VUHPED801 Kompetansebygging for master- og bachelorveiledning

Alle versjoner:
VUHPED801 (2022—2023)
VUHPED801 (2021—2022)
VUHPED801 (2020—2021)

Emnekode: VUHPED801

Emnenavn: Kompetansebygging for master- og bachelorveiledning

Undervisningssemester: Oppstart høst, undervisning over to semestre

Steder: Bergen

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Ja

Opptak: Søk opptak på lokal søknadsweb

Forkunnskapskrav

Minimum master/ hovudfag. Tilsett i undervisningsstilling i UH-sektoren.

Relevans i studieprogrammet

Relevant for alle vitskapleg tilsette i LU.

Innledning

Masterløp i lærarutdanninga er relativt nytt. Det er lite erfaring og mange opne spørsmål knytte til dette. Den røynsla dei fleste tilsette har med masterutdanning, skriv seg frå «reine» master- eller hovudfag i universitets- og høgskulesektoren elles.

Emnet ønskjer å bidra til å setja lærarkreftene ved høgskolen betre i stand til trygt å møta desse utfordringane, både gjennom refleksjon og kunnskapsauke, men også gjennom å byggja gode, lærande og støttande kollegafellesskap.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

studenten har kunnskap om

  • regelverk knytt til personvern og datainnsamling
  • grunnleggjande etiske premissar for forholdet mellom rettleiar og student
  • ulike mekanismar som gjer seg gjeldande i rettleiingsforholdet*grunnleggjande forskingsmetodar som høver med den fagvegleiinga den enkelte kan gi
  • grunnleggjande vegleiingsteori og -metodar
  • kollegavegleiing

Dugleik

Studenten kan

  • bruka kunnskapen i konkrete vegleiingssituasjonar
  • hjelpa studenten til å forstå sin eigen posisjon og korleis han/ho kan koma vidare i masterarbeidet
  • planleggja vegleiingsforløp og setja rammer for vegleiingssituasjonane
  • reflektera over vegleiingssituasjonen, både enkelthendingar og heile forløp, på bakgrunn av forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • leia gruppevegleiing
  • gi konstruktive tilbakemeldingar på språk og struktur i oppgåvetekst

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggja, gjennomføra og kritisk analysera og evaluera vegleiingsprosessar
  • har innsikt i vegleiing av akademisk skriving
  • viser evne til etisk reflektert refleksjon og handling i vegleiarrolla

Innhold

  • Etikk
  • Metode
  • Vegleiingspsykologi
  • Vegleiingsstrategiar

Arbeids- og undervisningsformer

I løpet av studieåret har emnet

  • ei to-dagarssamling (med min. 15 t. arbeid)
  • tre fellessamlingar (a to timar)
  • Fellessamlingane blir streama eller tekne opp.
  • Alle samlingar blir opne for samtlege tilsette, og alle tilsette blir tildelte ei gruppe. Dei som tar ti studiepoeng, får eigne grupper og oppgåver.

Arbeidsomfang

Ca. 250 timar inkludert sjølvstudium

Arbeidskrav

  • Godkjend litteraturliste over sjølvvalt pensum (ca. 300 sider).
  • Obligatorisk deltaking på fellessamlingar.
  • Obligatorisk deltaking i nettverk.
  • Munnleg presentasjon for kollegaer av godkjent emne og problemstilling med utgangspunkt i «læringsutbyte» og «innhald», 15-20 minuttar.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent/ikkje godkjent

Avsluttende vurdering

Skriftleg essay bygt på godkjend problemstilling og den munnlege presentasjonen. Omfang: Om lag 3000 ord.

Tillatte hjelpemidler

Alle.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Greidd / ikkje greidd

Eksamensspråk

Norsk

Praksis

Ingen.

Evaluering av emnet

Emneevaluering etter NLA Høgskolen sitt kvalitetssystem.

Tilbys som enkeltemne

Ja.

Digital litteraturliste

Litteratur og faglige ressurser finner du her.