MGL5NO103 Norsk 1, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 1
Alle versjoner:
MGL5NO103 (2024—2025)
MGL5NO103 (2023—2024)
MGL5NO103 (2022—2023)
MGL5NO103 (2021—2022)
MGL5NO103 (2020—2021)
MGL5NO103 (2019—2020)
MGL5NO103 (2018—2019)
Emnekode: MGL5NO103
Emnenavn: Norsk 1, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 1
Undervisningssemester: Vår
Steder: Bergen
Studieår: 2023–2024
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 10 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Sjå programplan.
Anbefalte forkunnskaper
Sjå programplan.
Relevans i studieprogrammet
Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10
Innledning
Emnet Praktisk språk- og tekstarbeid 1 vil særleg fokusere på den rolla munnleg kommunikasjon, den vidare lese- og skriveopplæringa og digitale dugleikar speler i norskfaget. Emnet omfattar norskundervising på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på mellomtrinnet. I tillegg vert det lagt vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved NLA Høgskolen går Norsk 1, 5-10 (30 sp) over to år i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 1 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne Praktisk språk- og tekstarbeid 1 har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
- har omfattande kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter
- har kunnskap om vurdering, nasjonale prøver og læremiddel, digitale og andre, med vekt på mellomtrinnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler
- kan vurdere og bruke ulike metodar og ny teknologi i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan legge til rette for at elevar på mellomtrinnet får lese og skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
- kan kjenne att teikn på lese- og skrivevanskar
- kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane på mellomtrinnet vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
Innhold
Emnet vil gje studentane
- innføring i leseopplæring
- innføring i skriveopplæring
- innføring i opplæring i munnlegheit
- innføring i opplæring i digitale dugleikar
- innføring i bruk av digitale verktøy i undervisninga
- innføring i sidemålsdidaktikk
- kunnskap om utfordringar knytte til lesing og skriving
- kunnskap om tilpassa opplæring
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar
Seminar med aktiv studentdeltaking
Gruppeseminar
Grunnskulepraksis
Sjølvstudium
Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning.
Arbeidsomfang
Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar. Dette omfattar også sjølvstudium.
Arbeidskrav
Obligatoriske arbeidskrav:
- to skriftlege gruppearbeid med rettleiing
- eit seminarinnlegg
- praksisoppgåve eller skriftleg didaktisk oppgåve
- Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som oppgitt i undervisingsplanen.
Nærare opplysingar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrava vert gjevne i undervisingsplanen for emnet ved semesterstart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent / Ikkje godkjent.
Avsluttende vurdering
Individuell munnleg eksamen med førebuingstid.
Munnleg eksamen er todelt. Den eine delen tek utgangspunkt i ei av dei to gruppeoppgåvene som er obligatoriske arbeidskrav. Den andre delen er utspørrjing i emnet.
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Individuell, munnleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er ikkje greidd.
Tillatte hjelpemidler
Gjeldande læreplan for grunnskulen.
Eksamensspråk
Norsk.
Progresjonskrav
Emnet må vere bestått for å kunne halde fram på Språk og språkdidaktikk 2, Litteratur og litteraturdidaktikk 2 og Praktisk språk- og tekstarbeid 2.
Praksis
Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.
Evaluering av emnet
Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.
Tilbys som enkeltemne
Nei.
Digital litteraturliste
Litteratur og faglige ressurser finner du her.