4MGL5SA301 Demokrati og deltakelse

Alle versjoner:
4MGL5SA301 (2024—2025)
4MGL5SA301 (2023—2024)
4MGL5SA301 (2022—2023)
4MGL5SA301 (2021—2022)

Emnekode: 4MGL5SA301

Emnenavn: Demokrati og deltakelse

Undervisningssemester: Høst

Steder: Oslo

Studieår: 2023–2024

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 15 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Samfunnsfag 1 og 2.

Relevans i studieprogrammet

Obligatorisk emne for studentar som skal ta master, samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga.

Innledning

Faget i utdanninga

Demokrati og deltaking er ei fordjupingseining (15 SP) på masternivå og inngår som ein obligatorisk del av masterspesialiseringa i samfunnsfag ved grunnskolelærarutdanninga.

Emnet gjev innsikt i teoriar og praksis som ligg til grunn for korleis demokrati, medborgarskap, sivil samfunnet og ulikskap kan forståast, og på ulike måtar påverka skulen og utdanninga.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om sentrale teoriar og omgrep innan fagområdet demokrati og medborgarskap
  • kjenner til sentrale forskingsresultat om skulen si demokratiopplæring og -praksis
  • har kunnskap om sentral teori om sivilsamfunnet og korleis sivilsamfunnet kan fungera som korrektiv til politiske system
  • har kunnskap om korleis ulikskap påverkar moglegheiter for deltaking i skule og samfunn

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektera kritisk over demokratiet sine utfordringar i teori og praksis
  • kan diskutera og problematisera korleis demokratiomgrepet vert brukt i skulen og kan kritisk drøfta skulen si demokratiopplæring
  • kan gjera greie for ulike demokratiteoriar og demokratisyn, drøfta desse kritisk opp mot kvarandre og nytta dei i analyse av ulik empiri
  • kan drøfta og vurdera sivilsamfunnet og potensialet som ligg i sivilsamfunnet
  • kan planlegga og gjennomføra undervisning i samfunnsfag som fremjar eleven sine vitskapelege tenkemåtar
  • kan analysera og førehalda seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og nytta denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan gjennomføra fagdidaktiske og praksistilknytte utviklingsprosjekt i tråd med metodiske og forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan på systematisk vis planlegga, prøva ut i praksis, evaluera og revidera opplegg for læring ut frå ein samfunnsfagleg ståstad
  • kan problematisera samanhengar mellom kunnskapar, teoriar og praksis innan feltet samfunnsfagdidaktikk
  • kan på eit avansert nivå formidla og kommunisera om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga og kan bidra til utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i skulen

Innhold

Emnet har følgjande tema:

Demokrati

Medborgarskap og sivilsamfunnet

Ulikskap og deltaking

Vitskapsteori og metode

Demokrati og deltaking er ei fordjupingseining (15sp) på masternivå og inngår som ein obligatorisk del av masterstudiet i samfunnsfag. Emnet gjev innsikt i teoriar og praksis som ligg til grunn for korleis demokrati, medborgarskap, sivilsamfunnet og ulikskap kan forståast og på ulike måtar forma skulen. Kurset har eit spesifikt fokus på korleis desse omgrepa vert brukt eller kan brukast i ein didaktisk samanheng. Kurset startar med å leggja eit fundament innan demokratisk teori der nokre av dei klassiske perspektiva vert kombinerte med nyare sentrale bidrag. Medborgarskap analyserer korleis demokratiet kan forståast i skulen og vektlegg opplæringa si rolle i å danna nye medborgarar. Sivilsamfunnet - rommet mellom stat, marknad og individ - kan studerast både som ei støtte og eit korrektiv til det politiske systemet. Her kan også minoritetsstandpunkt og -verdiar få rom og potensielt utfylla og skjerpa demokratiet. Emnet sivilsamfunnet drøftar spenninga i samfunnet ved å studera ei rekkje ulike perspektiv på tilhøvet mellom sivilsamfunnet og demokratiet. Emneområdet ulikskap fungerer som ei eksemplifisering av korleis det å høyra til i ulike sosiale kategoriar formar menneska sitt handlingsrom og moglegheit for deltaking i samfunnet. Studentane får innblikk i teoriar knytt til ulikskap og korleis denne kategorien påverkar deltaking i det norske samfunnet generelt, og i skulen spesielt.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er sett saman ein kombinasjon av nettbasert og campusbasert undervisning. Den nettbaserte undervisninga er felles for studentar som deltek i emnet i Bergen og Oslo. Det vert bygd opp ein nettressurs med t.d. aktuelle dokument, videoar og podkastar, og delar av undervisninga tek i bruk digitale læringsflater.

Undervisninga vert organisert som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og diskusjon av tekstar og studentarbeid i seminar, og det forutsett aktiv deltaking frå studenten.

I tilknyting til praksis skal studentane prøve ut ein metode for systematisk profesjonsutvikling, normalt «Lesson study». Organisering av forarbeid og formidling av erfaringar etter praksisperioden spesifiserast ved oppstart av emnet.

Studenten skal dessutan skriva ein semesteroppgåve om eit sjølvvalt tema innan emnet.

Arbeidsomfang

Antatt arbeidsmengde for student: ca. 450 timar

Arbeidskrav

Følgjande arbeidskrav må være godkjende for at eksamen kan gjennomførast.

  • ein video på fem minutt om eit oppgjeve tema/oppgåve.
  • to kortare skriveoppgåver knytt til emnets litteratur
  • Utprøving av en metode for systematisk profesjonsutvikling i løpet av praksisperioden, normalt «Lesson study». Organisering av forarbeid og formidling av erfaringer etter praksisperioden spesifiseres ved oppstart av emnet.
  • få godkjend problemstilling til semesteroppgåva
  • gjennomføre to rettleiingar av semesteroppgåva
  • krav til  frammøte og aktiv deltaking blir angitt ved emnets oppstart

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / ikkje godkjend

Avsluttende vurdering

  • Ei semesteroppgåve på 5000 ord +/- 10%. Sjølvvald problemstilling skal ta utgangspunkt i emnelitteratur eller problemstillingar frå undervisninga, og vere godkjend av emneansvarleg på førehand.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Det vert gjeve gradert karakter frå A - F, der F er ikkje greidd.

Tillatte hjelpemidler

 Alle.

Eksamensspråk

Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

Sjå praksisplan for MGLU5.

Evaluering av emnet

Det vil bli føreteke emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen. Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.

Digital litteraturliste

Litteratur og faglige ressurser finner du her.