- Menneskemøta på «Gjermund tøffel-tour» har vore noko av det beste!

I sommar realiserte Gjermund Eide Bratberg ein av dei mange draumane sine då han gjekk Noreg på tvers - i tøflar!

Dersom du køyrde langs E16 i sommar, registrerte du kanskje ein ung mann som labba rundt i bestefars-tøflar? I så fall var det mest truleg Gjermund Eide Bratberg du såg, som brukte store delar av sommarferien sin på å gå frå Bergen til Oslo. Årsaka var rett og slett eit lite bistandsprosjekt; han ville samle inn pengar til krisehjelp til menneske i Mongolia, samtidig som han realiserte ein draum om å gå Noreg på tvers.

– Det er viktig med draumar for å utvikle meining med livet, uttrykkjer Bratberg smilande. Vi treffer han i Salem i Bergen, der han nettopp har blitt introdusert for interkulturelle studium ved NLA Høgskolen – studiet han har valt å fordjupe seg i det komande året. Tøffelentusiasten er opphavleg frå Steinkjer kommune i Trøndelag og har lagt bak seg to år på Nordhordland folkehøgskole, det siste året som stipendiat.

Bratberg fortel at årsaka til engasjementet hans rett og slett kjem via familien til ein kamerat som har vore med på å starte opp ein tøffelfabrikk i byen Darkhan i Mongolia, med ein klar visjon om at den beste løysinga for å kjempe mot fattigdom er å få folk i arbeid. Tøflane blir designa på Osterøy utanfor Bergen og er eit eldre design.

– Trass i at mange er vaksinerte i Darkhan, er det likevel ein stor del av menneska som blir sjuke og mange som ikkje har råd til å teste seg, fortel studenten. Dermed blei det fødd ein idé om å teste tøflane, ikkje berre til postkassen utanfor huset, men faktisk heilt til Oslo. Innsamlinga gjekk gjennom innsamlingsaksjonen Spleis, og då Bratberg avslutta turen, hadde det tikka inn over 130 000 kroner.

image00016.jpeg
DEN BESTE FERIEN NOKOSINNE!

Beste ferien!

Noko av det beste med turen har vore møta med nye og ukjende menneske, fortel Bratberg entusiastisk. Og å møte menneske er han glad i, noko sommarferien i fjor er eit godt bevis på. Då bestemte studenten seg for å besøkje alle han hadde gått på folkehøgskule med, og kom til heile 130 tidlegare medstudentar etter 45 dagar på tur.

– Eg fekk kombinere «van-livet» og draumen om eit ordentleg avskil med alle eg hadde gått på skule med. Det er den beste ferien eg har hatt nokosinne!

Kontrastar

Vi lurer litt på korleis det eigentleg har vore å gå med tøflar over varierande og sikkert krevjande fjellovergangar, og tøffelentusiasten fortel at det heile gjekk overraskande fint. Det var ikkje få gonger han møtte på nokon over fjellet i fullt sportsutstyr som sjølvsagt noko forundra kommenterte tøflane hans. Det var også eit par myrar ved Voss som var litt utfordrande, kombinert med litt dårleg retningssans, men i det store og heile gjekk det over all forventning. Dei aller fleste nettene sov han i telt, og berre eit par av dei sov han på hotell.

image00008.jpeg
DEI FLESTE NETTENE SOV GJERMUND I TELT.

– Det gav meg mange fine kontrastar. Men du veit, som ein seier i Flåklypa, når du har tøflane på, så er du heime, så eg følte meg heime heile tida, ler han godt. Undervegs la Bratberg ut reisa si på sosiale medium, og kameraten hadde dialog med lokalaviser, som resulterte i fleire lokale oppslag.

Nådde målet

Etter 23 dagar nådde han målet sitt og seier det var legendarisk å kome fram.

– Det var rart å kome opp ved kongehuset der det stod nærare 50 vener og kjende og tok imot meg.

– Målet er nådd, konstaterer Bratberg nøgd og siktar til både turen og pengane som er samla inn, samtidig som han smiler lurt og fortel at han er allereie er i gang med nye spennande prosjekt.

image00011.jpeg
VENER OG KJENDE TOK IMOT GJERMUND I OSLO.