4BLKO4AB-E KO4 Natur, helse og rørsle
Alle versjoner:
4BLKO4AB-E (2024—2025)
4BLKO4AB-E (2023—2024)
4BLKO4AB-E (2022—2023)
4BLKO4AB-E (2021—2022)
Emnekode: 4BLKO4AB-E
Emnenavn: KO4 Natur, helse og rørsle
Undervisningssemester: Oppstart høst, undervisning over to semestre
Steder: Oslo
Studieår: 2021–2022
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 20 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
For å kunne begynne i BLKO 4, må studenten ha greidd praksis og avsluttande eksamen frå BLKO1 Barns utvikling, lek og læring. Studenten må i tillegg ha greidd praksis frå BLKO2 Kunst, kultur og kreativitet. Avsluttande eksamen frå BLKO2 må vere greidd før eksamen frå BLKO4 kan avleggjast.
Relevans i studieprogrammet
Obligatorisk emne i bachelor i barnehagelærarutdanning.
Innledning
Kunnskapsområdet omfattar natur, berekraft, mat, rørsle og helse i vid forstand. Faga som inngår er naturfag, fysisk fostring og pedagogikk. Undring og førstehandserfaringar med ulike naturfenomen og mangfaldet i naturen vil vere sentralt, samt barn si livsmeistring og danning. Naturen er ramme for rike opplevingar, læring og varierte fysiske aktivitetar som kan vere ei sterk drivkraft til å vekkja interesse og glede for naturfag, rørsle og bruk av naturen i vid forstand.
Læringsutbytte
Studenten skal etter å ha fullført kunnskapsområdet natur, helse og rørsle ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Læringsutbyttet er fundament for arbeid i barnehagen og vidare kompetanseutvikling.
KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om korleis born lærer i samspel med varierte læringsmiljø, korleis dei brukar kropp og sansar i leik og læring og korleis ein kan skape rom for detta
- har kunnskap om tydinga av friluftsliv og naturopplevingar
- har kunnskap om fysiske fenomen, biologisk mangfald og organismar i barn sitt nærmiljø
- har kunnskap om berekraftig utvikling og korleis barnehagen kan bidra til auka miljømedvit
- har kunnskap om menneskekroppen, motorikk, helsefremjande arbeid og barn si helse og livsmeistring
- har kunnskap om mat, maten sitt opphav, matlaging og måltid som pedagogisk ressurs
- har kunnskap om nasjonale føringar for helsefremmande og førebyggande tiltak.
FERDIGHETER
Studenten
- kan utforske naturen og eksperimentere saman med born og bruke nærmiljøets mogelegheiter
- kan velje og bruke materialar, råvarer, teknikkar og reiskapar i praktisk arbeid med barn og gjere nytte av lokale naturressursar
- kan legge til rette for god hygiene, fysisk aktivitet, kvile og varierte måltid i samsvar med nasjonale føringar
- kan skape og bruke ulike rom saman med barn, vurdere risiko av leikemiljø og handtere ulykker på ein hensiktsmessig måte
- kan leggje til rette for barns risikovurdering og meistring
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan reflektere over bruk av natur, barnehagens rutinar, ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv, mellom anna samiske, i arbeidet med mat, helse, natur og rørsle
- kan drøfte etiske problemstillingar knytt til kunnskapsområdet
- er medverkande og inspirerande saman med born i deira rørsleleik, naturopplevingar og måltid.
Innhold
Opplevingar og erfaringar i naturen er viktige. Barn er sanselege og kroppslege i sin veremåte, og dette dannar utgangspunkt for utforsking, undring, samtale, leik og læring. Sosiale relasjonar mellom barn, og mellom barn og vaksne i barnehagen, heng mellom anna saman med leik, måltidssituasjonar og rørslemessige erfaringar.
Dei tre faga i kunnskapsområdet vil belyse disse emna både med eit tverrfagleg og eit èinfagleg blikk med ønske om å skape ei heilskapleg forståing hjå studentane, og gjennom det -ein inkluderande, spanande og variert barnehage. Ein ynskjer også at studentane skal reflektera over korleis naturen kan gje borna estetiske og sterke opplevingar som kan prega dei for framtida. Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunne observere, analysere og forstå utviklinga og kroppslege leikekulturar hjå barn og å bruke dette til å inspirere og motivere barn. Tilrettelegging av barnehagekvardagen gjennom planlegging og organisering er viktige moment.
Arbeidet med kunnskapsområdet skal vere praktisk retta og bidra til at studentane får eit grunnlag for å bli medvetne rollemodellar. Barnehagelæraren skal kjenne til folkehelseutfordringar og skal kunne bidra til at barn si psykiske og fysiske helse blir ivaretatt. Måltid og matlaging skal gi barna eit grunnlag for å utvikle matglede og bidra til forståing for maten sitt opphav. Mangfaldet i barnehagen i vid tyding vil vera utgangspunkt for refleksjon og det vert drøfta kva natur, helse og rørsle kan bety for barn med ulik kulturell bakgrunn.
Det vektleggjast at studentane er aktive og undersøkjande, og dei skal styrkja si evne til å leia varierte læringsprosessar innan natur, helse og rørsle både for dei yngste og dei eldste borna.
Norske tradisjonar innan bruk av natur, matkultur og fysisk aktivitet kan virke framande på mange. Difor må utdanninga leggje vekt på korleis ein kan få til gode møter mellom ulike kulturar. Samisk kultur er ein del av den nasjonale kulturen og skal vere synleg i utdanninga.
Undervisninga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del.
Av gjennomgåande tema har NHR fokus på bærekraft og klimatematikk, etisk refleksjon, livsmeistring og helse til born, mangfald og likeverd, samisk kultur, pedagogisk leiing, barn med behov for særskilt omsut og oppfølging og profesjonsfagleg digital kompetanse. Bærekraft, klima og etikk vert belyst gjennom undervisning og gjennom tverrfaglege seminar i NHR. Livsmeistring er ein raud tråd gjennom praktisk undervisning og teoretisk tilnærming. Mangfald og likeverd vert spesifikt behandla i eit arbeidskrav og samisk kultur er spanande utgangspunkt for refleksjon i NHR. Gjennom undervisning og arbeidskrav vert det gjeve eit NHR perspektiv på barn med særskilte behov. Profesjonsfagleg digital kompetanse er utgangspunkt for dialog og studentane bør lære å vurdere bruk i samband med natur, helse og rørsle i barnehagen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i natur, helse og rørsle (NHR) er vekta 20 studiepoeng og startar i veke 16 og har eksamen i veke 42. Endeleg undervisningsplan vert presentert ved studiestart.
Arbeidsformene varierer mellom praktisk arbeid ute og i laboratoriet, førelesingar og seminar. Det vert gjeve eit tverrfagleg seminar med fokus på bærekraft, klimatematikk og etikk. Studentane vil gjennom gruppearbeid og problembasert læring (PBL) arbeida med problemstillingar som er relevant for kunnskapsområdet og praksisfeltet.
Arbeidsomfang
ca.600 timar.
Arbeidskrav
Følgande arbeidskrav skal vurderast til godkjend/ikkje godkjend og må vera godkjende før studenten kan framstilla seg for avsluttande vurdering:
- Deltaking og rapport frå feltarbeid og uteaktivitetar med barn. Rapporten vil ha eit fagleg og didaktisk innhald
- Basisgruppearbeid knytt til menneskekroppen, mat og matlaging
- Munnleg presentasjon av gruppearbeid knytt til mat, helse og mangfald i barnehagen
- Artsprøve
- Alle læringsaktivitetar er obligatoriske
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjend / Ikkje godkjend
Avsluttende vurdering
Den avsluttande vurderinga består av to delar:
- Ein praksisperiode. Vurderingskriteria tek utgangspunkt i kunnskapsområdets læringsutbyttebeskrivingar.
- Individuell munnleg eksamen med førebuingstid på eksamensdagen. Eksamen omfattar emne knytt til læringsutbyttebeskrivingane for dette kunnskapsområdet.
Tillatte hjelpemidler
Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver .
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Ved vurdering av eksamen blir det gitt ein samla, gradert karakter frå A til E for greidd, og F for ikkje greidd,
Praksis vert vurdert til greidd / Ikkje greidd.
Eksamensspråk
Norsk.
Praksis
Praksis inngår som ein integrert del av studiet, og vert vurdert som bestått/ikkje bestått, med vurderingskriterier utarbeida frå læringsutbyttebeskrivingane i kunnskapsområdet. Praksisperiode på 10 dagar.
(Sjå praksisplan BLU)
Evaluering av emnet
Emnet evaluerast etter kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.
Tilbys som enkeltemne
Nei
Litteratur og faglige ressurser
Det kan kome endringar i litteraturen før studiestart.
Bakke, Hjørdis H.K. 2017. Natur 1 - Barn opplever naturen (2. utg.) (s. 11-15, 27-182 og s. 195-208). Oslo, Cappelen Damm Akademisk.
*Bakke, Hjørdis H.K. 2017. Natur 2 - Barn utforsker naturfenomener (2. utg.) (s. 61-74). Oslo, Cappelen Damm Akademisk.
*Bakke, Hjørdis H.K. 2018. Natur, miljø og teknologi i barnehagen. (s. 120-138 og s. 155-159). Oslo, Universitetsforlaget.
*Bergersen, Ove. 2016. Naturopplevelser og meningsbærende steder. I O. Bergersen (red.), Barns flerkulturelle steder. Kulturskaping, retorikk og barnehageutvikling (s. 63-83). Oslo, Universitetsforlaget.
*Bjerkely, Hans Jan. 2008. Norske naturtyper - økologi og mangfold (2. utg.) (s. 25-66, s. 97-103 og s. 108-116). Oslo, Universitetsforlaget.
Dietrichs, E., Hurlen, P. og Kari C. Toverud. 2002. Den forunderlige kroppen. (s. 8-13 og s. 40-47). Oslo, Gyldendal Undervisning.
Eilifsen, Margareth (red.). 2014. På kryss og tvers. Muligheter ved flerfaglig arbeid i barnehagen (s. 97-115 og s. 185-195). Oslo, Universitetsforlaget.
Gunnestad, A. (2019). Didaktikk for barnehagelærere. En innføring (s. 31-118, s. 135-153 og s. 199-213). Oslo, Universitetsforlaget.
Hagen, Trond L.; Thomas Moser og Ellen Beate H. Sandseter. 2018. Barnas barnehage 3. Kroppslighet i barnehagen. Pedagogisk arbeid med kropp, bevegelse, mat og helse. Kap 3-5 (s. 54-97), kap. 7-16 (s. 120-302), kap. 19 og 20 (s. 345-372). Oslo, Gyldendal Akademisk.
Haukedal, Kjersti Sandnes og Hoflundsengen, Hilde. 2011. Didaktisk kompetanse i barnehagens uformelle læringssituasjoner. I: Fou i praksis 2010. rapport frå konferanse om praksisrettet FOU i lærerutdanning. Tapir Akademiske forlag.
*Johansson, Stina. 1996. Rundt i naturen sammen med barna 2 (s. 121-142). Oslo, Ad Notam Gyldendal.
Jordet, Arne Nikolaisen. 2010. Klasserommet utenfor. Tilpasset opplæring i et utvidet læringsrom (s. 171-210). Oslo, Cappelen Akademisk forlag.
*Ladstein, Sigve. 2016. Visste du at humla kan sovne som prinsesse og vakne som dronning? Verktøykassa, 3: 51-53.
*Ladstein, Sigve. 2016. Barns observasjon av fugler. Barnehagefolk, 1: 64-71.
*Ladstein, Sigve. 2018. Fascinerende Fordøyelse. Barnehagefolk, 1: 87-93.
*Ladstein, Sigve. 2019. Glitrende geologi. Barnehagefolk, 4: 76-83.
Langholm, Guri (red.); Hilmo, Inger; Holter, Kari; Lea, Anne; Synnes, Kari. 2017. Forskerfrøboka (2. utg.) (s. 11-88 og s. 179-265). Bergen, Fagbokforlaget.
Langholm, G. og Tuset, Elly H. 2013. Matglede i Barnehagen (s. 110-161). Bergen, Fagbokforlaget.
Lundhaug, Torbjørn og Neegaard, Henrik Rosted. 2013. Friluftsliv og uteliv i barnehagen. Oslo, Cappelen Damm AS.
*Lysklett, Olav B. 2013. Ute hele uka. Natur- og friluftsbarnehagen (s. 82-96). Oslo, Universitetsforlaget.
*Samdal, Oddrun og Ellen Haug. 2010. Betydningen av et sunt kosthold og fysisk aktivitet for helse og læring. I Wilhelmsen, B. U. og Holthe, A. (Red.). (2010). Måltider og fysisk aktivitet i barnehagen (s. 32-43). Oslo, Universitetsforlaget.
*Sandseter H., Ellen Beate. 2014. Boblende glede og sug i magen: risikofylt lek i barnehagen. I Sandseter H., E. B. og Jensen, J.-O. (red.). (2014). Vilt og Farlig - om barns og unges bevegelseslek (s. 13-28). Oslo, Gyldendal Akademisk.
*Stokke, Anne. Et blikk på barns vilkår for fysisk aktivitet i barnehager. En komparativ studie, 1981 og 2009. I: Barn nr. 1, 2011: 27-47.
Tordsson, Bjørn og Rognli Vale, Lill Susann. 2013. Barn, unge og natur - en studie og drøftelse av faglitteratur. HIT rapport nr. 1, Høgskolen i Telemark.
*Vedum, Trond Vidar; Dullerud, Ole og Torbjørn Ødegaard. 2005. Natur- og gårdsbarnehagen (s. 27-30, s. 113-124 og s. 151-169). Bergen, Fagbokforlaget.
Felles litteratur i pedagogikk
Vist, Torill og Marit Alvestad (red). 2012. Læringskulturer i barnehagen. Flerfaglige forskningsperspektiver (s. 20-43 og s. 115-139). Oslo, Cappelen Damm Akademisk.
*Kompendium for NHR
Referanselitteratur:
Kunnskapsdepartementet. 2017. Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Oslo, Kunnskapsdepartementet. Nettside: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan (26.05.2017).
Kunnskapsdepartementet. 2011. Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Oslo, Kunnskapsdepartementet. (Rammeplanen finnes som nettutgave på
http://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan, 26.05.2017).
Gjervan, M. (red.). 2006. Temahefte om språklig og kulturelt mangfold. Oslo, Kunnskapsdepartementet.