MGL1MU201B Musikk 2: Skapande prosess, musikkultur og musikkundervisning Modul 4 (GLU 1-7)

Alle versjoner:
MGL1MU201B (2024—2025)

Emnekode: MGL1MU201B

Emnenavn: Musikk 2: Skapande prosess, musikkultur og musikkundervisning Modul 4 (GLU 1-7)

Undervisningssemester: Vår

Steder: Bergen, Nettbasert

Studieår: 2024–2025

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 15 poeng

Enkeltemne: Ja

Opptak: Søk opptak på lokal søknadsweb

Forkunnskapskrav

Generell studiekompetanse.

Fullført Musikk 1, modul 2 i årsstudium for musikk.

Relevans i studieprogrammet

Valfritt emne i Grunnskulelærarutdanning 1-7.

Obligatorisk emne i årsstudium i Musikk.

Innleiing

Modul 4: Skapande prosess, musikkultur og musikkundervisning er den andre av to modular på 15 stp. som til saman utgjer faget Musikk 2. Det er mogleg å ta modul 3 og 4 parallelt i same semester (fulltidsstudium), eller å ta modul 3 eitt vårsemester og modul 4 neste vår (deltidsstudium). Studiet kan kombinerast med modul 1 og 2, som utgjer faget Musikk 1. Modul 3 byggjer på modul 1 og modul 4 byggjer på modul 2, så ein deltidsstudent kan gå direkte frå modul 1 til 3 og frå 2 til 4. Til saman utgjer desse fire modulane årsstudiet i musikk (60 stp.). Modul 1 og modul 2 går i haustsemesteret, mens modul 3 og 4 går vårsemesteret.

Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle elevar musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom musisering, komponering og lytting. I musikkstudiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det derfor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske utvikling, og fagdidaktisk kompetanse i å planleggje, gjennomføre og vurdere musikkundervisning.

Modul 4 skal gi innsikt i skapande prosessar i musikk, musikkundervisning, den norske og internasjonale musikkarven og musikk som fleirkulturelt samfunnsfenomen.

Faget skal gi grunnlag for studentane si allmenne danning og faglege vekst og gi dei opplæring i å kunne ta aktivt del i kultur-, skule- og fagutvikling i sitt framtidige yrke. Arbeidet med årsstudiet i musikk skal på alle nivå omfatte forskingsbasert kunnskap og erfaring knytt til dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i gjeldande læreplanar for grunnskulen og i praksisfeltet. Studiet skal gi grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fagområde og instansar utanom skulen. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnarlege sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er derfor sentrale på alle nivå. Faget skal utvikle studenten si evne til kommunikasjon og personlege uttrykk.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnlagslitteratur og aktuelle debattar om skulefaget musikk og musikk som vitskaps- og kunstfag
  • har omfattande kunnskap om musikalsk barnekultur, begynnaropplæring og progresjon i musisering, komponering og lytting
  • har forskingsbasert kunnskap om musikkopplæring
  • har kunnskap om ulike sjanger- og stilideal innanfor områda improvisasjon, komposisjon og arrangering

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over og drøfte musikkens rolle i eit mangfaldig samfunn
  • kan skape eigne komposisjonar og leggje til rette musikalsk materiale for ulike framføringsføremål og for musikkundervisning og læringsprosessar
  • kan vurdere og analysere musikk med utgangspunkt i estetikk og kulturteori

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere ei heilskapleg musikkopplæring i tråd med gjeldande læreplan for grunnskulen og drøfte korleis samarbeid med ulike eksterne instansar kan styrke læringsløp i musikk
  • kan bidra i faglege endringsprosessar gjennom å leggje vekt på innovasjon, endring og fleksibilitet i eiga lærarrolle

Innhald

Modul 4 gir studenten moglegheit til å vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar innanfor hovudområda komponering, lytting og didaktikk.

Komponering:

Studenten skal få erfaring med å ta i bruk eigne skapande evner, og tileigne seg betre ferdigheiter innan improvisasjon og komponering. Studenten skal få større innsikt i sjanger-, komposisjons- og formlære, få trening i arrangering og tilrettelegging av musikalsk materiale, og utvikle kunnskap om bruk av digitale verktøy i både skapande arbeid og undervisning.

Lytting:

Studenten skal få moglegheit til å vidareutvikle sine musikkhistoriske kunnskapar og få utvida innsikt i ulike sjangrar innanfor kunst-, rytmisk- og ikkje-vestleg musikk. Gjennom aktiv lytting og refleksjon skal studenten vurdere og analysere musikk, både som estetisk og kulturelt objekt.

Didaktikk:

Studenten skal få djupare kunnskap om musikk som fag i skulen, og få kunnskap om ulike metodiske innfallsvinklar til undervisning i musikk. Gjennom å arbeide med fagdidaktisk teori og metode, skal studenten få utvida kunnskap til å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk på 1-7 og styrke evna til didaktisk refleksjon.

Arbeids- og undervisingsformer

Studiet er samlings- og nettbasert. Det vert planlagt for tre (3) fysiske samlingar per semester av to (2) dagars varigheit, på studiestad Bergen. I tillegg kjem noko undervisning på nett. På første dag av kvar samling må ein rekne med å bruke noko tid på kveldstid på musikalsk studentsamarbeid.

Nettundervisning og -kommunikasjon vil gå føre seg på læringsplattforma Canvas. Med bruk av den digitale plattforma får studentane moglegheit til meir fleksibilitet og tilgang til ulike læringsressursar som er til hjelp når studenten skal strukturere sjølvstendig arbeid. Det vil bli lagt til rette for at studentar skal samarbeide digitalt.

Studenten vil møte varierte, fleksible og studentaktive læringsmetodar, til dømes asynkrone nettleksjonar, sjølvstudium og øvingsoppgåver. Målet er meir aktive læringsformer og god arbeidsinnsats.

På studiesamlingane vil det i stor grad nyttast studentaktive læringsformer. Studentane får kroppslege erfaringar med musikk og skapande prosessar gjennom praktiske seminar. Det vert lagt vekt på at studiet skal være eit lærande fellesskap der studentane er viktige i kvarandre sine læringsprosessar.

Arbeidsomfang

Ca. 400 timar

Arbeidskrav

Alle arbeidskrav må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Følgjande arbeidskrav inngår i studiet:

  • Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som angitt i undervisningsplanen (min. 80% frammøte)
  • Fem oppgåver i komponering
  • To oppgåver i musikk og kultur, samt deltaking på ekstern konsert med refleksjonsnotat
  • Skriftleg didaktisk oppgåve
  • Praksisoppgåve/alternativ oppgåve

Utfyllande opplysingar om arbeidskrava sitt innhald, vurderingskriterier og tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt i undervisningsplanen for emnet ved studiestart. Obligatoriske arbeidskrav vil bli vurdert som godkjent eller ikkje godkjent og tel ikkje ved fastsetjing av endeleg karakter for studiet. Alle obligatoriske oppgåver må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Vi viser ellers til "Forskrift om studier ved NLA Høgskolen" og «Retningslinjer for obligatoriske arbeidskrav for grunnskole- og barnehagelærerutdanningen ved NLA Høgskolen».

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent/ikkje godkjent

Avsluttande vurdering

Eksamen inneheld desse elementa:

  • Skriftleg skuleeksamen i didaktikk, seks timar. Denne vert vekta 60 % av endeleg karakter.
  • Individuell mappe i komponering. Denne vert vekta 40 % av endeleg karakter.

Begge delar må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.

Vurderingsuttrykk avsluttande vurdering

Det blir gitt gradert karakter fra A til E for bestått og F for ikkje bestått

Tillatte hjelpemiddel

På den skriftlege skuleeksamenen er einaste lovlege hjelpemiddel LK20, som vert kopiert opp og delt ut til studentane når dei møter på eksamen.

Eksamensspråk

Norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Progresjonskrav

Musikk 1, modul 2 må takast før Musikk 2, modul 4.

Praksis

Studentar som tar emnet som ein del av grunnskulelærarutdanning 1-7 følgjer eigen praksisplan.

Studiepoengreduksjon

Overlapping gjeld mot Musikk 2, emna i både årsstudium og GLU

Evaluering av emnet

Emneevaluering blir gjort i tråd med kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.

Kan takast som enkeltemne

Ja

Digital litteraturliste

Litteratur og faglige ressurser finner du her.