4MGL5NO201 Norsk 2, modul 1 5-10, Språk og språkdidaktikk 2
Alle versjoner:
4MGL5NO201 (2024—2025)
4MGL5NO201 (2023—2024)
4MGL5NO201 (2022—2023)
4MGL5NO201 (2021—2022)
4MGL5NO201 (2020—2021)
4MGL5NO201 (2019—2020)
Emnekode: 4MGL5NO201
Emnenavn: Norsk 2, modul 1 5-10, Språk og språkdidaktikk 2
Undervisningssemester: Vår
Steder: Oslo
Studieår: 2020–2021
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 10 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Sjå programplan
Relevans i studieprogrammet
Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10
Innledning
Grunnet Covid-19 situasjoen kan deler av (evt. hele) undervisningen bli gjennomført digitalt. Dette vil bli spesifisert i undervisningsplanen for emnet.
Emnet Språk og språkdidaktikk 2 vil særleg fokusere på språklege endringsprosessar, på fleirspråklegheit og på språkdidaktikk. Ungdomstrinnet vil stå sterkt i fokus.
Læringsutbytte
Ved NLA Høgskolen går Norsk 2, 5-10 (30 sp) over to semester i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 2 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Språk og språkdidaktikk 2» har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om språket som system, språket i bruk
- har brei kunnskap om norsk som første- og andrespråk og om fleirspråkleg praksis
- har brei kunnskap om språkhistorie og språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid
- har brei kunnskap om språkleg variasjon og gjeldande normering av begge målformer
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere relevant kunnskap om grammatikk og språk og tekstar i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar og som grunnlag for tilpassa, læringsfremjande respons
- kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit og fleirspråkleg praksis i tilrettelegging for ei samansett og fleirkulturell elevgruppe
- kan vurdere relevante norskfaglege læremiddel med tanke på læring for alle elevar
- kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer
- kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i grunnskolefagets historie og i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kjenner til norskfagleg forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte relevante forskingsetiske problemstillingar
- kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
- kan reflektere over val av metode og aktuell vitskapsteori i norskfaglig forsking- og utviklingsarbeid
Innhold
Modulen Språk og språkdidaktikk 2 vil særleg fokusere på språklege endringsprosessar og på fleirspråklegheit. Studentane skal utvikle både sin eigen språkbruk og kunnskapen sin om språk og tekst, og dei skal utvikle kompetanse knytt til ungdomstrinnet. Dei skal bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med andre fag og i praksisfeltet.
Norskfaget vil kunne samarbeide med andre fag der det er naturleg.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar
Seminar med aktiv studentdeltaking
Gruppeseminar
Grunnskulepraksis
Sjølvstudium
Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning
Arbeidsomfang
Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).
Arbeidskrav
Obligatoriske arbeidskrav:
- breiddetest
- eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
- nettsamtale
- praksisoppgåve
Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.
Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent / Ikkje godkjent.
Avsluttende vurdering
Skuleeksamen, individuell, 5 timar. Skuleeksamenen skal skrivast på den målforma som vert oppgjeve ved semesterstart.
Tillatte hjelpemidler
Læreplan for Kunnskapsløftet og bokmåls- eller nynorskordliste (avhengig av eksamensmålform)
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Skriftleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.
Eksamensspråk
Norsk.
Praksis
Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.
Evaluering av emnet
Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.
Tilbys som enkeltemne
Nei.
Litteratur og faglige ressurser
Kan bli endra
Bibliografi
Akselberg, G. (2008a). Talevariasjon, register og medvit. I: Mæhlum, B., Akselberg, G., Røyneland, U. og Sandøy, H. (red). Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kap. 7, s. 127-147 (20 s.)
Akselberg, G. (2008b). Talevariasjon i Noreg. I: Mæhlum, B., Akselberg, G., Røyneland, U. og Sandøy, H. (red). Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kap. 8, s. 149-166 (18 s.)
Akselberg, G. og B. Mæhlum (2008). Sosiolingvistisk metode. I: Mæhlum, B., Akselberg, G., Røyneland, U. og Sandøy, H. (red). Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kap. 4, s. 73-87 (15 s.)
Berggreen, H., Sørland, K. og Alver, V. (2012). God nok i norsk? Språk- og skriveutvikling hos elever med norsk som andrespråk. Oslo: Cappelen Damm. (s. 61-120) (59 s.)
Bjørhusdal, E. (2015). Nøytralitet eller nynorsk? Språkpolitiske hovudprinsipp i norsk opplæring. I Eiksund, H. og Fretland, J. O. Nye røyster i nynorskforskinga. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 104-119 (13 s.)
Budal, I. (2018). Tekststruktur og tekstsamanheng. kap. 7 i: Budal, I., R. Theil, B.Ø. Thorvaldsen og I. Tonne. Språk i skolen. Grammatikk, retorikk, didaktikk. Bergen: Fagbokforlaget/ LNU. (s. 223-250) (28 s.)
Bull, T. 2011. Samisk påverknad på norsk språk. NOA Norsk som andrespråk, 27 (1). s. 15-32
Haugen, T.A. (2019). Funksjonell grammatikk som metaspråk i skulen –ei moglegheit for djupnelæring i arbeid med språk og tekst. Acta Didactica Norge. vol. 13 (1), s. 1-22 (19 s.)
Hårstad, S. (2016). «[…] en enkel og saklig innføring i norsk språkhistorie.» Språkhistorie som norskdidaktisk emne - et faghistorisk utsyn. Acta Didactica Norge, vol. 10, nr. 3, art. 9 (17 s.)
Hårstad, S. & Opsahl, T. (2013). Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge, (s. 107 – 144). Bergen: LNU/Fagbokforlaget (37 s.)
Mæhlum, B. (2008). Normer. I: Mæhlum, B., Akselberg, G., Røyneland, U. og Sandøy, H. (red). Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kap. 5, s. 89-103 (15 s.)
Mæhlum, B. og Røyneland, U. (2012). Det norske dialektlandskapet. Oslo: Cappelen. kap. 3-7, s. 43-145 (102 s.)
Maagerø, E. (2008). Om grammatikk og fagspråk. I: Nergård, M. E. og Tonne, I. Språkdidaktikk for norsklærere. Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 6, s. 83-94 (11 s.)
Neteland, R. (2013). Industristedtalemål og dialektendring. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, vol. 31 (s. 76-97) (18 s.)
Otnes, H. og B. Aamotsbakken (2017). Tekst i tid og rom. Norsk språkhistorie. 5. utg. Oslo: Det Norske Samlaget. Kap. 1-11, s.12-275 (263 s.)
Sandøy, H. (2008a). Kontakt og spreiing. I: Mæhlum, B., Akselberg, G., Røyneland, U. og Sandøy, H. (red). Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kap. 11, s. 221-240 (19 s.)
Sandøy, H. (2008b). Skriftvariasjon. I: Mæhlum, B., Akselberg, G., Røyneland, U. og Sandøy, H. (red). Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kap. 9, s. 167-193 (26 s.)
Sandøy, H. (2008c). Språkendring. I: Mæhlum, B., Akselberg, G., Røyneland, U. og Sandøy, H. (red). Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kap 10, s. 195-219 (25 s.)
Totalt 734 sider