BLKO4 KO4 Natur, helse og rørsle
Alle versjoner:
BLKO4 (2024—2025)
BLKO4 (2023—2024)
BLKO4 (2022—2023)
BLKO4 (2021—2022)
BLKO4 (2020—2021)
BLKO4 (2019—2020)
BLKO4 (2018—2019)
BLKO4 (2017—2018)
Emnekode: BLKO4
Emnenavn: KO4 Natur, helse og rørsle
Undervisningssemester: Oppstart høst, undervisning over to semestre
Steder: Bergen
Studieår: 2018–2019
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 20 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
For å ta eksamen i KO 4, må studenten ha bestått praksis og avsluttande eksamen frå kunnskapsområdet i fyrste studieår; BLKO1 Barns utvikling, lek og læring og BLKO2 Kunst, kultur og kreativitet.
Relevans i studieprogrammet
Obligatorisk emne i bachelor i barnehagelærerutdanning.
Innledning
Kunnskapsområdet omfattar rørsle, samspelet i naturen, samspel mellom barn og natur og helse i vid forstand. Desse emna vert belyst med eit tverrfagleg blikk slik at det dannar ei heilskapleg forståing hjå studentane. Studentane skal få grunnleggjande kunnskapar om natur, helse og rørsle, og korleis ein kan legge til rette for barns læring gjennom å planlegge og organisere barnehagedagen ut frå desse perspektiva. Gjennom læringsarbeidet skal studentane få forståing for korleis undervisningsfaga i kunnskapsområdet utfyller kvarandre og kvifor fagkunnskapar og forståing for barns utvikling er viktig for å skapa ein interessant og variert barnehage. I undervisninga skal fokuset på dei yngste barna vera tydeleg og studentane skal få auka kompetanse på å utvikla ein variert, inkluderande og spanande barnehage for alle. Mangfaldet i barnehagen vil vera utgangspunkt for refleksjon og det vert drøfta kva natur, helse og rørsle kan bety for barn med ulik kulturell bakgrunn. Gjennom undervisninga vil nyare nasjonal og internasjonal forskings- og utviklingsarbeid, relevant for kunnskapsområdet, verta trekt fram. Undervisninga skal tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til kunnskapsområdet, der praksis inngår som ein integrert del. Undervisninga i NHR er variert og studentane skal reflektera over korleis naturen kan gje borna estetiske og sterke opplevingar som kan prega dei for framtida. Det vektleggjast at studentane er aktive og undersøkjande, og dei skal styrkja si evne til å leia varierte læringsprosessar innan natur, helse og rørsle.
Læringsutbytte
Studenten skal etter å ha fullført kunnskapsområdet Natur, helse og rørsle ha følgjande læringsutbytte definert som Kunnskap, Ferdigheter og Generell kompetanse. Læringsutbyttet er fundament for arbeid i barnehagen og vidare kompetanseutvikling.
KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om korleis barn lærer i samspel med varierte læringsmiljø og korleis ein kan initiere og støtte opp om barns eigeninitierte læringsprosessar
- har kunnskap om naturen, kroppsleg leik, kosthald og helse i fleirkulturelle perspektiv, og korleis dette mangfaldet inngår i ein heilskap i barnehagen
- har kunnskap om fysiske fenomen, biologisk mangfald og bærekraftig utvikling
- har kunnskap om helsefremjande arbeid, ergonomi, motorikk og fysisk og psykisk utvikling hjå barn
FERDIGHETER
Studenten
- kan utforske naturen og eksperimentere med fenomen i den fysiske verda og med kvardagsteknologi saman med barn
- kan velje og bruke hensiktsmessige materialar, råvarer, teknikkar og reiskapar i praktisk arbeid med barn og gjere nytte av lokale naturressursar
- kan reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med helse, natur og rørsle
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere behov for fysisk aktivitet, kvile, varierte måltid og god hygiene for barn i barnehagen
- kan vurdere risiko av leikemiljø og saman med barn skape og bruke ulike rom og miljø inne, ute og i naturen, samt leggje til rette for barns risikomestring
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan analysere og kritisk reflektere over kjønn, likestilling, likeverd, kulturelt mangfald, barnehagens rutinar, kosthald og rørsleaktivitetar som sentrale livskvalitetar og helsefremjande faktorar i barnehagen
- kan orientere seg i og bruke nærmiljøets moglegheiter i praksis og gjennom studiet
- kan ivareta eiga helse i arbeidet i barnehagen
- kan utarbeide rutinar for tryggleik i barnehagen og utføre førstehjelp
Innhold
Naturen er ramme for rike opplevingar, læring og varierte fysiske aktivitetar. Dei estetiske opplevingane kan festa seg i borna og koma til syne på ulike måtar. Opplevingar i naturen er ei strek drivkraft til å vekkja interesse for naturfag og bruk av naturen i vid forstand. I NHR er det undervisningsfaga naturfag, fysisk fostring og pedagogikk som dannar ei tverrfagleg plattform. I ein tverrfagleg kontekst vil studiet drøfta korleis ulike naturmiljø stimulerer leik, allsidig fysisk utvikling, undring og eksperimentering. Studentane skal få innføring i generell økologi, geologi og kva årstidene har å seia for livet i naturen. Studentane skal vidare få erfaring med korleis naturen og årstidsvariasjonane kan berika barnehagekvardagen til barn og vaksne. Arbeidet med artar er ein måte å konkretisera naturfagleg kunnskap for barn. Feltarbeid, praksisoppgåver, eksperimentering og kunnskap om varierte utfordringar som naturen gir skal styrkja studenten sin evne til å synleggjera rammeplanen for barnehagen i barnehagekvardagen. Kunnskap om motorisk utvikling hjå barn er sentralt og samanhengen til kosthald og helse blir drøfta.
Studentane skal få auka kunnskap om korleis ein kan møta mangfaldet av barn, kjønn og likeverd ved planlegging av aktivitetar i barnehagen. Betydinga av rutinar for å ivareta eiga helse vert drøfta og studentane skal få innføring i krav som stillast til tryggleik i barnehagen. Vurdering av risiko i barns leikemiljø vert drøfta opp mot behova borna har for spenning og risikomestring.
Studentane skal få grunnleggjande forståing for nokre fysiske fenomen og dei skal gjennomføra øvingar med fysiske fenomen og teknologi saman med barn.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i Natur, helse og rørsle går gjennom andre studieåret, med 10 sp om hausten og 10 sp om våren. Undervisninga organiserast i blokker og studentane tek til med NHR ved studiestart i august. Den andre undervisningsblokka til NHR tek til etter eksamen i KO 3 (STM), før jul, og avsluttast med eksamen om vinteren, før KO 5 (SRLE) startar opp. Endeleg undervisningsplan vert presentert ved studiestart.
Arbeidsformene varierer mellom praktisk arbeid ute og i laboratoriet, førelesingar og seminar. Studentane gjennomfører ein obligatorisk ekskursjon i løpet av den fyrste undervisningsblokka om hausten. Studentane vil gjennom gruppearbeid og problembasert læring (PBL) arbeida med problemstillingar som er relevant for kunnskapsområdet og praksisfeltet.
Praksis vil ha fokus på allsidige rørsleaktivitetar, utforsking av naturen, eksperimentering og barns helse i vid forstand. Praksisoppgåvene vil gje studentane erfaring med korleis leggje til rette for fysisk aktivitet, naturopplevingar og eksperimentering tilpassa alle barn. Studentane skal også reflektera over korleis barns helse blir ivaretatt i barnehagen. Omfanget av praksis er 10 dagar og gjennomførast om vinteren - i same barnehage som i STM. Nærare informasjon om praksis vert gjeve ved studiestart. Praksis inngår som ein integrert del av studiet, og vert vurdert som bestått/ikkje bestått, med vurderingskriterier utarbeida frå læringsutbyttebeskrivingane i kunnskapsområdet.
Arbeidsomfang
ca.600 timar.
Arbeidskrav
Følgande arbeidskrav skal vurderast til godkjend/ikkje godkjend og må vera godkjende før studenten kan framstilla seg for avsluttande vurdering:
- Deltaking og rapport frå feltarbeid og uteaktivitetar med barn. Rapporten vil ha eit fagleg og didaktisk innhald
- Presentasjon av gruppearbeid knytt til helse og mangfald i barnehagen
- Artsprøve
- Alle læringsaktivitetar er obligatoriske
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjend / Ikkje godkjend
Avsluttende vurdering
Den avsluttande vurderinga består av to delar:
- Ein praksisperiode. Vurderingskriteria tek utgangspunkt i kunnskapsområdets læringsutbyttebeskrivingar.
- Individuell munnleg eksamen med førebuingstid på eksamensdagen. Eksamen omfattar emne knytt til læringsutbyttebeskrivingane for dette kunnskapsområdet.
Ved vurdering av eksamen blir det gitt ein samla, gradert karakter på vitnemålet, etter ein skala med fem trinn frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.
Tillatte hjelpemidler
Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver er tillate hjelpemiddel.
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Munnleg eksamen vert vurdert med gradert karakter A til F, der F er stryk.
Praksis vert vurdert til greidd / Ikkje greidd..
Eksamensspråk
Norsk.
Praksis
10 dagar.
Praksis vil ha fokus på allsidige rørsleaktivitetar, utforsking av naturen, eksperimentering og barns helse i vid forstand. Praksisoppgåvene vil gje studentane erfaring med korleis leggje til rette for fysisk aktivitet, naturopplevingar og eksperimentering tilpassa alle barn. Studentane skal også reflektera over korleis barns helse blir ivaretatt i barnehagen. Omfanget av praksis er 10 dagar og gjennomførast om vinteren - i same barnehage som i STM. Nærare informasjon om praksis vert gjeve ved studiestart. Praksis inngår som ein integrert del av studiet, og vert vurdert som bestått/ikkje bestått, med vurderingskriterier utarbeida frå læringsutbyttebeskrivingane i kunnskapsområdet.
Evaluering av emnet
Emnet evaluerast etter kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.
Tilbys som enkeltemne
Nei
Pensum
Pensumet utgjør 1400 sider
Bakke, Hjørdis H.K. 2017. Natur 1 - Barn opplever naturen (2. utg.) (s. 13-80, s. 91-170 og s. 195-208). Oslo, Cappelen Damm Akademisk.
*Bakke, Hjørdis H.K. 2017. Natur 2 – Barn utforsker naturfenomener (2. utg.) (s. 61-74). Oslo, Cappelen Damm Akademisk.
*Bergersen, Ove. 2016. Naturopplevelser og meningsbærende steder. I O. Bergersen (red.), Barns flerkulturelle steder. Kulturskaping, retorikk og barnehageutvikling (s. 63-83). Oslo, Universitetsforlaget.
*Bjerkely, Hans Jan. 2008. Norske naturtyper – økologi og mangfold (s. 25-61, s. 94-102 og s. 108-113). Oslo, Universitetsforlaget.
Eilifsen, Margareth (red.). 2014. På kryss og tvers. Muligheter ved flerfaglig arbeid i barnehagen (s. 97-115 og s. 185-195). Oslo, Universitetsforlaget.
Elfström, Ingela; Nilsson, Bodil; Sterner, Lillemor; Wehner-Godée, Christina. 2016. Barn og Naturvitenskap. Oppdage, utforske og lære i barnehage og skole (s. 90-201). Oslo, Cappelen Damm Akademisk.
Gunnestad, A. (2014). Didaktikk for barnehagelærere. En innføring (s. 31-129, s. 148-169 og s. 219-247). Oslo, Universitetsforlaget.
Hagen, Trond L.; Thomas Moser og Ellen Beate H. Sandseter. 2013. Barnas barnehage 3. Kroppslighet i barnehagen. Pedagogisk arbeid med kropp, bevegelse og helse (2. utg.) (s. 53-97, s. 126-293 og s. 335-351). Oslo, Gyldendal Akademisk.
Haukedal, Kjersti Sandnes og Hoflundsengen, Hilde. 2011. Didaktisk kompetanse i barnehagens uformelle læringssituasjoner. I: Fou i praksis 2010. rapport frå konferanse om praksisrettet FOU i lærerutdanning. Tapir Akademiske forlag.
*Johansson, Stina. 1996. Rundt i naturen sammen med barna 2 (s. 121-142). Oslo, Ad Notam Gyldendal.
Jordet, Arne Nikolaisen. 2010. Klasserommet utenfor. Tilpasset opplæring i et utvidet læringsrom (s. 171-210). Oslo, Cappelen Akademisk forlag.
*Ladstein, Sigve. 2016. Visste du at humla kan sovne som prinsesse og vakne som dronning? Verktøykassa, 3: 51-53.
Langholm, Guri (red.); Hilmo, Inger; Holter, Kari; Lea, Anne; Synnes, Kari. 2017. Forskerfrøboka (2. utg.) (s. 161-197 og s. 213-246). Bergen, Fagbokforlaget.
Lundhaug, Torbjørn og Neegaard, Henrik Rosted. 2013. Friluftsliv og uteliv i barnehagen. Oslo, Cappelen Damm AS.
*Samdal, Oddrun og Ellen Haug. 2010. Betydningen av et sunt kosthold og fysisk aktivitet for helse og læring. I Wilhelmsen, B. U. og Holthe, A. (Red.). (2010). Måltider og fysisk aktivitet i barnehagen (s. 32-43). Oslo, Universitetsforlaget.
*Sandseter H., Ellen Beate. 2014. Boblende glede og sug i magen: risikofylt lek i barnehagen. I Sandseter H., E. B. og Jensen, J.-O. (red.). (2014). Vilt og Farlig – om barns og unges bevegelseslek (s. 13-28). Oslo, Gyldendal Akademisk.
*Stokke, Anne. Et blikk på barns vilkår for fysisk aktivitet i barnehager. En komparativ studie, 1981 og 2009. I: Barn nr. 1, 2011: 27-47.
Tordsson, Bjørn og Rognli Vale, Lill Susann. 2013. Barn, unge og natur – en studie og drøftelse av faglitteratur. HIT rapport nr. 1, Høgskolen i Telemark.
*Wedøe, Leif. 2005. Fysikkaktiviteter i barnehage og småskole (s. 45-54) (3. utg.) Oslo, Cappelen.
Felles litteratur i pedagogikk
Vist, Torill og Marit Alvestad (red). 2012. Læringskulturer i barnehagen. Flerfaglige forskningsperspektiver (s. 20-43 og s. 115-139). Oslo, Cappelen Damm Akademisk.
*Kompendium for NHR
Referanselitteratur:
Kunnskapsdepartementet. 2017. Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Oslo, Kunnskapsdepartementet. Nettside:
(26.05.2017).
Kunnskapsdepartementet. 2011. Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Oslo, Kunnskapsdepartementet. (Rammeplanen finnes som nettutgave på
Gjervan, M. (red.). 2006. Temahefte om språklig og kulturelt mangfold. Oslo, Kunnskapsdepartementet.