No kan elevar og studentar søke om straumstipend

På grunn av høge straumprisar i vinter er det vedtatt at elevar/studentar som er 18 år eller eldre kan få utbetalte eit straumstipend på 3000 kroner.

Straumstipendet gjeld både elevar/studentar i Noreg, og i utlandet som har betalt for straum i vårsemesteret 2022. Dei må søke for å få stipendet, og det blir berre utbetalt ein gong. Dei som har rett til å søke om straumstipendet har no fått ein e-post frå Lånekassen med informasjon, fristen for å søke om straumstipend er 15. juni 2022. Elevane/studentane søker om straumstipendet via Dine sider.

 Kor mykje straumrekningane har auka har inga tyding, og det er heller ikkje eit krav at elevane/studentane må ha betalt straum for heile perioden 16. januar til 15. juni 2022. Straumstipendet gjeld også for deltidsstudentar, men ikkje for elevar som går på folkehøgskole.

 For å ha rett til stipendet må elevane/studentane oppfylle tre vilkår: 

  • betale straum i tillegg til husleige
  • kunne dokumentere straumutgifter heile, eller delar av perioden 16. januar 2022 til 15. juni 2022
  • vere bortebuar

Elevane/studentane kan på eit seinare tidspunkt bli bedt om å dokumentere straumutgifter for våren 2022 til Lånekassen.

Les meir om straumstipendet på Lånekassens nettsider

Unntak for inntektsgrense for enkelte grupper 

Studentar som jobbar i enkelte sektorar, kan tene over Lånekassens inntektsgrense utan å miste stipendet. 

 På grunn av eit ekstra behov for ekstra arbeidskraft under koronapandemien, blei det innført unntak for inntektsgrense for alt arbeid i helse- og omsorgssektoren frå mars 2020. Dette er no vidareført ut 2022. I tillegg får også studentar som jobbar innanfor barnehage- og skolesektoren unntak for inntektsgrensa ut 2022. 

Studentane må dokumentere arbeidet med lønnsslippar som viser:

  • at dei har utført arbeid innanfor helse- og omsorgssektoren, eller barnehage- og skolesektoren
  • inntekta i perioden

Unntak for inntektsgrense for arbeid i beredskapsarbeid, Heimevernet, politiet og sivilforsvaret var gjeldande frå 1. mars 2020 til 31. desember 2021. Dette er ikkje vidareført i 2022.

Les meir om unntaka frå inntektsgrensa på Lånekassens nettsider

Ekstra betalingsutsettingar  

Alle som har lån i Lånekassen, kan til saman utsette betalinga 36 gonger utan å oppgi ein grunn. Under koronapandemien har alle fått ekstra utsettingar. 

No er det vedtatt at elevar/studentar i Lånekassen får ekstra betalingsutsettingar i heile 2022, det vil seie at dei ikkje bruker av dei 36 vanlege utsettingane. Dei ekstra utsettingane gjeld for rekningar med betalingsfrist i perioden mars 2020, til desember 2022. Viss ein elev/student har søkt, eller kjem til å søke om betalingsutsetting i dette tidsrommet, vil han ikkje bruke av sine 36 ordinære utsettingar.

Elevar/studentar som treng betalingsutsettingar må søke på Dine sider for å få det. Når ein utset betalinga, blir nedbetalingstida forlenga og rentekostnadene vil auke. 

Elevar/studentar som kan søke om betalingsutsetting har fått ein e-post med informasjon om dette frå Lånekassen.

Les meir om betalingsutsettingar på Lånekassens nettsider