MGL5SA201 Samfunnsfag 2 5-10

Alle versjoner:
MGL5SA201 (2024—2025)
MGL5SA201 (2023—2024)
MGL5SA201 (2022—2023)
MGL5SA201 (2021—2022)
MGL5SA201 (2020—2021)
MGL5SA201 (2019—2020)

Emnekode: MGL5SA201

Emnenavn: Samfunnsfag 2 5-10

Undervisningssemester: Vår

Steder: Bergen

Studieår: 2019–2020

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valgfritt relevant emne i grunnskolelærarutdanninga 5-10. Obligatorisk for studentar som skal ta master, samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga.

Emnet kan ikkje takast som einskildemne.

Innledning

Samfunnsfag 2, mynta på 5. til 10.klasse i grunnskulen, skal førebu studentane på å undervisa i samfunnsfag på desse trinna. Forutan breiddeperspektiv er det også tale om kunnskap som går meir i djupna. Faget består av fire delemne - (1) Stad, økonomi og samfunn, (2) Migrasjon, (3) Den globale arena og (4) Fagdidaktisk teori og forsking. Studiet fokuserer på samfunnseiningar på ulike nivå, frå det lokale til det globale. Folk på vandring er ikkje noko nytt. Kven som flyttar og kvar rutene går seier noko om tidene før og no. For skuld migrasjon, ny teknologi, auka handel, reiser, studieopphald m.m. har verda på eit vis blitt «mindre». I sum gjev dette opphav til nye strukturar og prosessar. Den stigande kompleksiteten skjerpar også dei samfunnsdidaktiske utfordringane i faget.

Studentane får innføring i og erfaring med ulike historiske og samfunnsvitskapelege metodar gjennom miniforskingsprosjekt og FoU-oppgåva.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har djupnekunnskap om utvalde samfunnsfaglege teoriar, metodar og forskingsfelt
  • har djupnekunnskap om utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen
  • har djupnekunnskap om sentrale føresetnadar for og problemstillingar knytte til statsdanning og demokratiseringsprosessar
  • har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, immigrasjon og globalisering
  • har kunnskap om økonomiske strukturar og makt
  • har djupnekunnskap om staden, den romlege dimensjon og geografisk identitet
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid med relevans for 5-10-trinn innanfor eige prosjektområde, og innsikt i forskingsetiske dilemma og forskingsmetode knytt til dette
  • har oversikt over og forståing av aktuell og relevant forskingslitteratur

 

Ferdigheter

Studenten

  • kan arbeida med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremja kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan søkje, vurdera og tolka ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • kan planleggja og leia læringsarbeidet med særleg vekt på grunnleggjande ferdigheiter og tilpassa opplæring
  • kan bruka og evaluera ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid og rom
  • kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • kan nytta relevante metodar i eit forskings- og utviklingsarbeid og reflektera over vitskapsteoretiske og forskingsetiske implikasjonar av eige prosjekt
  • kan vurdera samanhengen mellom eige forskings- og utviklingsprosjekt og praksis
  • kan drøfta resultat av forskings- og utviklingsprosjekt på kolleganivå og framstilla eige prosjekt for medstudentar og lærarar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir til
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvera lokalt samfunnsliv i opplæringa
  • har innsikt i sentrale faglige, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillinger
  • har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan planleggja og gjennomføra eit FoU-arbeid og drøfta relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan reflektere over val av metode og relevant vitskapsteori i forskings- og utviklingsarbeid knytt til samfunnsfag, og formidla eit praksisrelevant faglig emne skriftleg og munnlegg og gjennom andre relevante uttrykksforme

Dei kursiverte læringsutbyttebeskrivelsane gjeld studentar som skal skriva FoU-oppgåva i samfunnsfag.

Innhold

Presentasjon av emnet

Samfunnsfag 2 byggjer vidare på Samfunnsfag 1, og går meir i djupna innan utvalde emne. For å fremja eit integrert perspektiv, er det valt ei tematisk tilnærming forankra i fire ulike emne:

1.Stad, økonomi og samfunn

2. Migrasjon

3. Den globale arena

4. Fagdidaktisk teori og forsking

Stad, økonomi og samfunn (1) gjev innsikt i at økonomi/samfunn-dimensjonen kan studerast på ulike nivå, og at mikroorienterte studiar, av ein gard eller ei bedrift, kan kasta lys over større samanhengar og gje kunnskap om verdiskaping og økonomiske strukturar. I dette emnet vert også den geografiske identiteten og den romlege dimensjonen fletta inn.

Migrasjon (2) skal gje evne til å sjå innvandring og utvandring i ein større geografisk og historisk samanheng, og kunna tilføra den politiske debatten nye perspektiv. Dagens folkevandringar vert samanlikna med den norske utvandringa til Amerika.

Den globale arena (3) fokuserer på både økonomiske og politiske sider ved globaliseringa. Både bistandspolitikk og fredsdiplomati vert studert som ein del av Nord-Sør-relasjonen. Emnet tek opp ulike demokratiseringsprosessar med fordjuping i dei særlege utfordringane for statsdanning og demokratisering i Afrika.

Fagdidaktisk teori og forsking (4) skal styrka studenten sin samfunnsfaglege didaktiske kompetanse, fremja kritisk refleksjon og medvit om verdiar. Skulen ein sentral institusjon i det norske demokratiet, og skulen sitt samfunnsmandat som får eit særleg fokus. Studiet legg også vekt på ei vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering av læringsarbeidet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i seminar og førelesningar, gruppearbeid, førebudde studentinnlegg, praksis, ekskursjon, sjølvstudium og rettleiing på tekst.

Arbeidsomfang

Antatt arbeidsmengde for student: ca. 900 timar

Arbeidskrav

  • Skriftleg oppgåve (miniforskningsprosjekt)
    Alle studentar skriv ei oppgåve og dei som ikkje skriv FoU-oppgåve i samfunnsfag, skriv to oppgåver.
  • 2 munnlege presentasjonar, ein av desse førebudd fagleg debatt
  • Breiddetest
  • Praksisoppgåve/fagdidaktisk tekst med fokus på 5.-10. trinn

Studentar som har samfunnsfag som masterfag skal skriva ei profesjonsretta FoU-oppgåve med fylgjande arbeidskrav:

  • Delta i introduksjonskurs i vitskapsteori og metode
  • Innan fastsatt frist levera utkast til problemstilling og justera denne i samarbeid med rettleiar
  • Obligatorisk førehandssgodkjenning av litteraturliste (ca. 300 sider) til FoU-oppgåva
  • Delta i forskingsseminar knytt til samfunnsfag
  • Obligatorisk rettleiing ved hovudrettleiar og eventuell birettleiar

Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.

Nærare opplysningar om arbeidskravas innhald og tidspunkt for gjennomføring vil bli gjeven i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / ikkje godkjend

Avsluttende vurdering

  • Individuell skuleeksamen, 6 t.  
  • FoU-oppgåve for studentar som har samfunnsfag som masterfag

Tillatte hjelpemidler

Skuleeksamen: Ingen

FoU-oppgåve: Alle

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Skuleeksamen: Det vert gjeve gradert karakter fra A - F, der F er ikkje bestått.

FoU-oppgåve: Bestått/ikkje bestått

Eksamensspråk

Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

Sjå praksisplan for MGLU5.

Evaluering av emnet

Det vil bli føreteke emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen. Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.

Pensum

Stad, økonomi og samfunn

Almås, R. (2002). Norsk Landbrukshistorie: Bd. 4. 1920–2000. Frå bondesamfunn til bioindustri (s. 383–411). Oslo: Det norske samlaget. (29 sider)

Andresen, A., Rosland, S., Ryymin, T. & Skålevåg, S. A. (2015). Kjeldekunnskap. Å gripe fortida. Innføring i historisk forståing og metode (s. 43–62). Oslo: Det norske samlaget. (20 sider)

Angell, S. A., Grove, K. & Selle, P. (2006). Folkerørslene og frivillige organisasjonar. I K. Helle (Red.), Vestlandets historie: Bd. 2. Samfunn (s. 298–341). Bergen: Fagbokforlaget. (44 sider)

Brundtland, G.H. (1987). Mot en bærekraftig utvikling. Vår felles framtid. Verdenskommisjonen for miljø og utvikling. (s. 42-56). Oslo: Tiden Norsk Forlag (15 sider)

Brusdal, R. og I. Frønes 2016. Forbrukere og forbrukersamfunn. I I. Frønes og L. Kjølsrød. Det norske samfunn: Bd.3 (7 utg., s. 294-313). Oslo: Gyldendal Akademisk. (20 sider)

Hagesæther, G. (2007). Oppdragermandat og oppdrageransvar. I O. H. Kaldestad, E. Reigstad, J. Sæther & J. Sæthre (Red.), Grunnverdier og pedagogikk (s. 203–215). Bergen: Fagbokforlaget. (13 sider)

Haugen, M. S. & Villa, M. (2016). Lokalsamfunn i perspektiv. I M. Villa & M. S. Haugen (Red.), Lokalsamfunn (s. 17–33). Oslo: Cappelen Damm akademisk. (17 sider)

Holm, P., Tveiterås, K. og Elvevoll, E.O. 2016. Fisk i fellesskap. Norsk sjømat som næring og samfunnsbærer. I I. Frønes og L. Kjølsrød. Det norske samfunn: Bd.2.(7 utg., s. 168-189). Oslo: Gyldendal Akademisk. (22 sider)

Jøssang, L.G. (2015). Lokalsamfunnet som fagleg og pedagogisk ressurs. I K. Børhaug, O. R. Hunnes & Å. Samnøy (Red.), Spadestikk i samfunnsfagdidaktikken (s. 41–59). Bergen: Fagbokforlaget. (19 sider)

Kolle, N. (2014). Norskekysten – en naturens gave. I N. Kolle (Red.), Norges – fiskeri- og kysthistorie: Bd. 1. Fangstmenn, fiskerbønder og værfolk fram til 1720 (s. 15–41). Bergen: Fagbokforlaget. (17 sider)

Lambert, D. & Morgan, J. (2010). Teaching Geography, 11–18: A Conceptual Approach (s. 69–144). Maidenhead: McGraw-Hill Education. (76 sider)

Lorentzen, H. 2010. Det sivile samfunn. I Frønes, I. & Kjølsrød, L. (Red.) Det norske samfunn. (6. utg., s. 308-326). Oslo: Gyldendal Akademisk. (19 sider)

Melve, L. & Ryymin, T. (2018b). Å arbeida med munnlege kjelder. I L. Melve & T. Ryymin (Red.), Historikerens arbeidsmåter (s. 122–147). Oslo: Universitetsforlaget. (26 sider)

Minde, K.B. & Grytten, O.H. (2004a). Fra vekst og vern til bærekraftig utvikling. I Miljøbevisst og bærekraftig. Vekst, fordeling og forvaltning i et samfunnsfaglig perspektiv (s. 54-62). Bergen: Fagbokforlaget. (9 sider)

Minde, K.B. & Grytten, O.H. (2004b). Miljøideologier og grunnleggende miljøspørsmål. I Miljøbevisst og bærekraftig. Vekst, fordeling og forvaltning i et samfunnsfaglig perspektiv (s.63-74). Bergen: Fagbokforlaget. (12 sider)

Myhre, J. E. (2015). Norsk historie 1814–1905. Å byggje ein stat og skape ein nasjon (2. utg., s. 71–138, 166–189, 190–221, 225–246). Oslo: Det norske samlaget. (147 sider)

Ott, A. (2019). Kritisk tenkning og bærekraft i fagfornyelsen. I M. Ferrer & A. Wetlesen (Red.), Kritisk tenkning i samfunnsfag (s. 30–49). Oslo: Universitetsforlaget. (20 sider)

Schieflo, P. M. (2016). Norge og oljen. I I. Frønes og L. Kjølsrød. Det norske samfunn: Bd.2 (7. utg.,s. 139-167). Oslo: Gyldendal Akademisk . (28 sider)

Sciefloe, P. M. (2019). Mennesker og samfunn. Innføring i sosiologisk forståelse (3. utg., s. 15–33). Bergen: Fagbokforlaget. (19 sider)

Sejersted, F. (1993). En teori om den økonomiske og teknologiske utvikling i Norge i det 19. århundre. Demokratisk kapitalisme (s.45-105). Oslo: Universitetsforlaget. (59 sider)

Sørensen, K. 2010. Det norske samfunn – et innovasjonssystem? I Frønes, I. og Kjølsrød, L. (Red.) Det norske samfunn (6. utg., s. 67-90). Oslo: Gyldendal Akademisk. (24 sider)

Stugu, O. S. (2012). Norsk historie etter 1905 (s. 23–51, 61–108, 164–290). Oslo: Det norske samlaget. (238 sider)

Sætre, P. J. (2015). Vurdering av lærebøker. I R. Mikkelsen & P. J. Sætre (Red.), Geografididaktikk for klasserommet (3. utg., s. 139–159). Oslo: Cappelen Damm akademisk. (21 sider)

Tveiten, A. (2007). Historisk perspektiv på grunnskulens føremålsparagraf. I O. H. Kaldestad, E. Reigstad, J. Sæther & J. Sæthre (Red.), Grunnverdier og pedagogikk (s. 161–182). Bergen: Fagbokforlaget. (22 sider)

 

Migrasjon

Brochmann, G. (2006). Hva er innvandring? Oslo: Universitetsforlaget. (148 sider)

Brochmann, G. & Djuve, A. B. (2013). Multiculturalism or Assimilation? The Norwegian Welfare State Approach. I P. Kivisto & Ö. Wahlbeck (Red.), Debating multiculturalism in the nordic welfare states (s. 219–245). Basingstoke: Palgrave Macmillan. (27 sider)

Brochmann, G. (2015). Immigration and the Nordic Welfare State: a tense companionship. I P. Kettunen, S. Michel & K. Petersen (Red.), Race, Ethnicity and Welfare States. An American Dilemma? (s. 83–106). Cheltenham, UK: Edward Elgar Publishing. (24 sider)

Carling, J. (2017). Migrasjon. I D. Jordhus-Lier & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 263–276). Oslo: Cappelen Damm akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (14 sider)

Collier, P. (2014). Exodus. Immigration and Multiculturalism in the 21st Century (s. 179–193, 195–227). London: Penguin. (48 sider)

Majid, S. (2019). Ut av skyggene. Den lange veien mot likestilling for innvandrerkvinner (s. 174–194, 195–204). Oslo: Aschehoug. (31 sider)

Wærdahl, R. (2010). Den fremmede. I D. Album, M. N. Hansen & K. Widerberg (Red.), Metodene våre. Eksempler fra samfunnsvitenskapelig forskning (s. 235–249). Oslo: Universitetsforlaget. (15 sider)

Østrem, N. O. 2014. Norsk utvandringshistorie. (2. utg.). Oslo: Det norske samlaget. (141 sider)

 

Den globale arena

Balsvik, R. R. (2010). Det 20. århundrets historie – et globalt perspektiv (s. 231–262). Oslo: Cappelen. (32 sider)

Bakken, Y. (2015). «De fattige er ofte brune barn som får gå rundt i undikken» – om barnlige fortolkninger av bistands- og solidaritetsarbeid. I K. Børhaug, O. R. Hunnes & Å. Samnøy (Red.), Spadestikk i samfunnsfagdidaktikken (s. 179–196). Bergen: Fagbokforlaget. (18 sider)

Eidsvik, E., Kolstad, E. W., Nielsen, P. R. & V. Vågenes. (2019). Verda og vi (s. 308–333). Oslo: Det norske samlaget. (26 sider)

Engh, S. & Vik, H. H. (2013). Utviklingshjelp – idealisme og stormaktspolitikk. I H. H. Waage, R. Tamnes & H. H. Vik (Red.), Krig og fred i det lange 20. århundre (s. 333–353). Oslo: Cappelen Damm. (21 sider)

Eriksen, T. L. & Smukkestad, O. (2013). Bistand og utvikling i et nytt landskap. I T. L. Eriksen & K. B. Feldberg (Red.), Utvikling. En innføring i utviklingsstudier (s. 287–311). Oslo: Cappelen Damm. (25 sider)

Fangen, K. (2010). Multilokalt eller komparativt feltarbeid: Ulike nivåer for sammenligning i et europeisk prosjekt om unge innvandrere. I D. Album, M. N. Hansen & K. Widerberg (Red.), Metodene våre. Eksempler fra samfunnsvitenskapelig forskning (s. 189–204). Oslo: Universitetsforlaget. (16 sider)

Hellestveit, C. (2016). Migrasjonskrisen: Som man sår? Om forholdet mellom vestlige intervensjoner og flyktningkrisen. Internasjonal Politikk, 74(2), 1–11. http://dx.doi.org/10.17585/ip.v74.455 (11 sider)

Hsu, E. L. (2014). Globalization. I Elliott, A. (red.) Routledge Handbook of Social and Cultural Theory (s. 192–206). London: Routledge (15 sider)

Jordhus-Lier, D. (2017). Et globalt arbeidsliv i endring. I D. Jordhus-Lier & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 109–120). Oslo: Cappelen Damm akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (12 sider)

Knutsen, H. M. & Haugen, H. Ø. (2017). Utvikling i globale verdikjeder og produksjonsnettverk. I D. Jordhus-Lier & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 95–107). Oslo: Cappelen Damm akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (13 sider)

Lewis, B. (2012). Why Poverty. Poor Us: An Animated History of Poverty. Henta 8.11.2019 frå https://www.thewhy.dk/films/poor-us-an-animated-history-of-poverty (film)

Lundestad, G. 2015. Øst – Vest – Nord – Sør. Hovedlinjer i internasjonal politikk etter 1945 (s. 283–318). Oslo: Universitetsforlaget. (36 sider)

Millstein, M. (2017). Styresett og deltagelse. I D. Jordhus-Lier & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 191–203). Oslo: Cappelen Damm akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (13 sider)

Muriaas, R. (2011). Afrikanske utfordringer. En innføring i afrikansk politikk. Kristiandsand: Høyskoleforlaget. (115 sider)

Nordenson, J. (2018). Fra opprør til kaos: Midtøsten etter den arabiske våren (s. 185–206; 261–271). Oslo: Universitetsforlaget. (23 sider)

Sæther, B. (2017). Økonomisk globalisering. I D. Jordhus-Lier & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 73–83). Oslo: Cappelen Damm akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (11 sider)

Tvedt, T. (2019). Libya-krigen og fraværet av etterpåklokskap. I T. Heier, R. Ottesen og T. Tvedt (Red.), Libya: Krigens uutholdelige letthet (s. 23–45). Oslo: Cappelen Damm akademisk. (24 sider)

Østerud, Ø. (2006). Lite land som humanitær stormakt? Nytt norsk tidsskrift, 23(4), 303–316. (14 sider)

Sum: 1809 sider + ca. 200 sider sjølvvald litteratur til FoU-oppg./prosjektoppg.