VUPPT301 Organisasjonsutvikling og innovasjonsarbeid i barnehage og skole. Videreutdanning for PPT - modul 1
Alle versjoner:
VUPPT301 (2017—2018)
Emnekode: VUPPT301
Emnenavn: Organisasjonsutvikling og innovasjonsarbeid i barnehage og skole. Videreutdanning for PPT - modul 1
Undervisningssemester: Høst
Steder: Bergen
Studieår: 2017–2018
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 15 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Relevant utdanning på bachelornivå.
Relevans i studieprogrammet
Første del av eit 30 stp vidareutdanningstilbod - Organisasjonsutvikling og endringsarbeid, som er del av den nasjonale 5-årige satsinga SEVU-PPT (Strategi for etter- og vidareutdanning for PP-tenesta)
Innledning
Overordna mål er å styrke deltakarane sin kompetanse i organisasjonsutvikling og endringsarbeid i barnehage og skule.
- Deltakarane skal bli betre i stand til å analysere behovet for organisasjonsutvikling og tileigne seg kompetanse til å planlegge og gjennomføre endringsarbeid i samhandling med barnehage og skule.
- Deltakarane skal tileigne seg kunnskap om ulike teoretiske, metodiske og pedagogiske tilnærmingar som til saman bidreg til å forstå korleis, barnehage, skule og PP-teneste fungerer som organisasjonar, og korleis utviklingsprosessar kan gjennomførast.
Det vil vere søkelys på kva rolle PPT har, og kva dei kan bidra med inn i barnehage og skule. Med det som utgangspunkt vil studiet fokusere på utfordringar knytt til endringskraft og motstand mot endring, potensialet i tverrprofesjonelt / tverretatleg samarbeid, samt vedtaksprosessar på organisasjon, gruppe og individnivå. Vidare utvikle dugleik i å analysere og handtere struktur og kultur i organisasjonar.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten har Inngåande kunnskap om
- PP-tenestas rolle og funksjon, samt forsking knytt til PPT
- Relevante lover og forskrifter for PPT, barnehage, skule
- Prinsipp for god pedagogisk praksis i ordinær undervisning og spesialundervisning, og pedagogisk praksis i barnehagen
- PPT, barnehage og skule som organisasjonar
- Lærings- og endringsprosessar i organisasjonar
- PPT og systemretta arbeid / samarbeid
Dugleik:
Studenten
- Kan anvende kunnskap om organisasjonar og systemisk arbeid i endrings- og utviklingsarbeid i barnehage og skule
- Kan analysere og tolke relevante lover og forskrifter for barnehage og skule
- Kan identifisere, analysere og reflektere over faktorar som hemmar og fremjar læring og utvikling i organisasjonar
- Kan analysere og anvende prinsipp for god pedagogisk praksis i planlegginga av endrings- og utviklingsarbeid
- Kan vurdere og planlegge endrings- og utviklingsarbeid i eigen og andre organisasjonar
Generell kompetanse:
Studenten
- Kan anvende kunnskap og ferdigheiter til utforming av eigen rolle og funksjon som tilsett i PPT
- Kan analysere etiske problemstillingar knytt til utviklings- og endringsarbeid i barnehage og skule
- Kan kommunisere faglege og etiske utfordringar når det gjeld endring av pedagogisk praksis med barn / elevar, føresette og andre samarbeidspartnerar på ein respektfull måte
- Kan bidra til innovasjon i PPT, barnehage og skule med sikte på eit godt tilbod for heile mangfaldet av barn og unge
- Har utvikla eigen refleksjon knytt til dei dilemma som barnehage og skule må handtere når det gjeld utforming av tilbod for heile mangfaldet av barn og unge
Innhold
- Klargjering av personleg profesjonell ståstad i eigen organisasjon
- Fagleg handlingsrom innanfor relevante lover og forskrifter
- Systemretta arbeid i PP-tenesta
- Kjenneteikn ved lærande organisasjonar
- Lærings- og endringsprosessar i organisasjonar og utvikling av positive organisasjonskulturar
- PPT, skular og barnehage som organisasjonar, og kva som skil dei frå kvarandre og frå andre type organisasjonar
- Prinsipp for god praksis i ein inkluderande barnehage og skule
- Tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid
- Konfliktar og konflikthandtering
Arbeids- og undervisningsformer
Studiet er samlingsbasert med tre samlingar (3+2+2 dagar).
Skriftleg og praktisk førebuing / etterarbeid som knyter forsking / teori og konkrete utfordringar i eigen praksis saman. Tilgang til felles læringsplattform med læringsressursar, rettleiing mellom samlingane og rom for gruppedrøfting / erfaringsutveksling.
Samlingar
1.samling (3 dagar): Systemkunnskap
- Forventningar, informasjon, gruppe-etablering
- Pedagogisk credo
- PPT og kommunen, forsking om PPT
- PPT, barnehagar og skular som organisasjonar
- Endringsarbeid i eigen kommune / region
- Å vere barn og ungdom i dag, haldningar og verdiar som grunnlag for god praksis
- Førebuing av heimeoppgåve
- Skriving; skriving for å lære, akademisk skriving
2.samling (2 dagar): Endring for god praksis
- Tilpassa opplæring i profesjonsfellesskapet
- Etiske, faglege og praktiske dilemma i barnehage og skule, konsekvensar for PPT
- God praksis i ein inkluderande barnehage og skule
- Konflikt og konflikt-handtering i samarbeid med føresette, barnehage / skule og andre
- Utfordringar i eigen kommune / region, prioritering av utviklingsarbeid
3.samling (2 dagar): Individet i systemet
- Førebygging og tidleg innsats: samarbeid og rettleiing på individ- og systemnivå
- Tverretatleg samarbeid i kommunen og med andre
- Medverknad, samarbeid med elevar og føresette
- Individ og system – ein spesialpedagogisk arbeidsmodell
- Revidert klargjering av eigen og organisasjonen sin ståstad
- Planar for endrings-arbeid i eigen kommune / region
- Oppsummering, evaluering, eksamen og vegen vidare
Arbeidsomfang
Ca. 450 timar
Arbeidskrav
- Deltaking på samlingane. Prosentvis deltaking minimum 80%.
- Presentasjon av utvald utfordring / endringsarbeid i eige praksisfelt, munnleg og skriftleg, med støtte i teori og nettbasert rettleiing.
Arbeid utanom samlingane:
Itslearning vert nytta som kommunikasjonsplattform.
- Før første samling vert alle oppmoda om å utforme eit kortfatta notat om forventningar til studiet.
- Etter første samling startar utforminga av ein tekst der ein med basis i teori og ved hjelp av rettleiing på nett vurderer utfordringar på eigen arbeidsplass / kommune, prioritering av problemstilling(ar) for endringsarbeid og ei første skisse til eige utviklingsprosjekt. Problemstillingane må drøftast på eige PP-kontor.
- Førebu munnleg presentasjon av dette på siste samling.
- Gi respons på nettet til ein medstudent i eigen gruppe på tekst / problemstilling.
Arbeidskrava vil føre fram til avsluttande semesteroppgåve.
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjend / ikkje godkjend.
Avsluttende vurdering
Føreset at arbeidskrava er godkjende.
- Skriftleg individuell semesteroppgåve på om lag 4500 ord om endringsarbeid knytt til eigen arbeidsplass. Basert på teori og med utgangspunkt i skisse / tekst suksessivt utforma i løpet av studiet.
Tillatte hjelpemidler
Alle
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Greidd / ikkje greidd
Eksamensspråk
Norsk.
Progresjonskrav
Emnet må vere godkjend for å kunne halde fram på modul 2: Utviklingsarbeid, endringsprosessar og implementering.
Praksis
Ingen.
Evaluering av emnet
NTNU gjennomfører evaluering av tilbodet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
NLA gjennomfører i tillegg eigen deltakarevaluering i form av spørjeskjema. Dialogbasert eigenevaluering vert gjennomført i fellesskap av involverte fagpersonar. Emneansvarleg tek og del i felles evaluering koordinert av NTNU saman med dei andre institusjonane som tilbyr same emne.
Andre bestemmelser
Deltakarar må vere tilsett i PP-tenesta.
Søknad om opptak sendast Utdanningsdirektoratet.
Tilbys som enkeltemne
Nei.
Pensum
Pensum
Totalt ca. 800 sider felles litteratur. I tillegg ca. 200 sider sjølvvald litteratur, til dømes ulik litteratur knytt til barnehage eller vidaregåande opplæring. Kan veljast ut frå liste over relevant tilleggslitteratur som vert lagt fram ved studiestart. Vi vil i tillegg fortløpande informere om ny aktuell litteratur som vil kome i løpet av studiet.
Hovudbøker:
Jenssen E. & K. Roald (2014). Tilpasset opplæring i skolens arbeidsfelleskap. Bergen: Fagbokforlaget. Kap 1, 2 og 3 (80 sider).
Roald, K. (2012).Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring. Når skole og skoleeigar utviklar kunnskap. Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 3 og 4 Appendix (73 sider)
I tillegg:
Ertesvåg, S. K. (2012). Leiing av endringsarbeid i skulen. Oslo: Gyldendal Akademisk (180 s)
Eller:
Ertesvåg, S. K., & Roland, P. (2013). Ledelse av endringarbeid i barnehagen. Oslo: Gyldendal Akademisk (220 s)
I tillegg:
Reegård, K., & Rogstad, J. (Eds.). (2016). De frafalne. Om frafall i videregående opplæring - hvem er de, hva vil de og hva kan gjøres? Oslo: Gyldendal akademisk. Kap. 1, 2, 4 og 5. (102 sider)
Eller:
Børhaug, K. & K. H. Moen (red), Politisk-administrative rammer for barnehageledels). Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 1-6 (122 sider)
Litteratur som er tilgjengeleg i elektronisk kompendium (på Itslearning):
Arnesen, A., & Sørlie, M.-A. (2014). Forebyggende arbeid i skolen. I: E. Befring, I. Frønes, & M.-A. Sørlie (red.), Sårbare unge. Nye perspektiver og tilnærminger (s. 86-102). Oslo: Gyldendal Akademisk.
Brunstad, P.O. (2001) Læreren under kjedsomhetens tyranni. I: Trygve Bergem (red.) Slipp elevene løs! Artikler med søkelys på lærerrollen. (s. 118 – 131). Oslo: Gyldendal Akademisk.
Gilje, J. (2015). Kan pedagogisk credo-tenkning selvstendiggjøre personen og pedagogen? I: Brunstad, P.O. & S.M. Reindal (red.) Eksistens og pedagogikk.(s.23-39). Oslo: Universitetsforlaget.
Glosvik, Ø. (2007). Tekstar som starthjelp i organisasjonsrefleksjon – ein mogleg vegvisar til den lærande organisasjonen. I: Matre, S. (red.) Skrive for nåtid og framtid, bind 1. (s. 107-119). Trondheim: Tapir Akademiske.
Kreyberg, E. (2016). Samarbeid når eleven har psykiske plager. I: E. Bru, E. C. Idsøe, & K. Øverland (red.), Psykisk helse i skolen (s. 271-290). Oslo: Universitetsforlaget.
Mjøs, M. (2016). Spesialpedagogikkens rolle i en skole for alle. I: R. Hausstätter & S. M. Reindal (red.), Spesialpedagogikk: fagidentitet og samfunnsnytte (s. 84-98). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Pedersen, H. og Einarsen, S. (2011). Arbeidsmiljøloven som rettesnor for det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet. I: S. Einarsen og A. Skogstad (red.) Det gode arbeidsmiljø: krav og utfordringer. (s.392-419.). Bergen: Fagbokforlaget.
Roland, P., Øverland, K., & Byrkjedal-Sørby, L. J. (2016). Alvorlige atferdsvansker - forskning og tiltak relatert til skolekonteksten. I: E. Bru, E. C. Idsøe, & K. Øverland (red.), Psykisk helse i skolen (s. 156-175). Oslo: Universitetsforlaget.
Skårbrevik, K. J. (1999). Forsking om det spesialpedagogiske støttesystemet. I: P. Haug, J. Tøssebro & M. Dalen (red.), Den mangfaldige spesialundervisninga (s. 235-257). Oslo: Universitetsforlaget AS.
Westergård, E. (2015). Implementering av "Den utfordrende samtalen" mellom foreldre og lærere. I: P. Roland & E. Westergård (red.), Implementering. Å omsette teorier, aktiviteter og strukturer i praksis (s. 136-150). Oslo: Universitetsforlaget.
Willumsen, E. (2009a). Tverrprofesjonelt samarbeid i praksis og utdanning i helse- og sosialsektoren I: E. Willumsen (red.), Tverrprofesjonelt samarbeid i praksis og i utdanning- og helsesektoren (s. 16-32). Oslo: Universitetsforlaget.
Willumsen, E. (2009b). Tverrprofesjonelt samarbeid og ledelse. : E. Willumsen (red.). Tverrprofesjonelt samarbeid i praksis og i utdanning- og helsesektoren (s. 129-140). Oslo: Universitetsforlaget.
Willumsen, E., & Ødegård, A. (2014). Tverrprofesjonelt samarbeid -en fortsettelse. I: E. Willumsen & A. Ødegård (red.), Tverrprofesjonelt samarbeid: et samfunnsoppdrag (s. 13-30). Oslo: Universitetsforlaget.
Ødegård, A. (2009). Konstruksjoner av samarbeid. I: E. Willumsen (red.), Tverrprofesjonelt samarbeid (s. 52-63). Oslo: Universitetsforlaget.
Litteratur som vert lagt ut på Itslearning:
Mjøs, M. (2016). PPT - en viktig samfunnsaktør, men hvorfor og hvordan? Spesialpedagogikk, 81(5).
Øen, K. (2017). En spesialpedagogisk arbeidsmodell. Spesialpedagogikk, 81(1), 4-13.
Fritt tilgjengeleg på internett:
Moen, T. (2013). Samarbeid mellom PP-rådgivere og lærere. Spesialpedagogikk (6), 15 – 23. https://www.utdanningsnytt.no/globalassets/filer/pdf-av-spesialpedagogikk/2013/spesialpedagogikk--6-2013.pdf
Sandve, T.G. (2013). PPT i spenningsfelt mellom intensjon og praksis. Spesialpedagogikk (7), 30-38. https://www.utdanningsnytt.no/globalassets/filer/pdf-av-spesialpedagogikk/2013/spesialpedagogikk-7-2013.pdf
Sandve, T. G. (2014). Systemarbeid i PPT - meir enn fine ord? Spesialpedagogikk, 79(3), 4-9. https://www.utdanningsnytt.no/globalassets/filer/pdf-av-spesialpedagogikk/2014/spesialpedagogikk-3-2014.pdf
Tveit, A. D., Kovac, V. B., & Cameron, D. L. (2012). "Ja takk, begge deler" PPT's individ- og systemrettede arbeid i barnehagen. Spesialpedagogikk, 77(04), 42-56. https://www.utdanningsnytt.no/globalassets/filer/pdf-av-spesialpedagogikk/2014/spesialpedagogikk-3-2014.pdf
Tøsse, M. H. (2014). Tidlig innsats for livslang læring - teori og praksis» (Fagfellevurdert). Spesialpedagogikk (5): 40-56. https://www.utdanningsnytt.no/globalassets/filer/pdf-av-spesialpedagogikk/2014/spesialpedagogikk-5-2014.pdf
Dessutan må følgjande vere kjend:
Kvalitetskriterium i PP-tenesta https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/samarbeid/pp-tjenesten/kvalitetskriterium-i-pp-tenesta/
Nyare NOU-ar og stortingsmeldingar om barnehage og skule.
https://www.regjeringen.no/no/dokument/nou-ar/id1767/?ownerid=586
https://www.regjeringen.no/no/dokument/meldst/id1754/?ownerid=586
Veileder spesialpedagogisk hjelp https://www.udir.no/laring-og-trivsel/sarskilte-behov/spesialpedagogisk-hjelp/Spesialpedagogisk-hjelp/
Veileder spesialundervisning https://www.udir.no/laring-og-trivsel/sarskilte-behov/spesialundervisning/Spesialundervisning/
Barneombudets fagrapport 2017. Uten mål og mening? Elever med spesialundervisning i grunnskolen. http://barneombudet.no/wp-content/uploads/2017/03/Bo_rapport_enkeltsider.pdf
Diverse ressursar SEVU-PPT Nett: https://www.sevuppt.no/
Diverse forskingsrapportar om PP-tenesta:
Cameron, D. L., Tveit, A. D., & kovac, V. B. (2013). En undersøkelse om PP-tjenestens arbeid med barnehagen. Kristiansand / Oslo.
Fylling, I., & Handegård, T. L. (2009). Kompetanse i krysspress. Kartlegging og evaluering av PP-tjenesten. NF-rapport 5/2009. Bodø: Nordlandsforskning.
Hustad, B.-C., & Fylling, I. (2012). Innovasjon gjennom samhandling. Sluttevaluering av Faglig løft for PPT. NF-rapport 16/2012. Bodø: Nordlandsforskning.
Hustad, B.-C., Strøm, T., & Strømsvik, C. L. (2013). Kompetanse i PP-tjenesten - til de nye forventningene? Kartlegging av kompetansen i PP-tjenesten. Bodø: Nordlandsforskning.