Lausanne 50 år: Global misjon vert markert i Seoul

I desse dagane går den fjerde Lausanne-kongressen av stabelen, femti år etter misjonskongressen i Lausanne i Sveits.

Foto Gjermund Øystese

Denne gongen er over 5000 delegatar samla i Incheon, Sør-Korea frå langt over 200 land i verda, den mest representative globale samlinga av misjonsleiarar – som også betyr mange kyrkjeleiarar – verda har sett.

Her er NLA representert med fire forskarar, til dels med aktive leiarroller i ulike delar av kongressen og Lausannerørsla. Over mange år har NLA vore med å yte forsking til Lausannerørsla sin teolog og strategi.

Under kongressen møter NLA òg representantar frå internasjonale universitet og høgskular som kan ha stor betydning for NLAs internasjonale samarbeid framover.

NLAs utsendte til Sør-Korea: Lars Dahle, Maria Njau, Rolf Kjøde og Margunn Serigstad Dahle.