4MGL5NO102 Norsk 1, modul 2 5-10, Språk og språkdidaktikk 1
Alle versjoner:
4MGL5NO102 (2024—2025)
4MGL5NO102 (2023—2024)
4MGL5NO102 (2022—2023)
4MGL5NO102 (2021—2022)
4MGL5NO102 (2020—2021)
4MGL5NO102 (2019—2020)
4MGL5NO102 (2018—2019)
Emnekode: 4MGL5NO102
Emnenavn: Norsk 1, modul 2 5-10, Språk og språkdidaktikk 1
Undervisningssemester: Haust
Steder: Oslo
Studieår: 2024–2025
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 10 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Sjå programplan
Relevans i studieprogrammet
Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10
Innleiing
Emnet Språk og språkdidaktikk 1 arbeider med språket som system, fleirspråklegheit og grunnleggjande språkdidaktikk. I Språk og språkdidaktikk 1 vil vi ha eit særleg fokus på mellomtrinnet.
Læringsutbytte
Ved NLA Høgskolen går Norsk 1, 5-10 (30 sp) over to år i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 1 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Språk og språkdidaktikk 1» har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om språksyn, språkteorier, første- og andrespråkstileigning og språkets plass i norskfaget
- har kunnskap om språket som system (fonologi, morfologi, syntaks, semantikk) og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
- har kunnskap om språket i bruk (tekstlingvistikk, diskurs-pragmatikk, retorikk)
- har kontrastiv kunnskap om samisk og norsk
- har brei kunnskap om norsk som første- og andrespråk og om fleirspråkleg praksis
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5.-10.-trinn i språklege emne
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere språk og språkbruk
- kan bruke kunnskap om grammatikk, språk og tekst i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar og gi tilpassa, læringsfremjande respons
- kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit og fleirspråkleg praksis i tilrettelegging for ei samansett og fleirkulturell elevgruppe
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
- kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur
- kan skrive akademiske fagtekstar og delta i norskfaglege drøftingar knytte til grunnskulelærarpraksis
Generell kompetanse
Studenten
- kjenner til eigenarten til norskfaget som språk-, kultur- og litteraturfag
- kan formidle fagstoff om språk, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante undervisingsformer
- kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
- kjenner til norskfagleg forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte relevante forskingsetiske problemstillingar
Innhald
Emnet Språk og språkdidaktikk 1 vil særleg arbeide med språket som system, språket i bruk og med individuell fleirspråklegheit, i eit didaktisk perspektiv.
Studentane skal utvikle både sin eigen språkbruk og kunnskapen sin om språk og tekst.
Dei skal bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med andre fag og i praksisfeltet.
Språkemnet kan samarbeide med andre norskemne om språkleg analyse av tekster.
Norskfaget vil kunne samarbeide med andre fag der det er naturleg.
Arbeids- og undervisingsformer
Førelesingar
Seminar med aktiv studentdeltaking
Gruppeseminar
Grunnskulepraksis
Sjølvstudium
Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning
Arbeidsomfang
Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).
Arbeidskrav
Obligatoriske arbeidskrav:
- breiddetest
- deltaking i gruppediskusjon
- eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
- praksisoppgåve
- det er krav om frammøte og aktiv deltaking som oppgitt i undervisningsplanen
Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent / Ikkje godkjent.
Avsluttande vurdering
Skuleeksamen, individuell, 5 timar. Skuleeksamenen skal skrivast på den målforma som vert oppgjeve ved semesterstart.
Vurderingsuttrykk avsluttande vurdering
Skriftleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.
Tillatte hjelpemiddel
Læreplan for Kunnskapsløftet og bokmåls- og nynorskordbok (nettversjon frå ordbøkene.no (ordbokene.no))
Eksamensspråk
Norsk (målform blir oppgitt ved semesterstart).
Praksis
Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.
Evaluering av emnet
Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.
Kan takast som enkeltemne
Nei
Digital litteraturliste
Litteratur og faglige ressurser finner du her.