MGL5NO202 Norsk 2, modul 2 5-10, Litteratur og litteraturdidaktikk 2
Alle versjoner:
MGL5NO202 (2024—2025)
MGL5NO202 (2023—2024)
MGL5NO202 (2022—2023)
MGL5NO202 (2021—2022)
MGL5NO202 (2020—2021)
MGL5NO202 (2019—2020)
Emnekode: MGL5NO202
Emnenavn: Norsk 2, modul 2 5-10, Litteratur og litteraturdidaktikk 2
Undervisningssemester: Høst
Steder: Bergen
Studieår: 2019–2020
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 10 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Norsk 1 GLU 5-10
Relevans i studieprogrammet
Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10
Innledning
Emnet Litteratur og litteraturdidaktikk 2 vil fokusere særleg på historiske perspektiv i litteraturstudiet og på litteraturdidaktikk. Litteraturundervisning og litteraturarbeid på ungdomstrinnet vil stå særleg i fokus.
Læringsutbytte
Ved NLA Høgskolen går Norsk 2, 5-10 (30 sp) over to semester i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 2 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Litteratur og litteraturdidaktikk 2» har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert tekstutval: munnlege, skriftlege og multimodale tekstar; skjønnlitterære tekstar og sakprosa i ulike sjangrar og medium; tekstar frå fortid og notid
- har brei kunnskap om litteraturhistorie og litteratur frå ulike tider - for barn, unge og vaksne
- har brei kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere relevant kunnskap om språk, tekstar og litteratur i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar og som grunnlag for tilpassa, læringsfremmande respons
- kan lese og analysere litterære tekstar i frå ulike perspektiv og for ulike formål
- kan leggje til rette for at elevar vert kjende med eit breitt tekstutval frå ulike kulturar og ulike tider med hovudvekt på norsk litteratur (norsk og samisk i omsetjing)
- kan vurdere og velje litterære tekstar i undervisningssamanheng og grunngje vala norskfagleg
- kan formidle litteratur og leggje til rette for at elevane kan utøve og utvikle litterær kompetanse
- kan vurdere relevante norskfaglege læremiddel med tanke på læring for alle elevar
- kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer
- kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i grunnskolefagets historie og i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kjenner til norskfagleg forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte relevante forskingsetiske problemstillingar
- kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
- kan reflektere over val av metode og aktuell vitskapsteori i norskfagleg forsking- og utviklingsarbeid
Innhold
Modulen Litteratur og litteraturdidaktikk 2 vil fokusere særleg på litterær utvikling gjennom historia. Studentane skal arbeide med eit breitt utval litterære tekstar og utvide eigen kunnskap om språk, tekst og form, og bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med praksis, særleg på ungdomstrinnet, og andre fag.
Norskfaget vil kunne samarbeide med andre fag der det er naturleg.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar
Seminar med aktiv studentdeltaking
Gruppeseminar
Grunnskulepraksis
Sjølvstudium
Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning
Arbeidsomfang
Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).
Arbeidskrav
Obligatoriske arbeidskrav:
- problemstilling og disposisjon til eksamensføredrag m/rettleiing
- eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
- levere liste over sjølvvalt pensum
- praksisoppgåve eller skriftleg didaktisk oppgåve
- deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)
Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.
Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent / ikkje godkjent
Avsluttende vurdering
Individuell munnleg eksamen.
Munnleg eksamen er todelt. Den første delen held studenten førebudd føredrag (vekta 40%) med høve for oppfølgingsspørsmål og -samtale frå sensorane. Den andre delen er munnleg utspørring i heile emnet (vekta 60%).
Tillatte hjelpemidler
Læreplan for Kunnskapsløftet
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Individuell, munnleg eksamen vert gjeve gradert karakter frå A - F
Eksamensspråk
Norsk
Praksis
Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan foe MGLU 5-10.
Evaluering av emnet
Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.
Pensum
- Andreassen, T. (1998). Profesjonalisering av norske forfattere frå Welhaven til Fløgstad. I Johnsen, E. B. og Eriksen, T. B. Norsk sakprosahistorie II. Oslo: Universitetsforlaget (s. 394-403) (9 s.)
- Birkeland, T., Risa, G. og Vold, K. B. (2018). Norsk barnelitteraturhistorie. (s. 519-604). Oslo: Samlaget (85 s.)
- Gregory, M. (2005). Ethical Criticism: What It Is and Why It Matters. I George, S. K. (red.). Ehtics, Literature & Theory. An Introductory Reader. Oxford: Rowman & Littlefield Publishers (s. 37-61) (24 s.)
- Fjørtoft, H. (2013). Nærlesing på ungdomstrinnet. I Norsklæraren nr. 4 (5 s.)
- Hagen, E. B. (2015). Hvordan lese Ibsen? Samtalen om hans dramatikk 1879-2015. Oslo: Universitetsforlaget (s. 78-101) (24 s.)
- Kaspersen. P. (2012). Litteratudidaktiske dilemmaer og løsninger: En undersøgelse af litteraturdidaktikkens aktuelle status i Norden. I Ongstad, S. (red.), Nordisk morsmålsdidaktikk. Forsking, felt og fag. Oslo: Novus (s. 47-75) (24 s.)
- Madssen, K.-A. (1998). Skolen og skriftkulturen. I Johnsen, E. B. og Eriksen, T. B. Norsk sakprosahistorie II. Oslo: Universitetsforlaget (s. 160-167) (7 s.)
- Meldal, P. (1998). Den tapte tradisjon. I Johnsen, E. B. og Eriksen, T. B. Norsk sakprosahistorie I. Oslo: Universitetsforlaget (s. 94-107) (13 s)
- Mjør, I. (2012). «Barnelitterære ryggmargsrefleksar. Innspel til forskingshistorie - perspektiv på forsking og kritikk.» I: Nordic Journal of ChildLit Aesthetics Vol 3, 2012 (12s)
- Oxfeldt, E. (2008). Pædagogiske heterotopier: Vidensepistemer frå 1800-tallets læsebog til dagens læremidler. I Dagrun Skjelbred og Bente Aamotsbakken (red.). Norsk lærebokhistorie - en kultur- og danningshistorie. Oslo: Novus (s. 104-122) (18 s.)
- Ridderstrøm, H. (2008). Litteraturhistoriske tekstpraksiser. Kristiansand: Høyskoleforlaget (223 s.)
- Ridderstrøm, H. (2015). Den litterære fortidskontrakten. Om å lese og formidle klassikere. I Ridderstrøm, H., og Vold, T., Litteratur- og kulturformidling. Nye analyser og perspektiver. Oslo: Pax (s. 236-260) (25 s.)
- Risa, G. (1998). Barnelitteratur - i fedrelandets teneste. I: . I Johnsen, E. B. og Eriksen, T. B. Norsk sakprosahistorie I. Oslo: Universitetsforlaget (s. 610-620) (10 s.)
- Skaftun, A., Karlsen, O. og Syversen, E. M. (2015). Litteratur og læring - om faglighet for framtiden. I Norsklæraren nr. 4 (s. 15-20) (6 s.)
- Skjelbred, D. (2010). Sakprosa i lærebøkene - et historisk perspektiv. I Kalleberg, K. og Kleiveland, A. E. (red.), Sakprosa i skolen. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 55-63) (9 s.)
- Stybe, V. (1974). «Børnebogen i verdenslitteraturen.» I: Sven Møller Kristensen og Preben Ramløv (red.) Børne- og ungdomsbøger. Problemer og analyser. København: Gyldendal s. 209-242 (24s)
- Aamotsbakken, B. og Knudsen, S. (2008). Sjangrer i gjenbruk. Oslo: Gyldendal Akademisk (s. 105-136) (32 s.)
Studentane vel om lag 150 s. fordjuping etter avtale med emneansvarleg.
Referanselitteratur:
- Andersen, P. T. (2015). Norsk litteraturhistorie. Oslo: Universitetsforlaget
- Eit oppdatert litteraturvitskapleg oppslagsverk, til dømes Lothe, J., Refsum, C. og Solberg, U. (2007). Litteraturvitenskapelig leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget
- Solberg, O. (2007). Inn i eventyret. Norsk og europeisk forteljekunst. Oslo: Cappelen
Primærtekstar:
Eit utval av før-reformasjonslitteratur, inkludert norrøn litteratur (inntil 100 sider)
Om lag 40 sider nordisk lyrikk med hovudtyngd på norsk lyrikk (ei normalside i lyrikk vert
2 drama
5 romanar (for vaksne og barne- og ungdomsromanar)
9 kortprosatekstar (inkluderer eventyr)
6 sakprosatekstar