MGL5SA301 Demokrati og deltakelse
Alle versjoner:
MGL5SA301 (2024—2025)
MGL5SA301 (2023—2024)
MGL5SA301 (2022—2023)
MGL5SA301 (2021—2022)
MGL5SA301 (2020—2021)
Emnekode: MGL5SA301
Emnenavn: Demokrati og deltakelse
Undervisningssemester: Høst
Steder: Bergen
Studieår: 2023–2024
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 15 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Samfunnsfag 1 og Samfunnsfag 2.
Relevans i studieprogrammet
Obligatorisk emne for studentar som skal ta master, samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga.
Innledning
Faget i utdanninga
Demokrati og deltaking er ei fordjupingseining (15 SP) på masternivå og inngår som ein obligatorisk del av masterspesialiseringa i samfunnsfag ved grunnskolelærarutdanninga.
Emnet gjev innsikt i teoriar og praksis som ligg til grunn for korleis demokrati, medborgarskap, sivil samfunnet og ulikskap kan forståast, og på ulike måtar påverka skulen og utdanninga.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap om sentrale teoriar og omgrep innan fagområdet demokrati og medborgarskap
- kjenner til sentrale forskingsresultat om skulen si demokratiopplæring og -praksis
- har kunnskap om sentral teori om sivilsamfunnet og korleis sivilsamfunnet kan fungera som korrektiv til politiske system
- har kunnskap om korleis ulikskap påverkar moglegheiter for deltaking i skule og samfunn
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektera kritisk over demokratiet sine utfordringar i teori og praksis
- kan diskutera og problematisera korleis demokratiomgrepet vert brukt i skulen og kan kritisk drøfta skulen si demokratiopplæring
- kan gjera greie for ulike demokratiteoriar og demokratisyn, drøfta desse kritisk opp mot kvarandre og nytta dei i analyse av ulik empiri
- kan drøfta og vurdera sivilsamfunnet og potensialet som ligg i sivilsamfunnet
- kan planlegga og gjennomføra undervisning i samfunnsfag som fremjar eleven sine vitskapelege tenkemåtar
- kan analysera og førehalda seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og nytta denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan gjennomføra fagdidaktiske og praksistilknytte utviklingsprosjekt i tråd med metodiske og forskingsetiske normer
Generell kompetanse
Studenten
- kan på systematisk vis planlegga, prøva ut i praksis, evaluera og revidera opplegg for læring ut frå ein samfunnsfagleg ståstad
- kan problematisera samanhengar mellom kunnskapar, teoriar og praksis innan feltet samfunnsfagdidaktikk
- kan på eit avansert nivå formidla og kommunisera om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga og kan bidra til utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
Innhold
Emnet har følgjande tema:
- Demokrati
- Medborgarskap og sivilsamfunnet
- Ulikskap og deltaking
- Vitskapsteori og metode
Demokrati og deltaking er ei fordjupingseining (15sp) på masternivå og inngår som ein obligatorisk del av masterstudiet i samfunnsfag. Emnet gjev innsikt i teoriar og praksis som ligg til grunn for korleis demokrati, medborgarskap, sivilsamfunnet og ulikskap kan forståast og på ulike måtar forma skulen. Kurset har eit spesifikt fokus på korleis desse omgrepa vert brukt eller kan brukast i ein didaktisk samanheng. Kurset startar med å leggja eit fundament innan demokratisk teori der nokre av dei klassiske perspektiva vert kombinerte med nyare sentrale bidrag. Medborgarskap analyserer korleis demokratiet kan forståast i skulen og vektlegg opplæringa si rolle i å danna nye medborgarar. Sivilsamfunnet - rommet mellom stat, marknad og individ - kan studerast både som ei støtte og eit korrektiv til det politiske systemet. Her kan også minoritetsstandpunkt og -verdiar få rom og potensielt utfylla og skjerpa demokratiet. Emnet sivilsamfunnet som korrektiv drøftar spenninga i samfunnet ved å studera ei rekkje ulike perspektiv på tilhøvet mellom sivilsamfunnet og demokratiet. Emneområdet ulikskap fungerer som ei eksemplifisering av korleis det å høyra til i ulike sosiale kategoriar formar menneska sitt handlingsrom og moglegheit for deltaking i samfunnet. Studentane får innblikk i sosiologiske teoriar knytt til ulikskap og korleis denne kategorien påverkar deltaking i det norske samfunnet generelt, og i skulen spesielt.
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet er sett saman ein kombinasjon av nettbasert og campusbasert undervisning. Den nettbaserte undervisninga er felles for studentar som deltek i emnet i Bergen og Oslo. Det vert bygd opp ein nettressurs med t.d. aktuelle dokument, videoar og podkastar, og delar av undervisninga tek i bruk digitale læringsflater.
Undervisninga vert organisert som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og diskusjon av tekstar og studentarbeid i seminar, og det forutsett aktiv deltaking frå studenten.
I tilknyting til praksis skal studentane prøve ut ein metode for systematisk profesjonsutvikling, normalt «Lesson study». Organisering av forarbeid og formidling av erfaringar etter praksisperioden spesifiserast ved oppstart av emnet.
Studenten skal dessutan skriva ein semesteroppgåve om eit sjølvvalt tema innan emnet.
Arbeidsomfang
Antatt arbeidsmengde for student: ca. 450 timar
Arbeidskrav
Følgjande arbeidskrav må være godkjende for at eksamen kan gjennomførast.
- Ein video på fem minuttar om eit oppgjeve tema/oppgåve.
- To kortare skriveoppgåver knytt til emnets litteratur.
- Utprøving av ein metode for systematisk profesjonsutvikling i løpet av praksisperioden, normalt «Lesson study». Organisering av forarbeid og formidling av erfaringar etter praksisperioden vert spesifisert ved oppstart av emnet.
- Få godkjend problemstilling til semesteroppgåva
- Gjennomføre to individuelle rettleiingar knytt til semesteroppgåva
- Krav til frammøte og aktiv deltaking blir angitt ved emnets oppstart
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjend / ikkje godkjend
Avsluttende vurdering
- Ei semesteroppgåve på 5000 ord +/- 10%. Sjølvvald problemstilling skal ta utgangspunkt i emnelitteratur eller problemstillingar frå undervisninga, og vere godkjend av emneansvarleg på førehand.
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Det vert gjeve gradert karakter frå A - F, der F er ikkje bestått.
Tillatte hjelpemidler
Alle.
Eksamensspråk
Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.
Praksis
Sjå praksisplan for MGLU5.
Evaluering av emnet
Det vil bli føreteke emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen. Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.
Digital litteraturliste
Litteratur og faglige ressurser finner du her.