4MGL5SA101 Samfunnsfag 1 5-10
Alle versjoner:
4MGL5SA101 (2024—2025)
4MGL5SA101 (2023—2024)
4MGL5SA101 (2022—2023)
4MGL5SA101 (2021—2022)
4MGL5SA101 (2020—2021)
4MGL5SA101 (2019—2020)
Emnekode: 4MGL5SA101
Emnenavn: Samfunnsfag 1 5-10
Undervisningssemester: Høst
Steder: Oslo
Studieår: 2022–2023
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 30 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Sjå programplan
Relevans i studieprogrammet
Valfritt relevant emne i grunnskolelærarutdanninga 5.-10. trinn. Obligatorisk for studentar som skal ta master - samfunnsfag i grunnskolelærarutdanninga.
Emnet kan takast som einskildemne
Innledning
Studiet skal førebu studentane på å undervisa i samfunnsfag i grunnskulen. Dette krev både fagleg og fagdidaktisk innsikt. Studiet legg vekt på at studentane skal kunna orientera seg i fortid, notid og framtid, i tillegg til det lokale, nasjonale og globale perspektiv. Dei skal øva seg i å reflektera og argumentera, og på den måten fremja haldningar, verdiar og gjennomtenkte synsmåtar. Målet er å danna kritiske, initiativrike og ansvarlege lærarkandidatar, som kan gå inn som aktive deltakarar i skule og samfunn. Gjennom ulike læringsstrategiar skal studenten øva opp kompetanse i å utforska, skapa, samhandla og leia læringsprosessar som introduserer elevane for samfunnsvitskaplege tenkjemåtar, og fremjar elevane si interesse for faget.
Tilnærmingsmåten er brei, og inkluderer både geografiske, historiske og samfunnsvitskaplege perspektiv; perspektiv som både utfyller og kompletterer kvarandre. Medan geografifaget er oppteke av den romlege dimensjonen, av korleis naturen blir brukt og misbrukt, har historiefaget blikket vend mot fortida – mot ulike epokar og viktige hendingar i Noregs- og verdshistoria – med vekt på kjeldearbeid, ulike forklaringstypar og historiebruk. Korleis menneske skaper og blir ein del av ulike samhandlingsmønster, ofte med ulik fordeling av makt og ressursar, er sentrale moment i den notidsorienterte samfunnskunnskapen. Den rører også ved vilkåra for demokrati, medborgarskap og tilhøyrsle.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om samfunnsfaglig og -didaktisk teori, metode og forsking
- har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap og demokrati
- har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane og om kulturelt mangfald i Noreg
- har kunnskap om geografisk grunnomgrep
- har kunnskap om samspelet mellom menneske og natur med vekt på ressursfordeling, klima, miljø, teknologi og berekraftig utvikling
- har kunnskap om samspelet mellom demografiske tilhøve og global fordeling
har kunnskap om sosialisering, identitetsdanning, livsmeistring og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv
- har kunnskap om kjeldekritiske og andre samfunnsfaglege problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag
- har kunnskap om ideologiar, makt, politikk, politiske parti og styringsformer
- har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk og historisk perspektiv
Ferdigheter
Studenten
- kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med elevane
- kan søkje, vurdere og tolke ulike typar kjelder og legge til rette for gode læringsprosessar kring kjeldebruk
- kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
- kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
- har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir til
Innhold
Presentasjon av emnet
For å fremja eit integrert perspektiv, er det valt ei tematisk tilnærming forankra i seks ulike emne:
Introduksjon: Samfunnsfaglæraren (1)
Vegen til det moderne samfunnet (2)
Globale konfliktar og globalt samspel (3)
Individ, kultur og samfunn (4)
Norge - eit land i verda (5)
Kva er det gode samfunnet? Ideologi, politikk og demokrati (6)
«Introduksjon: Samfunnsfaglæraren» (1) gjev ei innføring i samfunnsfaglege og samfunnsfagdidaktiske teoriar, metodar og grunnomgrep.
«Vegen til det moderne samfunnet» (2) skal gje overblikk over verdshistoriske epokar og samfunnsendringar fram mot moderne tid, og introdusera arbeid med historiske kjelder.
«Globale konfliktar og globalt samspel» (3) skal gje kunnskap om konfliktar og samarbeid i eit geografisk og historisk perspektiv, og gje kunnskap om samspelet mellom menneske og natur, mellom befolkning, mobilitet og globalisering.
«Individ, kultur og samfunn» (4) set fokus på sosialisering, identitetsdanning og ulikskap, og problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag. Dette emnet vil gje innsikt i samane si historie som urfolk, nasjonale minoritetar, og det fleirkulturelle Noreg.
«Noreg - eit land i verda» (5) gjev eit riss av samfunnsendringane frå vikingtida fram mot dagens velferdssamfunn, med introduksjon av lærebokanalyse og nasjonale forteljingar.
«Kva er det gode samfunnet? Ideologi, politikk og demokrati» (6) skal gje kunnskap om ideologiar, makt, politiske system, demokrati og menneskerettar, og la studentane reflektera over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet i teori og praksis. I arbeids- og undervisningsformene vert det lagt vekt på grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering av læringsarbeidet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i seminar og førelesningar, gruppearbeid, førebudde studentinnlegg, praksis, ekskursjon, sjølvstudium og rettleiing på tekst.
Arbeidsomfang
Arbeidsmengde for student: ca 900 timar
Arbeidskrav
Deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)
2 Fagtekstar
3 Definisjonsoppgåver/leserapportar/digitaloppgaver
1 Munnleg presentasjon
Breiddetest
Praksisoppgåve/fagdidaktisk tekst med fokus på 5.-10. trinn
Vurdering av medstudents tekst
Nærare opplysningar om arbeidskravas innhald og tidspunkt for gjennomføring vert gjeven i årsplanen for faget ved studiestart.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjend / Ikkje godkjend. Individuell vurdering.
Avsluttende vurdering
- Munnleg eksamen, tel 50% av karakteren
- 3 dagars heimeeksamen (2500-3000 ord), tel 50 % av karakteren
Tillatte hjelpemidler
Heimeeksamen: Alle
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Det vert gitt gradert karakter fra A- F, der F er ikkje greidd.
Eksamensspråk
Norsk.
Andre språk kan godkjennast etter søknad
Progresjonskrav
Emnet Samfunnsfag 1 må vera greidd før studenten kan starta på Samfunnsfag 2.
Praksis
Sjå eigen praksisplan for grunnskolelærarutdanninga.
Evaluering av emnet
Det vil bli føretatt emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.
Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.
Tilbys som enkeltemne
Nei