MGL5SA201 Samfunnsfag 2 5-10

Alle versjoner:
MGL5SA201 (2024—2025)
MGL5SA201 (2023—2024)
MGL5SA201 (2022—2023)
MGL5SA201 (2021—2022)
MGL5SA201 (2020—2021)
MGL5SA201 (2019—2020)

Emnekode: MGL5SA201

Emnenavn: Samfunnsfag 2 5-10

Undervisningssemester: Vår

Steder: Bergen

Studieår: 2021–2022

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valgfritt relevant emne i grunnskolelærarutdanninga 5-10. Obligatorisk for studentar som skal ta master, samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga.

Emnet kan ikkje takast som einskildemne.

Innledning

Samfunnsfag 2, mynta på 5. til 10.klasse i grunnskulen, skal førebu studentane på å undervisa i samfunnsfag på desse trinna. Forutan breiddeperspektiv er det også tale om kunnskap som går meir i djupna. Faget består av fire delemne - (1) Framveksten av det moderne Noreg, (2) Migrasjon, (3) Den globale arena og (4) Fagdidaktisk teori og forsking. Studiet fokuserer på samfunnseiningar på ulike nivå, frå det lokale til det globale. Folk på vandring er ikkje noko nytt. Kven som flyttar og kvar rutene går seier noko om tidene før og no. For skuld migrasjon, ny teknologi, auka handel, reiser, studieopphald m.m. har verda på eit vis blitt «mindre». I sum gjev dette opphav til nye strukturar og prosessar. Den stigande kompleksiteten skjerpar også dei samfunnsdidaktiske utfordringane i faget.

Studentane får innføring i og erfaring med ulike historiske og samfunnsvitskapelege metodar gjennom miniforskingsprosjekt og FoU-oppgåva.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har djupnekunnskap om utvalde samfunnsfaglege teoriar, metodar og forskingsfelt
  • har djupnekunnskap om utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen
  • har djupnekunnskap om sentrale føresetnader for og problemstillingar knytte til statsdanning og demokratiseringsprosessar
  • har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, immigrasjon og globalisering
  • har kunnskap om økonomiske strukturar og makt
  • har djupnekunnskap om staden, den romlege dimensjon og geografisk identitet
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid med relevans for 5-10-trinn innanfor eige prosjektområde, og innsikt i forskingsetiske dilemma og forskingsmetode knytt til dette
  • har oversikt over og forståing av aktuell og relevant forskingslitteratur

Ferdigheter

Studenten

  • kan arbeida med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremja kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan søkja, vurdera og tolka ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • kan planleggja og leia læringsarbeidet med særleg vekt på grunnleggjande ferdigheiter og tilpassa opplæring
  • kan bruka og evaluera ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid og rom
  • kan leggja til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • kan nytta relevante metodar i eit forskings- og utviklingsarbeid og reflektera over vitskapsteoretiske og forskingsetiske implikasjonar av eige prosjekt
  • kan vurdera samanhengen mellom eige forskings- og utviklingsprosjekt og praksis
  • kan drøfta resultat av forskings- og utviklingsprosjekt på kolleganivå og framstilla eige prosjekt for medstudentar og lærarar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggja til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan leggja til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir til
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvera lokalt samfunnsliv i opplæringa
  • har innsikt i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
  • har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan planleggja og gjennomføra eit FoU-arbeid og drøfta relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan reflektera over val av metode og relevant vitskapsteori i forskings- og utviklingsarbeid knytt til samfunnsfag, og formidla eit praksisrelevant fagleg emne skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer

Dei kursiverte læringsutbytteutgreiingane gjeld studentar som skal skriva FoU-oppgåva i samfunnsfag.

Innhold

Presentasjon av emnet

Samfunnsfag 2 byggjer vidare på Samfunnsfag 1, og går meir i djupna innan utvalde emne. For å fremja eit integrert perspektiv, er det valt ei tematisk tilnærming forankra i fire ulike emne:

1. Framveksten av det moderne Noreg

2. Migrasjon

3. Den globale arena

4. Fagdidaktisk teori og forsking

Framveksten av det moderne Noreg (1) gjev innsikt i at økonomi/samfunn-dimensjonen kan studerast på ulike nivå, og at mikroorienterte studiar, av ein gard eller ei bedrift, kan kasta lys over større samanhengar og gje kunnskap om verdiskaping og økonomiske strukturar. I dette emnet vert også den geografiske identiteten og den romlege dimensjonen fletta inn.

Migrasjon (2) skal gje evne til å sjå innvandring og utvandring i ein større geografisk og historisk samanheng, og kunna tilføra den politiske debatten nye perspektiv. Dagens folkevandringar vert samanlikna med den norske utvandringa til Amerika.

Den globale arena (3) fokuserer på både økonomiske og politiske sider ved globaliseringa. Både bistandspolitikk og fredsdiplomati vert studert som ein del av Nord-Sør-relasjonen. Emnet tek opp ulike demokratiseringsprosessar med fordjuping i dei særlege utfordringane for statsdanning og demokratisering i Afrika.

Fagdidaktisk teori og forsking (4) skal styrka studenten sin samfunnsfaglege didaktiske kompetanse, fremja kritisk refleksjon og medvit om verdiar. Skulen er ein sentral institusjon i det norske demokratiet, og skulen sitt samfunnsmandat får eit særleg fokus. Studiet legg også vekt på ei vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering av læringsarbeidet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i seminar og førelesningar, gruppearbeid, førebudde studentinnlegg, praksis, ekskursjon, sjølvstudium og rettleiing på tekst.

Arbeidsomfang

Berekna arbeidsmengde for student: ca. 900 timar

Arbeidskrav

Følgjande arbeidskrav må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen:

For alle studentar i emnet

  • Skriftleg oppgåve (miniforskningsprosjekt) Alle studentar skriv ei oppgåve og dei som ikkje skriv FoU-oppgåve i samfunnsfag, skriv to oppgåver.*Sjå under
  • 2 munnlege presentasjonar, ein av desse førebudd fagleg debatt
  • Breiddetest
  • Praksisoppgåve/fagdidaktisk tekst med fokus på 5.-10. trinn

Studentar som har samfunnsfag som masterfag skal skriva ei profesjonsretta FoU-oppgåve med følgjande arbeidskrav:

  • Problemstilling
  • Litteraturliste etter gjevne kriterium
  • Tekstutkast etter gjevne kriterium
  • Deltaking på forskingsseminar
  • Deltaking i ei grupperettleiing
  • Deltaking i ei individuell rettleiing

For studentar som ikkje skriv FoU-oppgåve i samfunnsfag

  • Skriftleg oppgåve (miniforskningsprosjekt) *

Obligatorisk undervising går fram av undervisingsplanen. Nærare opplysningar om innhaldet i arbeidskrava og tidspunkt for gjennomføring vil bli gjeven i årsplanen for faget ved studiestart.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / ikkje godkjend

Avsluttende vurdering

  • Individuell skuleeksamen, 6 t.  
  • FoU-oppgåve for studentar som har samfunnsfag som masterfag

Tillatte hjelpemidler

Skuleeksamen: Ingen

FoU-oppgåve: Alle

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Skuleeksamen: Det vert gjeve gradert karakter frå A - F, der F er ikkje bestått.

FoU-oppgåve: Bestått/ikkje bestått

Eksamensspråk

Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

Sjå praksisplan for MGLU5.

Evaluering av emnet

Det vil bli føreteke emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen. Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.

Litteratur og faglige ressurser

Framveksten av det morderne Noreg 

Almås, R. (2002). Norsk Landbrukshistorie: Bd. 4. 1920–2000. Frå bondesamfunn til bioindustri (s. 383–411). Det norske samlaget. (29 sider) 

Andresen, A., Rosland, S., Ryymin, T. & Skålevåg, S. A. (2015). Kjeldekunnskap. I Å gripe fortida. Innføring i historisk forståing og metode (s. 43–62). Det norske samlaget. (20 sider) 

Angell, S. A., Grove, K. & Selle, P. (2006). Folkerørslene og frivillige organisasjonar. I K. Helle (Red.), Vestlandets historie: Bd. 2. Samfunn (s. 298–341). Fagbokforlaget. (44 sider)  

Brundtland, G.H. (1987). Mot en bærekraftig utvikling. Vår felles framtid. Verdenskommisjonen for miljø og utvikling. (s. 42-56). Tiden Norsk Forlag (15 sider)  

Brusdal, R. og I. Frønes 2016. Forbrukere og forbrukersamfunn. I . Frønes, I. og L. Kjølsrød. Det norske samfunn: Bd.3 (7. utg., s. 294-313). Gyldendal Akademisk. (20 sider) 

Engelstad, F. (2010). Makt – konsentrasjon og fordeling. I Frønes. I. og L. Kjølsrød (red). Det norske samfunn (6. utg., s. 164-190) Gyldendal Akademisk (27 s)

Hagesæther, G. (2007). Oppdragermandat og oppdrageransvar. I . Kaldestad, O. H., E. Reigstad, J. Sæther & J. Sæthre (Red.), Grunnverdier og pedagogikk (s. 203–215). Fagbokforlaget. (13 sider) 

Haugen, M. S. & Villa, M. (2016). Lokalsamfunn i perspektiv. I . Villa, M. & M. S. Haugen (Red.), Lokalsamfunn (s. 17–33). Cappelen Damm Akademisk. (17 sider)  

Hessen, D. O. (2020). Klima. Verden på vippepunktet (s. 129-167). Res Publica (28 sider)

Hestnes, T. (2021). Hvordan være kritisk til informasjon? (Kapittel i bok under publisering) (25 sider)

Holm, P., Tveiterås, K. og Elvevoll, E.O. 2016. Fisk i fellesskap. Norsk sjømat som næring og samfunnsbærer. I . Frønes, I. og L. Kjølsrød. Det norske samfunn: Bd.2. (7. utg., s. 168-189). Gyldendal Akademisk. (22 sider) 

Hundstad, D. (red.) (2021). Kvifor vart det slik? Norsk historie gjennom 10 000 år (s. 138-219 og 253-334, 367-374) (172 sider)

Jøssang, L.G. (2015). Lokalsamfunnet som fagleg og pedagogisk ressurs. I K. Børhaug, K., O. R. Hunnes & Å. Samnøy (Red.), Spadestikk i samfunnsfagdidaktikken (s. 41–59). Fagbokforlaget. (19 sider) 

Kolle, N. (2014). Norskekysten – en naturens gave. I Kolle, N. (Red.), Norges – fiskeri- og kysthistorie: Bd. 1. Fangstmenn, fiskerbønder og værfolk fram til 1720 (s. 15–41). Fagbokforlaget. (17 sider)  

Lorentzen, H. 2010. Det sivile samfunn. I Frønes, I. & Kjølsrød, L. (Red.) Det norske samfunn. (6. utg., s. 308-326). Gyldendal Akademisk. (19 sider) 

Melve, L. & Ryymin, T. (2018b). Å arbeida med munnlege kjelder. I . Melve, L. & T. Ryymin (Red.), Historikerens arbeidsmåter (s. 122–147). Universitetsforlaget. (26 sider) 

Myhre, J. E. (2015). Norsk historie 1814–1905. Å byggje ein stat og skape ein nasjon (2. utg., s. 190–221 . Det norske samlaget. (32 sider)  

Ohman Nielsen, M.-B. (2011). Det hyperkomplekse samfunn. I NORVEGR. Norges historie, Etter 1914 (s.256-295, Aschehoug (40 sider)

Ott, A. (2019). Kritisk tenkning og bærekraft i fagfornyelsen. I . Ferrer, M. & A. Wetlesen (Red.), Kritisk tenkning i samfunnsfag (s. 30–49). Universitetsforlaget. (20 sider) 

Schieflo, P. M. (2016). Norge og oljen. I  Frønes, I. og L. Kjølsrød. Det norske samfunn: Bd.2 (7. utg., s. 139-167).: Gyldendal Akademisk . (28 sider) 

Schiefloe, P. M. (2019). Mennesker og samfunn. Innføring i sosiologisk forståelse (3. utg., s. 15–33). Fagbokforlaget. (19 sider)  

Sejersted, F. (2013). Etter sosialdemokratiet: mot nye sosiale strukturer? Sosialdemokratiets tidsalder. Norge og Sverige i det 20. århundre (s. 576-599). Pax Forlag A/S (24 s)

Sinnes, A. (2021). Utdanning for bærekraftig utvikling. Hva, hvorfor og hvordan? (s. 43-72). Universitetsforlaget (26 sider)

Sætre, P. J. (2015). Vurdering av lærebøker. I Mikkelsen, R. & P. J. Sætre (Red.), Geografididaktikk for klasserommet (3. utg., s. 139–159). Cappelen Damm akademisk. (21 sider)  

Tveiten, A. (2007). Historisk perspektiv på grunnskulens føremålsparagraf. I O. H. Kaldestad, E. Reigstad, J. Sæther & J. Sæthre (Red.), Grunnverdier og pedagogikk (s. 161–182). Fagbokforlaget. (22 sider) 

Veiden, P. (2020). Max Weber. Aktuelle perspektiver. Cappelen Damm Akademisk. (217 sider)

 

Migrasjon 

Fuglerud, Ø (2017) Migrasjonsforståelse.Universitetsforlaget. (288 sider)

Brochmann, G. (2015). Immigration and the Nordic Welfare State: a tense companionship. I P. Kettunen, P. S. Michel & K. Petersen (Red.), Race, Ethnicity and Welfare States. An American Dilemma? (s. 83–106). Edward Elgar Publishing. (24 sider) 

Carling, J. (2017). Migrasjon. I D. Jordhus-Lier, D. & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 263–276): Cappelen Damm Akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (14 sider) 

Collier, P. (2014). Exodus. Immigration and Multiculturalism in the 21st Century (s. 179–193, 195–227). Penguin. (48 sider) 

Majid, S. (2019). Ut av skyggene. Den lange veien mot likestilling for innvandrerkvinner (s. 174–194, 195–204): Aschehoug. (31 sider) 

Wærdahl, R. (2010). Den fremmede. I D. Album, D. M. N. Hansen & K. Widerberg (Red.), Metodene våre. Eksempler fra samfunnsvitenskapelig forskning (s. 235–249). Universitetsforlaget. (15 sider) 

Østrem, N. O. (2014). Norsk utvandringshistorie, kap. 1, 3, 4 og 5. Det norske samlaget. (2. utg. ca. 100 sider)

 

Den globale arena  

Balsvik, R. R. (2010). Det 20. århundrets historie – et globalt perspektiv (s. 195–299). Cappelen. (105 sider - kursorisk) 

Bakken, Y. (2015). «De fattige er ofte brune barn som får gå rundt i undikken» – om barnlige fortolkninger av bistands- og solidaritetsarbeid. I K. Børhaug, K., O. R. Hunnes & Å. Samnøy (Red.), Spadestikk i samfunnsfagdidaktikken (s. 179–196). Fagbokforlaget. (18 sider) 

Børhaug, K. (2020). Opplæring for demokrati i ei globalisert verd. I Solhaug, T. (Red.) Skolen i demokratiet – demokratiet i skolen (2. utg., s. 163–179). Universitetsforlaget. (17 sider)

Eidsvik, E., Kolstad, E. W., Nielsen, P. R. & V. Vågenes. (2019). Verda og vi (s. 308–333). Det norske samlaget. (26 sider) 

Engh, S. & Vik, H. H. (2013). Utviklingshjelp – idealisme og stormaktspolitikk. I

Waage, H.H., R. Tamnes & H. H. Vik (Red.), Krig og fred i det lange 20. århundre (s. 333–353). Cappelen Damm. (21 sider) 

Eriksen, T. L. & Smukkestad, O. (2013). Bistand og utvikling i et nytt landskap. I T. L.

Eriksen & K. B. Feldberg (Red.), Utvikling. En innføring i utviklingsstudier (s. 287–311). Cappelen Damm. (25 sider) 

Fangen, K. (2010). Multilokalt eller komparativt feltarbeid: Ulike nivåer for sammenligning i et europeisk prosjekt om unge innvandrere. I Album, D. M. N. Hansen & K. Widerberg (Red.), Metodene våre. Eksempler fra samfunnsvitenskapelig forskning (s. 189–204). Universitetsforlaget. (16 sider) 

Hellestveit, C. (2016). Migrasjonskrisen: Som man sår? Om forholdet mellom vestlige intervensjoner og flyktningkrisen. Internasjonal Politikk, 74(2), 1–11. http://dx.doi.org/10.17585/ip.v74.455 (11 sider) 

Jordhus-Lier, D. (2017). Et globalt arbeidsliv i endring. I . Jordhus-Lier , D. & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 109–120). Cappelen Damm akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (12 sider) 

Knutsen, H. M. & Haugen, H. Ø. (2017). Utvikling i globale verdikjeder og produksjonsnettverk. I Jordhus-Lier, D. & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 95–107). Cappelen Damm akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (13 sider) 

Lewis, B. (2012). Why Poverty. Poor Us: An Animated History of Poverty. Henta 8.11.2019 frå https://www.thewhy.dk/films/poor-us-an-animated-history-of-poverty (film) 

Lundestad, G. 2015. Øst – Vest – Nord – Sør. Hovedlinjer i internasjonal politikk etter 1945 (s. 283–318). Universitetsforlaget. (36 sider)  

Muriaas, R. (2011). Afrikanske utfordringer. En innføring i afrikansk politikk. Høyskoleforlaget. (115 sider) 

Nordenson, J. (2018). Fra opprør til kaos: Midtøsten etter den arabiske våren (s. 185–206; 261–271). Universitetsforlaget. (23 sider) 

Sæther, B. (2017). Økonomisk globalisering. I Jordhus-Lier, D. & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 73–83). Cappelen Damm Akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (11 sider) 

Tvedt, T. (2019). Libya-krigen og fraværet av etterpåklokskap. I T. Heier, R. Ottesen og T.

Tvedt (Red.), Libya: Krigens uutholdelige letthet (s. 23–45).  Cappelen Damm akademisk. (24 sider) 

Østerud, Ø. (2006). Lite land som humanitær stormakt? Nytt norsk tidsskrift, 23(4), 303–316. (14 sider) 

 

Sum: 1870 sider (ca) + ca. 200 (100?) sider sjølvvald litteratur til FoU-oppg./prosjektoppg.