MGL1SA101 Samfunnsfag 1 1-7

Alle versjoner:
MGL1SA101 (2024—2025)
MGL1SA101 (2023—2024)
MGL1SA101 (2022—2023)
MGL1SA101 (2020—2021)

Emnekode: MGL1SA101

Emnenavn: Samfunnsfag 1 1-7

Undervisningssemester: Høst

Steder: Bergen

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Ja

Opptak: Søk opptak på lokal søknadsweb

Forkunnskapskrav

Generell studiekompetanse. Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt relevant emne i grunnskolelærarutdanninga 1.-7. trinn.

Innledning

Studiet skal førebu studentane på å undervisa i samfunnsfag i grunnskulen. Dette krev både fagleg og fagdidaktisk innsikt. Studiet legg vekt på at studentane skal kunna orientera seg i fortid, notid og framtid, i tillegg til det lokale, nasjonale og globale perspektiv. Dei skal øva seg i å reflektera og argumentera, og på den måten fremja haldningar, verdiar og gjennomtenkte synsmåtar. Målet er å danna kritiske, initiativrike og ansvarlege lærarkandidatar, som kan gå inn som aktive deltakarar i skule og samfunn. Gjennom ulike læringsstrategiar skal studenten øva opp kompetanse i å utforska, skapa, samhandla og leia læringsprosessar som introduserer elevane for samfunnsvitskaplege tenkjemåtar, og fremjar elevane si interesse for faget.

Tilnærmingsmåten er brei, og inkluderer både geografiske, historiske og samfunnsvitskaplege perspektiv; perspektiv som både utfyller og kompletterer kvarandre. Medan geografifaget er oppteke av den romlege dimensjonen, av korleis naturen blir brukt og misbrukt, har historiefaget blikket vend mot fortida - mot ulike epokar og viktige hendingar i Noregs- og verdshistoria - med vekt på kjeldearbeid, ulike forklaringstypar og historiebruk. Korleis menneske skaper og blir ein del av ulike samhandlingsmønster, ofte med ulik fordeling av makt og ressursar, er sentrale moment i den notidsorienterte samfunnskunnskapen. Den rører også ved vilkåra for demokrati, medborgarskap og tilhøyrsle.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om samfunnsfaglig og fagdidaktisk teori, metode og forsking
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap og demokrati
  • har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane og om kulturelt mangfald i Noreg
  • har kunnskap om geografisk grunnomgrep
  • har kunnskap om samspelet mellom menneske og natur med vekt på ressursfordeling, klima, miljø, teknologi og berekraftig utvikling
  • har kunnskap om samspelet mellom demografiske tilhøve og global fordeling
  • har kunnskap om sosialisering, identitetsdanning og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv
  • har kunnskap om kjeldekritiske og andre samfunnsfaglege problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag
  • har kunnskap om ideologiar, makt, politikk, politiske parti og styringsformer
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk og historisk perspektiv

Ferdigheter

Studenten

  • kan leia læringsprosessar med særleg vekt på begynnaropplæring, grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
  • kan arbeida med verdiar og haldningar i samfunnsfag, stimulera til undring om og respekt for mangfald og bruka dette som ressurs i arbeidet med elevane
  • kan søkja, vurdera og tolka ulike typar kjelder og leggja til rette for gode læringsprosessar kring kjeldebruk
  • kan reflektera over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og leggja til rette for demokratisk praksis i skulen
  • kan planleggja, leia og vurdera læringsarbeidet og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektera sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir til

Innhold

For å fremja eit integrert perspektiv, er det valt ei tematisk tilnærming forankra i seks ulike emne:

Introduksjon: Samfunnsfaglæraren (1)

Vegen til det moderne samfunnet (2)

Globale konfliktar og globalt samspel (3)

Individ, kultur og samfunn (4)

Norge - eit land i verda (5)

Kva er det gode samfunnet? Ideologi, politikk og demokrati (6)

«Introduksjon: Samfunnsfaglæraren»(1) gjev ei innføring i samfunnsfaglege og samfunnsfagdidaktiske teoriar, metodar og grunnomgrep.

«Vegen til det moderne samfunnet» (2) skal gje overblikk over verdshistoriske epokar og samfunnsendringar fram mot moderne tid, og introdusera arbeid med historiske kjelder.

«Globale konfliktar og globalt samspel» (3) skal gje kunnskap om konfliktar og samarbeid i eit geografisk og historisk perspektiv, og gje kunnskap om samspelet mellom menneske og natur, mellom befolkning, mobilitet og globalisering.

«Individ, kultur og samfunn» (4) set fokus på sosialisering, identitetsdanning og ulikskap, og problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag. Dette emnet vil gje innsikt i samane si historie som urfolk, nasjonale minoritetar, og det fleirkulturelle Noreg.

«Noreg - eit land i verda» (5) gjev eit riss av samfunnsendringane frå vikingtida fram mot dagens velferdssamfunn, med introduksjon av lærebokanalyse og nasjonale forteljingar.

«Kva er det gode samfunnet? Ideologi, politikk og demokrati» (6) skal gje kunnskap om ideologiar, makt, politiske system, demokrati og menneskerettar, og la studentane reflektera over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet i teori og praksis. I arbeids- og undervisningsformene vert det lagt vekt på grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering av læringsarbeidet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i seminar og førelesningar, gruppearbeid, førebudde studentinnlegg, praksis, ekskursjon, sjølvstudium og rettleiing på tekst.

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca 900 timar

Arbeidskrav

Deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)

  • 2 fagtekstar
  • 3 definisjonsoppgåver
  • 2 munnlege presentasjonar
  • Breiddetest
  • Praksisoppgåve/fagdidaktisk tekst med fokus på 1.-7. trinn
  • 4-6 nettsamtalar
  • Vurdering av medstudents tekst

Nærare opplysningar om arbeidskravas innhald og tidspunkt for gjennomføring vert gjeven i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / Ikkje godkjend. Individuell vurdering.

Avsluttende vurdering

  • Munnleg eksamen, tel 50% av karakteren
  • 3 dagars heimeeksamen (2500-3000 ord), tel 50 % av karakteren

Tillatte hjelpemidler

Ingen.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Det vert gitt gradert karakter fra A- F, der F er ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk.

Andre språk kan godkjennast etter søknad

Progresjonskrav

Emnet Samfunnsfag 1 må vera greidd før studenten kan starta på Samfunnsfag 2.

Praksis

Sjå eigen praksisplan for grunnskolelærarutdanninga.

Evaluering av emnet

Det vil bli føretatt emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.

Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.

Tilbys som enkeltemne

Ja

Digital litteraturliste

Litteratur og faglige ressurser finner du her.