MGL1MU201A Musikk 2: Hovudinstrument, konsertproduksjon og gehørtrening Modul 3 (GLU 1-7)
Alle versjoner:
MGL1MU201A (2024—2025)
Emnekode: MGL1MU201A
Emnenavn: Musikk 2: Hovudinstrument, konsertproduksjon og gehørtrening Modul 3 (GLU 1-7)
Undervisningssemester: Vår
Steder: Bergen, Nettbasert
Studieår: 2024–2025
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 15 poeng
Enkeltemne: Ja
Opptak: Søk opptak på lokal søknadsweb
Forkunnskapskrav
Generell studiekompetanse.
Fullført Musikk 1, modul 1 i årsstudium for musikk.
Relevans i studieprogrammet
Valfritt emne i Grunnskulelærarutdanning 1-7.
Obligatorisk emne i årsstudium i Musikk.
Innleiing
Modul 3: Hovudinstrument, konsertproduksjon og gehørtrening, er den første av to moduler på 15 stp. som til saman utgjer faget Musikk 2. Det er mogleg å ta modul 3 og 4 parallelt i same semester (fulltidsstudium), eller å ta modul 3 eitt vårsemester og modul 4 neste vår (deltidsstudium). Studiet kan kombinerast med modul 1 og 2, som utgjer faget Musikk 1. Modul 3 byggjer på modul 1 og modul 4 byggjer på modul 2, så ein deltidsstudent kan gå direkte frå modul 1 til 3 og frå 2 til 4. Til saman utgjer desse fire modulane årsstudiet i musikk (60 stp.). Modul 1 og modul 2 går i haustsemesteret, mens modul 3 og 4 går vårsemesteret.
Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle elevar musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom musisering, komponering og lytting. I musikkstudiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det derfor lagt vekt på å skapeein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske utvikling, og fagdidaktisk kompetanse i å planleggje, gjennomføre og vurdere musikkundervisning.
Modul 3 skal gi opplæring i hovudinstrument, konsertproduksjon og gehørtrening.
Faget skal gi grunnlag for studentane si allmenne danning og faglege vekst og gi dei opplæring i å kunne ta aktivt del i kultur-, skule- og fagutvikling i sitt framtidige yrke. Arbeidet med årsstudiet i musikk skal på alle nivå omfatte forskingsbasert kunnskap og erfaring knytt til dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i gjeldande læreplanar for grunnskulen og i praksisfeltet. Studiet skal gi grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fagområde og instansar utanom skulen. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnarlege sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er derfor sentrale på alle nivå. Faget skal utvikle studenten si evne til kommunikasjon og personlege uttrykk.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kjenneteikn på eit mangfaldig og inkluderande læringsmiljø og om fellesskap for musikalsk læring
- har kunnskap om forholdet mellom musikk og emosjonelle og sosiale kompetansar og mellom musikk og utvikling av grunnleggjande ferdigheiter
Ferdigheiter
Studenten
- kan framføre eit variert repertoar av musikk i skulen, aleine og i samspel med andre
- kan drøfte kva rolle uformelle opplæringsarenaer har for musikk- og danseopplæring for elevar og kva for verknad slike erfaringar kan ha for musikkopplæringa i skulen
- kan ta i bruk gehørbaserte ferdigheiter til å forstå, analysere, skape og utøve musikk
- kan planleggje, leie, gjennomføre og vurdere ulike læringsløp i musikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan leggje til rette for elevvurdering som bygger på faglege omsyn og forskingsbasert kunnskap om vurdering og kommunisere grunnlaget for vurderinga til andre
Innhald
Modul 3 gir studenten moglegheit til å vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar innanfor hovudområda musisering, lytting og didaktikk.
Musisering:
Studenten skal få vidareutvikle sine ferdigheiter innanfor song, spel, leik og bevegelse, og produsere ein konsert frå idé til gjennomføring. I hovudområdet musisering inngår også undervisning og øving på hovudinstrument og samspel på eige og andre instrument.
Lytting:
Studenten skal få moglegheit til å vidareutvikle sitt musikalske gehør og utvide sine musikkteoretiske kunnskapar.
Didaktikk:
Studenten skal få djupare kunnskap om musikk som fag i skulen, og få kunnskap om ulike metodiske innfallsvinklar til undervisning i musikk. Gjennom å arbeide med fagdidaktisk teori og metode, skal studenten få utvida kunnskap til å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk på trinn 1-7 og styrke evna til didaktisk refleksjon.
Arbeids- og undervisingsformer
Studiet er samlings- og nettbasert. Det vert planlagt for tre (3) fysiske samlingar per semester av to (2) dagars varigheit, på studiestad Bergen. I tillegg kjem noko undervisning på nett og oppmøte på eksamen. På første dag av kvar samling må ein rekne med å bruke noko tid på kveldstid på musikalsk studentsamarbeid.
Nettundervisning og -kommunikasjon vil gå føre seg på læringsplattforma Canvas. Med bruk av den digitale plattforma får studentane moglegheit til meir fleksibilitet og tilgang til ulike læringsressursar som er til hjelp når studenten skal strukturere sjølvstendig arbeid. Det vil bli lagt til rette for at studentar skal samarbeide digitalt.
Studenten vil møte varierte, fleksible og studentaktive læringsmetodar, til dømes asynkrone nettleksjonar, sjølvstudium og øvingsoppgåver. Målet er meir aktive læringsformer og god arbeidsinnsats.
På studiesamlingane vil det i stor grad nyttast studentaktive læringsformer. Studentane får kroppslege erfaringar med konsertproduksjon og gehørtrening gjennom praktiske seminar. Det vert lagt vekt på at studiet skal vere eit lærande fellesskap der studentane er viktige i kvarandre sine læringsprosessar.
Arbeidsomfang
Ca. 400 timar
Arbeidskrav
Alle arbeidskrav må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Følgjande arbeidskrav inngår i studiet:
- Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som angitt i undervisningsplanen (min. 80% frammøte)
- Konsertproduksjon for born/unge, eventuelt studentar
- Fem lytteoppgåver i høyrelære
- Éi oppgåve i hovudinstrument
- Aktiv deltaking på førebuing og gjennomføring av to instruksjonar og framlegg, med refleksjonsnotat
Utfyllande opplysingar om arbeidskrava sitt innhald, vurderingskriterier og tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt i undervisningsplanen for emnet ved studiestart. Obligatoriske arbeidskrav vil bli vurdert som godkjent eller ikkje godkjent og tel ikkje ved fastsetjing av endeleg karakter for studiet. Alle obligatoriske oppgåver må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Vi viser ellers til "Forskrift om studier ved NLA Høgskolen" og «Retningslinjer for obligatoriske arbeidskrav for grunnskole- og barnehagelærerutdanningen ved NLA Høgskolen».
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent/ikkje godkjent
Avsluttande vurdering
Avsluttande vurdering er éin individuell, praktisk/munnleg eksamen som består av desse elementa:
- Hovudinstrument
- Gehørtrening
For at ein skal få ståkarakter, må begge delane bli vurdert til bestått. Ved eventuell gjentatt eksamen må begge delane tas opp. Utfyllande opplysningar om eksamensavviklinga vil bli gitt på læringsplattforma Canvas. Det blir gitt éin samla individuell karakter på praktisk/munnleg eksamen.
Vurderingsuttrykk avsluttande vurdering
Det blir gitt gradert karakter fra A til E for bestått og F for ikkje bestått
Tillatte hjelpemiddel
Alle
Eksamensspråk
Norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Progresjonskrav
Musikk 1, modul 1 må takast før Musikk 2, modul 3.
Praksis
Studentar som tar emnet som ein del av grunnskulelærarutdanning 1-7 følgjer eigen praksisplan.
Studiepoengreduksjon
Overlapping gjeld mot Musikk 2, emna i både årsstudium og GLU
Evaluering av emnet
Emneevaluering blir gjort i tråd med kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.
Kan takast som enkeltemne
Ja
Digital litteraturliste
Litteratur og faglige ressurser finner du her.