GL5MUS2 Musikk 2 5.-10.trinn
Alle versjoner:
GL5MUS2 (2023—2024)
GL5MUS2 (2022—2023)
GL5MUS2 (2021—2022)
GL5MUS2 (2020—2021)
GL5MUS2 (2019—2020)
GL5MUS2 (2018—2019)
GL5MUS2 (2017—2018)
Emnekode: GL5MUS2
Emnenavn: Musikk 2 5.-10.trinn
Undervisningssemester: Vår
Steder: Bergen
Studieår: 2021–2022
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 30 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Sjå programplan.
Anbefalte forkunnskaper
Musikk 1 eller tilsvarande.
Relevans i studieprogrammet
- Obligatorisk emne i årsstudiet i musikk 5-10
- Valfritt relevant emne i grunnskulelærarutdanning 5-10.
Innledning
Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle elevar musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom musisering, komponering og lytting. I musikkstudiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det derfor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske utvikling, og fagdidaktisk kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere musikkundervisning.
Faget skal gi grunnleggande innsikt i musikk som eit utøvande, skapande og lyttande fag, estetiske læringsprosessar og kreativitet, den norske og internasjonale musikkarven, i musikk som fleirkulturelt samfunnsfenomen og i musikk som identitetsskapande uttrykksform. Det skal gi grunnlag for studentane si allmenne danning og faglege vekst og gi dei opplæring i å kunne ta aktivt del i kultur-, skule- og fagutvikling i sitt framtidige yrke. Arbeidet med faget skal på alle nivå omfatte forskingsbasert kunnskap og erfaring knytt til dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i gjeldande læreplanar for grunnskulen og i praksisfeltet. Studiet skal gi grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fagområde og instansar utanom skulen. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnarlege sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er derfor sentrale på alle nivå.
Faget skal gjere studentane fortrulege med progresjon i musikkfagleg læring, musikalsk ungdomskultur, media og teknologi, og med vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter og kompetansar, slik desse er utforma i gjeldande læreplan for musikk i grunnskulen. Faget skal utvikle studenten si evne til kommunikasjon og personlege uttrykk.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgande læringsutbytte:
KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om grunnlagslitteratur og aktuelle debattar om skulefaget musikk og musikk som vitskaps- og kunstfag
- har inngåande kunnskap om musikalsk ungdomskultur, media og teknologi og om forholdet mellom formell og uformell læring i musikk
- har kunnskap om kjenneteikn på eit mangfaldig og inkluderande læringsmiljø og om fellesskap for musikalsk læring
- har kunnskap om ulike sjanger- og stilideal innanfor områda improvisasjon, komposisjon og arrangering
- har kunnskap om forholdet mellom musikk og emosjonelle og sosiale kompetansar og mellom musikk og vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter
- har forskingsbasert kunnskap om musikkopplæring og kunnskap om metodar for forskings- og utviklingsarbeid i musikk
FERDIGHEITER
Studenten
- kan planlegge, leie, gjennomføre og vurdere ulike læringsløp i musikk
- kan reflektere over og drøfte musikkens rolle i eit mangfaldig samfunn
- kan drøfte kva rolle uformelle opplæringsarenaer har for musikk- og danseopplæring for elevar og kva for verknad slike erfaringar kan ha for musikkopplæringa i skulen
- kan framføre et variert repertoar av musikk i skulen, aleine og i samspel med andre
- kan ta i bruk gehørbaserte ferdigheiter til å forstå, analysere, skape og utøve musikk
- kan skape sin eigen musikk ved hjelp av akustiske og digitale instrument og legge til rette musikalsk materiale for ulike framføringsføremål og for musikkundervisning og læringsprosessar
- kan vurdere og analysere musikk med utgangspunkt i estetikk og kulturteori
- kan gjennomføre eit sjølvstendig fagdidaktisk forskings- og utviklingsarbeid som bygger på grunnleggande forskingsetiske prinsipp
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan legge til rette for elevvurdering som bygger på faglege omsyn og forskingsbasert kunnskap om vurdering og kommunisere grunnlaget for vurderinga til andre
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere ei heilskapleg musikkopplæring i tråd med gjeldande læreplan for grunnskulen og drøfte korleis samarbeid med ulike eksterne instansar kan styrke læringsløp i musikk
- kan bidra i faglege endringsprosessar gjennom å legge vekt på innovasjon, endring og fleksibilitet i eiga lærarrolle
Innhold
Valfaget Musikk 2 gir studenten moglegheit til å vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar i musikk og få utvida pedagogisk forståing knytt til bruk av musikk og musikkrelaterte aktivitetar i skulen på trinna 5-10.
Undervisninga er organisert i hovudområda musisering, komponering, lytting og didaktikk.
Musisering: Studenten skal få vidareutvikle sine ferdigheiter innanfor song, spel, leik og rørsle. Innanfor desse områda skal studenten også tileigne seg eit repertoar som kan brukast i skulen på trinna 5-10. Hovudområdet involverer undervisning og øving på eige hovudinstrument og samspel på eige og andre instrument, som til dømes bandinstrument, stavspel og rytmeinstrument.
Komponering: Studenten skal her få erfaring med å ta i bruk eigne skapande evner gjennom improvisering og komponering. Det vil bli lagt til rette for at studenten blant anna skal tileigne seg betre ferdigheiter innan improvisasjon og komponering, få større innsikt i sjanger-, komposisjons- og formlære, og få trening i arrangering og tilrettelegging av musikalsk materiale. I hovudområdet inngår bruk av IKT i form av opptaksutstyr og musikkprogram.
Lytting: Innanfor lytting som hovudområde skal studenten få moglegheit til å vidareutvikle sitt musikalske gehør og utvide sine musikkteoretiske og musikkhistoriske kunnskapar. Det leggast vekt på utvida innsikt i ulike sjangrar innanfor kunst-, rytmisk- og ikkje-vestleg musikk. Gjennom aktiv lytting og refleksjon skal studenten vurdere og analysere musikk både som estetisk og kulturelt objekt. IKT vil bli brukt i form av høyrelæreprogram.
Didaktikk: Hovudområdet inneheld både teoretiske og metodiske komponentar. Studenten skal her få djupare kunnskap om musikk som fag i skulen og få kunnskap om ulike metodiske innfallsvinklar til undervisning i musikk på trinna 5-10. Nokre av de emna som blir trekt fram er: Musikk og kjensle, elevvurdering, musikalsk leiing, kultur og identitet, musikk og media og forskings- og utviklingsarbeid i musikk.
I dette hovudområdet vil det også arbeidast vidare med fagdidaktisk teori og metode innan hovudområda musisering, komponering og lytting. Det jobbast mot at studentane skal utrustast til å kunne planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk på 5-10 og styrke si evne til didaktisk refleksjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Musikkfaget krev ein stor bredde i arbeidsformer. Undervisninga vil skje i praktiske seminar, førelesningar, samt undervisning, vegleiing og eige arbeid i mindre grupper og individuelt.
Arbeidsomfang
900 timar
Arbeidskrav
Følgande arbeidskrav inngår i studiet:
- Musisering: Konsertar for barn/unge og studentar
- Komponering: Eit gitt tal øvings-/mappeoppgåver
- Lytting: Eit gitt tal teori- og lytteoppgåver og deltaking på ekstern konsert (med refleksjon)
- Didaktikk: Eit gitt tal praktiske oppgåver og skriftleg musikkdidaktisk oppgåve
- Godjkent frammøte
Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.
Alle arbeidskrav er obligatoriske. Nærmare opplysningar om arbeidskravenes innhald og tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt i semesterplanen. Arbeidskrav vurderast som godkjent eller ikkje godkjent tel ikkje ved fastsetting av endeleg karakter for studiet.
Alle arbeidskrav må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen.
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent / ikkje godkjent
Avsluttende vurdering
- Individuell, skriftleg heimeeksamen i didaktikk. Tidsramme er éi veke. Denne delen tel 49% av endeleg karakter.
- I tillegg skal studentane ha en praktisk/munnleg eksamen med desse elementa:
- hovudinstrument
- mappeoppgåver i komponering
- spørsmål knytt til musikkteori/høyrelære og musikkhistorie, samt eventuell oppfølgande samtale knytt til hovudinstrument og mappe i komponering.
Denne delen tel 51% av endeleg karakter.
Tillatte hjelpemidler
Skriftleg eksamen: Alle hjelpemiddel er tillatt.
Praktisk/munnleg eksamen: Ingen
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Skriftleg eksamen: Vurderast individuelt med gradert karakter A-F.
Praktisk/munnleg eksamen: Vurderast individuelt med gradert karakter A-F.
Eksamensspråk
Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.
Praksis
Studentane skal gjennomføre eitt musikkfagleg undervisningsopplegg i praksis. I etterkant av praksis skal det leverast ein praksisrapport knytt til dette opplegget.
Sjå praksisplan for MGLU5
Evaluering av emnet
Det vil bli emneevaluering etter kvalitetssystemet for NLA Høgskulen.
Litteratur og faglige ressurser
Hanken,I. og Johansen, G. (2013). Musikkundervisningens didaktikk. Cappelen Damm Akademisk. Kap. 6-9, 15-16
Molde, Audun og Geir Salvesen (2000): Ekko 2. Musikkorientering VK2. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. Hentet fra https://www.nb.no/items/9dbb60f92e5bc45ee635a695c5036967?page=1&searchText=Ekko%202 (kapittel 11-16)
Sætre, J.H. & Salvesen, G. (red.) (2010). Allmenn musikkundervisning. Oslo: Gyldendal Akademisk Forlag. Kap. 5-7, 9-10, 15-17
- Kompendium
- Lytte- og øvepensum i musikkhistorie og hørelære
- Web-ressurser (se Canvas).