MGL5NO103 Norsk 1, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 1
Alle versjoner:
MGL5NO103 (2024—2025)
MGL5NO103 (2023—2024)
MGL5NO103 (2022—2023)
MGL5NO103 (2021—2022)
MGL5NO103 (2020—2021)
MGL5NO103 (2019—2020)
MGL5NO103 (2018—2019)
Emnekode: MGL5NO103
Emnenavn: Norsk 1, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 1
Undervisningssemester: Vår
Steder: Bergen
Studieår: 2018–2019
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 10 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Sjå programplan
Relevans i studieprogrammet
Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10
Innledning
Emnet Praktisk språk- og tekstarbeid 1 vil særleg fokusere på språket som system og på fleirspråklegheit. Ein jobbe særleg inn mot mellomtrinnet, men også sjå på utviklinga fram mot ungdomstrinnet.
Læringsutbytte
Ved NLA Høgskolen går Norsk 1, 5-10 (30 sp) over to år i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 1 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne Praktisk språk- og tekstarbeid 1» har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium
- har kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter på mellom- og ungdomstrinnet
- kjenner til forsking- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5-10.-trinn
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere språk og språkbruk
- kan gjere greie for faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar på mellom- og ungdomstrinnet
- kan bruke kunnskap om grammatikk, språk, tekst og litteratur i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar og gi tilpassa, læringsfremmande respons
- kan bruke og vurdere relevante metodar i lese- og skriveopplæringa
- kan leggje til rette for at elevar på mellom- og ungdomstrinnet får lese og skrive sakprega og skjønnlitterære tekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
- kan oppdage lese- og skrivevanskar
- kan leggje til rette for tilpassa opplæring for ei samansett elevgruppe
- kan vurdere relevante norskfaglege læremiddel med tanke på læringsutbytte for alle elevar
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
- kan skrive akademiske fagtekstar og delta i norskfaglege drøftingar knytte til grunnskulelærarpraksis
Generell kompetanse
Studenten
- kan leggje til rette for at alle elevar på mellom- og ungdomstrinnet vidareutviklar grunnleggjande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som deltek aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplaner og faglege kunnskapar og innsikter
- kjenner til eigenarten til norskfaget som språk-, kultur- og litteraturfag
- kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
- kan reflektere over val av metode og relevant vitskapsteori i norskfagleg forsking- og utviklingsarbeid
Innhold
Emnet Praktisk språk- og tekstarbeid 1 vil særleg fokusere på språket som system og på fleirspråklegheit og korleis ein konkret arbeider i skulen for å utvikle språk- og tekstferdigheitene til elevane. Ein vil jobbe særleg inn mot mellomtrinnet, men vil også sjå på utviklinga på ungdomstrinnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar
Seminar med aktiv studentdeltaking
Gruppeseminar
Grunnskulepraksis
Sjølvstudium
Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning
Arbeidsomfang
Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).
Arbeidskrav
Obligatoriske arbeidskrav:
- to skriftlege gruppearbeid med rettleiing
- eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
- deltaking i styrt gruppediskusjon
- praksisoppgåve
- deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)
Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent / Ikkje godkjent.
Avsluttende vurdering
Individuell munnleg eksamen med førebuingstid.
Munnleg eksamen er todelt. Den eine delen tek utgangspunkt i ei av dei to gruppeoppgåvene som er obligatoriske arbeidskrav. Den andre delen er utspørring i emnet Praktisk språk- og tekstarbeid
Tillatte hjelpemidler
Læreplan for Kunnskapsløftet.
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Individuell, munnleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.
Eksamensspråk
Norsk.
Progresjonskrav
Emnet må vere bestått for å kunne halde fram på Språk og språkdidaktikk 2, Litteratur og litteraturdidaktikk 2 og Praktisk språk- og tekstarbeid 2.
Praksis
Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.
Evaluering av emnet
Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.
Tilbys som enkeltemne
Nei.
Pensum
Det bli endringar før studiestart vår -19.
Aksnes, L. M. (2007). Tid for tale. Oslo: Cappelen (s. 9-56) (47 s.)
-Andreassen, R. (2007). Eksplisitt opplæring i leseforståelse. I I. Bråten (red.), Leseforståelse. Lesing i kunnskapssamfunnet – teori og praksis. Oslo: Cappelen (252-285) (31 s)
-Askeland, N. (2015). Metaforer i fagtekster og lærebøker. I E. Maagerø og E. S. Tønnesen (red.), Å lese i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget (88-108) (19 s.)
-Bråten, I. (2007). Leseforståelse – komponenter, vansker og tiltak. I I. Bråten (red.), Leseforståelse. Lesing i kunnskapssamfunnet – teori og praksis. Oslo: Cappelen (s. 45-81) (34 s)
-Budal, I. (red.). (2015). Språk i skolen. Kapittel 6-8. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 213-304) (91 s)
-Evensen, L. S. (2010). En gyldig vurdering av elevers skrivekompetanse? I: smidt, J., Folkvord, I. og Aasen, A. J., Rammer for skriving. Om skriveutikling i skole og yrkesliv. Trondheim: Tapir (s. 13-31) (17 s.)
-Fjørtoft, H. (2014). Norskdidaktikk. Kapittel 1 og 11. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 15-41 og 299-316) (36 +17 s.)
-Hagtvedt, B. E., Frost, J. og Refsahl, V. (2014). Den intensive leseopplæringen. Dialog og mestring når lesingen har låst seg. Oslo: Cappelen Damm (s. 66-116) (50 s.)
-Kaldestad, P. O. og Knudsen, H. (2006). Diktboka. Om arbeid med poetiske tekstar i skolen. Oslo: Cappelen/LNU (s. 62-110 (48 s.)
-Kvithyld, T. og Aasen, A. J. (2011). Fem teser om funksjonell respons på elevtekster. I: Smidt, J., Solheim, R. og Aasen, A. J., På sporet av god skriveopplæring. Tronheim: Tapir (s. 87-98) (9 s.)
-Lillevangstu, M., Tønnesen, E. S. og Dahll-Larssøn, H. (red.). (2007). Inn i teksten – ut i livet. Nøkler til leseglede og litterær kompetanse. Bergen: --Fagbokforlaget/LNU (s. 14-36, 94-106, 122-136, 148-189) (22 + 13 + 12 + 42 s.)
-Longvik, E. (2015). Publikum på alle kantar. Ei stemmehandbok. Bergen: LNU/Fagbokforlaget (s. 89-132) (43 s.)
-Lorentzen, R. T. og Smidt, J. (red.). (2009). Å skrive i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget (s. 7-90, 136-158) (12 + 10 + 13 + 9 + 13 +10, 9 + 10) (86)
-Maagerø, E. (2002). Utvikling av sjangerkompetanse. I A. M. Bjorvand og E. S. Tønnesen (red.), Den andre leseopplæringa. Utvikling av lesekompetanse hos barn og unge. Oslo: Universitetsforlaget (s. 35-52) (17 s.)
-Nergård, M. E. og Tonne, I. (2008). Elevteksten – et grammatisk utstillingsvindu. I: Nergård, M. E. og Tonne, I. Språkdidaktikk for norsklærere. Oslo: Universitetsforlaget (s. 27-42) (15 s)
-Roe, A. (2014). Lesedidaktikk – etter den første leseopplæringen. Oslo: Universitetsforlaget (s. 158-208) (50s.)
-Skjelbred, D. (2015). Framstillingsformer og lesemåter i fagtekster. Maagerø, E. og Tønnesen, E. S. (red.), Å lese i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget (s. 178-202) (24 s.)
-Aamotsbakken, D. (2015). Samanheng i tekster – avkall på «den røde tråden»? Maagerø, E. og Tønnesen, E. S. (red.), Å lese i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget (s. 47-64) (17 s.)
Eit mindre utval av primærtekstar som vert kunngjort ved semesterstart