.84.

Utover på 1980 talet arbeidde Trygve vidare med eit forskingsområdet som han lenge hadde hatt stor interesse for: etikk og moral. I 1986 la han fram skisse til prosjektet Læreres yrkesetiske holdninger (LYH). Gjennom dette prosjektet fekk han samla forskingsinteressa si om samanhengen mellom lærarar si tenking og deira åtferd, lærarutdanning, verdival og danning i skulen. Han fekk viktige internasjonale kontaktar m.a gjennom  The European Association for Research on Learning and Instruction (EARLI). Trygve vart ein pioner i arbeidet med yrkesetiske spørsmål, ikkje berre i Noreg, men i heile Norden. Han vart professor i 1994.

Det er særleg to arbeid som har gjort Trygve kjent i vide skulekrinsar. Det er doktorgradsarbeidet hans; Tjener - aldri herre. Om lærerutdanning og yrkesetiske holdninger, eit arbeid som vart eit grunnlagsdokument då NLA starta lærarutdanning i 1996. Dinest læreboka; Læreren i etikkens motlys frå 1998. Denne er i dag pensum ved ei rekke høgre utdanningsinstitusjonar  og omsett m.a. til svensk og dansk. I det heile har Trygve publisert meir enn 200 arbeid nasjonalt og internasjonalt i bøker, artiklar, forskingsrapportar m.v.

Då Trygve gjekk av med pensjon i 2005 held han fram med sitt engasjement for skule og kyrkje. Han vart styreleiar i Kristen Pedagogisk Forbund (KPF) og skreiv her ei rekke artiklar i KPF kontakten og hadde frå 2002 tatt del i det landsdekkande prosjektet Skal – skal ikke. Dette resulterte i 28 lokale prosjekt kringom i landet.  Slik fekk han formidla summen av livsgjerninga si til grasrota i skulen.

Det kyrkjelege engasjementet tok han ut som leiar i Bergen Kirkelige Fellesråd frå 1997 til 2005.                                                                                                                                                                                                                                                                                                              Mykje kan seiast om Trygve Bergem sitt faglege arbeid, men det er som kollega og lærar ved NLA vi no lyfter fram minnet. Trygve var roleg og sindig. Smilet låg på lur når han etter å ha lytta til ein samtale, kjem med sin velvalde replikk. Mange studentar vil tenkja med takk på  førelesingar, seminar og rettleiing dei fekk frå Trygve, særleg dei mange studentane han involverte i forskinga si, og som fekk hovudfag og tilskunding til vidare forsking.

Våre tankar går no til familien, til Kari, dei fire barna og ti barnebarna som sit att med sorg etter ein god og kjærleg ektemann, far og bestefar. Takk til Trygve Bergem som med sin person og sitt virke bidrog til å lyfta NLA inn i det norske skule- og høgskulelandskapet.

Vi lyser fred over Trygve Bergem sitt minne.

Bjarne Kvam og Kristian Helland