Navigering i ei ny medieverd
Bildetekst: Elin Stueland frå Jæren leiar KI-prosjekt i Stavanger Aftenblad.
Elin Stueland, opphavleg frå Jæren, har blitt lagd merke til i mediebransjen med sitt engasjement for digitalisering og kunstig intelligens (KI). Med ein bachelorgrad i journalistikk frå Gimlekollen Mediehøgskole (no NLA Høgskolen), har ho vore ein del av Stavanger Aftenblad sidan 2006 og har no innteke rolla som KI-prosjektleiar. I dette intervjuet deler Stueland sine erfaringar, syn på medieframtida og råd til unge som vurderer ein karriere innanfor journalistikk.
Korleis har overgangen frå studia til di noverande stilling vore?
– Eg byrja på Gimlekollen Mediehøgskole, der eg fekk eit solid fundament i journalistikk, med særleg vekt på etikk. Dette har alltid vore ein hjørnestein i arbeidet mitt, spesielt no i ei tid der det er så lett å produsere og spreie falsk informasjon. Etter fleire år med utvikling og digitalisering blei eg utpeikt til KI-prosjektleiar. Eg brenn for å gjere KI til eit nyttig verktøy for journalistar, noko som kan forbetre arbeidsprosessane våre.
Stueland fortel at ansvaret hennas er å innføre effektive KI-verktøy i redaksjonen og å utforske og finne nye måtar å bruke KI på for å formidle journalistikk.
– Dette inkluderer opplæring av kollegaene mine i KI-konsept og utvikling av produkt som kan effektivisere journalistiske oppgåver. Vi har mellom anna utvikla skreddarsydde GPT-ar som kan handtere spesifikke oppgåver, som å generere sitat og utføre språkvask. Eg ser på KI som ein assistent, ikkje som ei erstatning for den journalistiske rolla.
Stueland fortel at KI-arbeidet i Schibsted heiter AI Task Force, og dette samarbeidet har dei med redaksjonar både i Noreg og Sverige, inkludert VG, Aftonbladet og Svenska Dagbladet. Dette samarbeidet fungerer som ei plattform for erfaringsutveksling og diskusjon av utfordringar og løysingar. Det er alltid inspirerande å samarbeide med tidlegare medstudentar og kollegaer i det breie norske fellesskapet, legg ho til.
Kva ser du som dei største utfordringane journalistikken står overfor i dag?
– Tillit er ei av dei mest presserande utfordringane vi står overfor. I ei tid der det er så enkelt å skape falskt innhald, er vår rolle som etablerte og seriøse medieinstitusjonar viktigare enn nokosinne. Folk må vite kven vi er, og stole på at vi leverer innhald av høg kvalitet og innhald som er til å lite på. Vi kan skape engasjement, men det krev at publikum har tillit til oss.
Kva råd vil du gje til unge som vurderer ei utdanning innanfor journalistikk?
– Det viktigaste for meg er å vere ein aktør som utgjer ein forskjell, anten det er for enkeltmenneske eller samfunnet som heilskap. Journalistikk gjev deg moglegheita til å stille spørsmål og vere kreativ, og eg har fordjupa meg i teknologi og digitalisering av journalistikken. For meg er dette ein av dei mest spennande jobbane ein kan ha!