4MGL5NO201 Norsk 2, modul 1 5-10, Språk og språkdidaktikk 2
Alle versjoner:
4MGL5NO201 (2024—2025)
4MGL5NO201 (2023—2024)
4MGL5NO201 (2022—2023)
4MGL5NO201 (2021—2022)
4MGL5NO201 (2020—2021)
4MGL5NO201 (2019—2020)
Emnekode: 4MGL5NO201
Emnenavn: Norsk 2, modul 1 5-10, Språk og språkdidaktikk 2
Undervisningssemester: Vår
Steder: Oslo
Studieår: 2022–2023
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 10 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Sjå programplan
Relevans i studieprogrammet
Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10
Innledning
Emnet Språk og språkdidaktikk 2 vil særleg fokusere på språklege endringsprosessar, på fleirspråklegheit og på språkdidaktikk. Ungdomstrinnet vil stå sterkt i fokus.
Læringsutbytte
Ved NLA Høgskolen går Norsk 2, 5-10 (30 sp) over to semester i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 2 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Språk og språkdidaktikk 2» har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om Norge og Norden som fleirspråkleg samfunn, med samisk, nasjonale minoritetsspråk og nordiske nabospråk
- har brei kunnskap om norsk språkhistorie i eldre og nyare tid
- har kunnskap om språklege endringsprosessar, geografisk og sosial variasjon, og om normeringsproblematikk for nynorsk og bokmål
- har kunnskap om samanhengen mellom språk og identitet
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5.-10.-trinn i språklege emne
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskap om norsk språkhistorie til å bidra til at elever utviklar nasjonal og kulturell identitet og tilhøyrsel
- kan bruke kunnskap om språkleg variasjon og endring til å fremme respekt for variasjon og mangfald hos elevar
- kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit og fleirspråkleg praksis i tilrettelegging for ei samansett og fleirkulturell elevgruppe
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
- kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur
- kan skrive akademiske fagtekstar og delta i norskfaglege drøftingar knytte til grunnskulelærarpraksis
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i grunnskolefagets historie og i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
- kan leggje til rette for at alle elevar på mellom- og ungdomstrinnet vidareutviklar grunnleggjande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som deltek aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og faglege kunnskapar og innsikter
- kan reflektere over val av metode og relevant vitskapsteori i norskfagleg forskings- og utviklingsarbeid
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule
Innhold
Emnet Språk og språkdidaktikk 1 vil ha særleg fokus på språket som system, språket i bruk og på individuell fleirspråklegheit, i eit didaktisk perspektiv.Studentane skal utvikle både sin eigen språkbruk og kunnskapen sin om språk og tekst.
Dei skal bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med andre fag og i praksisfeltet.
Språkemnet kan samarbeide med andre norskemne om språkleg analyse av tekster
Norskfaget vil kunne samarbeide med andre fag der det er naturleg.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar
Seminar med aktiv studentdeltaking
Gruppeseminar
Grunnskulepraksis
Sjølvstudium
Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning
Arbeidsomfang
Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).
Arbeidskrav
Obligatoriske arbeidskrav:
- breiddetest
- eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
- nettsamtale
- praksisoppgåve
Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.
Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent / Ikkje godkjent.
Avsluttende vurdering
Skuleeksamen, individuell, 5 timar. Skuleeksamenen skal skrivast på den målforma som vert oppgjeve ved semesterstart.
Tillatte hjelpemidler
Læreplan for Kunnskapsløftet og bokmåls- eller nynorskordliste (avhengig av eksamensmålform)
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Skriftleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.
Eksamensspråk
Norsk.
Praksis
Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.
Evaluering av emnet
Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.
Tilbys som enkeltemne
Nei.
Digital litteraturliste
Litteratur og faglige ressurser finner du her.