MGL5NO203 Norsk 2, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 2
Alle versjoner:
MGL5NO203 (2024—2025)
MGL5NO203 (2023—2024)
MGL5NO203 (2022—2023)
MGL5NO203 (2021—2022)
MGL5NO203 (2020—2021)
MGL5NO203 (2019—2020)
Emnekode: MGL5NO203
Emnenavn: Norsk 2, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 2
Undervisningssemester: Høst
Steder: Bergen
Studieår: 2022–2023
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 10 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Norsk 1 GLU 5-10
Relevans i studieprogrammet
Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10
Innledning
Emnet Praktisk språk- og tekstarbeid 2 legg vekt på dei gunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving, munnlegheit og digitale ferdigheiter i eit forskings- og utviklingsperspektiv. Læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar har ein sentral plass i emnet. Emnet omfattar norskundervising på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på ungdomstrinnet. I tillegg vert det lagt vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved NLA Høgskolen går Norsk 2, 5-10 (30 sp) over to semester i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 2 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Praktisk språk- og tekstarbeid 2» har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter
Ferdigheiter
Studenten
- kan legge til rette for variert arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa
- kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium og tilpasse den vidare opplæringa i språklege ferdigheiter til elevar på ungdomstrinnet
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 5-10 i samarbeid med andre
Innhold
Emnet fokuserer på temaa
- leseopplæring i eit forskings- og utviklingsperspektiv
- skriveopplæring i eit forskings- og utviklingsperspektiv
- opplæring i munnlegheit i eit forskings- og utviklingsperspektiv
- digitale dugleikar i eit forskings-og utviklingsperspektiv
- bruk av digitale verktøy i undervisinga i eit forskings- og utviklingsperspektiv
- tverrfaglegheit og djupnelæring
- skulefaget sin eigenart og historie
- kartleggingar og tiltak knytt til ulike utfordringar (lese-og skrivevanskar, norsk som andre språk m.v).
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar
Seminar med aktiv studentdeltaking
Gruppeseminar
Sjølvstudium
Praksis
Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning
Arbeidsomfang
Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).
Arbeidskrav
Obligatoriske arbeidskrav:
- fagtekst med rettleiing
- seminarinnlegg med innlevering
- praksisoppgåve eller skriftleg didaktisk oppgåve
- deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 %) frammøte
Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.
Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent/ ikkje godkjent
Avsluttende vurdering
Heimeeksamen, fire dagar. Heimeeksamenen skal ha eit omfang på 3000 ord, og skrivast på den målforma som vert oppgjeve i oppgåvesettet.
Tillatte hjelpemidler
Alle.
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Eksamen vert gjeve gradert karakter frå A - F, der F er ikkje greidd.
Begge eksamenar må vere bestått for å få godkjent emnet.
Eksamensspråk
Norsk
Skandinaviske språk kan godkjennast etter søknad
Praksis
Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan for MGLU 5-10
Evaluering av emnet
Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.