MGL5MU101A Musikk 1: Samspel, leiing og musikkteori Modul 1 (GLU 5-10)
Alle versjoner:
MGL5MU101A (2024—2025)
Emnekode: MGL5MU101A
Emnenavn: Musikk 1: Samspel, leiing og musikkteori Modul 1 (GLU 5-10)
Undervisningssemester: Haust
Steder: Bergen, Nettbasert
Studieår: 2024–2025
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 15 poeng
Enkeltemne: Ja
Opptak: Søk opptak på lokal søknadsweb
Forkunnskapskrav
Generell studiekompetanse.
Anbefalte forkunnskapar
Det er ein fordel med visse forkunnskapar i musikk, som å ha noko instrumental- /vokalerfaring og å kunne synge reint.
Relevans i studieprogrammet
Valfritt emne i Grunnskulelærarutdanninga 5-10.
Obligatorisk emne i årsstudium i Musikk.
Innleiing
Modul 1: Samspel, leiing og musikkteori, er den første av to modular på 15 stp. som til saman utgjer faget Musikk 1. Det er mogleg å ta modul 1 og 2 parallelt i same semester (fulltidsstudium), eller å ta modul 1 eitt haustsemester og modul 2 neste haust (deltidsstudium). Studiet kan kombinerast med modul 3 og 4, som utgjer faget Musikk 2. Modul 3 byggjer på modul 1 og modul 4 byggjer på modul 2, så ein deltidsstudent kan gå direkte frå modul 1 til 3 og frå 2 til 4. Til saman utgjer desse fire modulane årsstudiet i musikk (60 stp.). Modul 1 og modul 2 går i haustsemesteret, medan modul 3 og 4 går vårsemesteret.
Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle elevar musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom musisering, komponering og lytting. I musikkstudiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det derfor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske utvikling, og fagdidaktisk kompetanse i å planleggje, gjennomføre og vurdere musikkundervisning.
Modul 1 skal gi grunnleggjande innsikt og trening i musikkteori, samspel og leiing.
Faget skal gi grunnlag for studentane si allmenne danning og faglege vekst og gi dei opplæring i å kunne ta aktivt del i kultur-, skule- og fagutvikling i sitt framtidige yrke. Arbeidet med årsstudiet i musikk skal på alle nivå omfatte forskingsbasert kunnskap og erfaring knytt til dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i gjeldande læreplanar for grunnskulen og i praksisfeltet. Studiet skal gi grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fagområde og instansar utanom skulen. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnarlege sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er derfor sentrale på alle nivå. Faget skal utvikle studenten si evne til kommunikasjon og personlege uttrykk.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggjar for musikkopplæring
- har kunnskap om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet, læreplanar i faget og faget si læreplanhistorie
- har kunnskap om ulike omgrep og ulik fagterminologi som bidrar til å forstå, analysere og notere musikk
- har forskingsbasert kunnskap om læring, estetiske og kreative læringsprosessar og ulike tilnærmingar til progresjon i musikkundervisning
Ferdigheiter
Studenten
- kan uttrykkje seg musikalsk på ulike instrument
- kan danse til og med musikk og meistrar eit utval av tradisjonelle og moderne dansar frå ulike kulturar til bruk i musikkundervisning
- kan leie prosessar i musisering for elevar
- kan planleggje og gjennomføre tilpassa musikkopplæring for elevar med ulik bakgrunn, ulike føresetnader og interesser
- meistrar ulike innfallsvinklar til progresjon i musikkfaget og til vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter og kompetansar i skulefaget musikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykkje og reflektere
- kan initiere fagleg samarbeid og legge til rette for musikkfagleg læring i fleirfaglege/tverrfaglege prosjektarbeid
Innhald
Modul 1 gir studentane grunnleggjande, erfaringsbasert opplæring i hovudområda musisering, lytting og didaktikk.
Musisering:
Studenten skal her få utvikle ferdigheiter innanfor områda song, spill, leik og bevegelse, og tileigne seg eit repertoar som kan brukast i skulen på trinn 5-10. Hovudområdet musisering involverer også samspel på til dømes bandinstrument, stavspel og rytmeinstrument.
Lytting:
Studenten skal her få erfaring i å beherske grunnleggjande musikkteori og høyrelære. I hovudområdet lytting inngår bruk av IKT i form av høyrelæreprogram.
Didaktikk:
Studenten skal her få moglegheit til å tileigne seg kunnskap om musikk som fag i skulen, og bli kjent med ulike metodiske innfallsvinklar til undervisning i musikk på trinn 5-10. Gjennom å arbeide med fagdidaktisk teori og metode, skal studenten få kunnskap i å kunne planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk på 5-10 og utvikle evne til didaktisk refleksjon.
Arbeids- og undervisingsformer
Studiet er samlings- og nettbasert. Det vert planlagt for tre (3) fysiske samlingar per semester av to (2) dagars varigheit, på studiestad Bergen. I tillegg kjem noko undervisning på nett og oppmøte på eksamen. På første dag av kvar samling må ein rekne med å bruke noko tid på kveldstid på musikalsk studentsamarbeid.
Nettundervisning og- kommunikasjon vil gå føre seg i læringsplattforma Canvas. Med bruk av den digitale plattforma får studentane moglegheit til meir fleksibilitet og tilgang til ulike læringsressursar som er til hjelp når studenten skal strukturere sjølvstendig arbeid. Det vil bli lagt til rette for at studentar skal samarbeide digitalt.
Studenten vil møte varierte, fleksible og studentaktive læringsmetodar, til dømes asynkrone nettleksjonar, sjølvstudium og øvingsoppgåver. Målet er meir aktive læringsformer og god arbeidsinnsats.
På studiesamlingane vil det i stor grad nyttast studentaktive læringsformer. Studentane får kroppslege erfaringar med samspel og leiing gjennom praktiske seminar. Det vert lagt vekt på at studiet skal vere eit lærande fellesskap der studentane er viktige i kvarandre sine læringsprosessar.
Arbeidsomfang
Ca. 400 timar
Arbeidskrav
Alle arbeidskrav må vere godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Følgjande arbeidskrav inngår i studiet:
- Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som angitt i undervisningsplanen (min. 80% frammøte)
- Skriftleg didaktisk oppgåve
- Skriftleg skuleprøve i musikkteori og høyrelære
- Tre mindre oppgåver i musikkteori og éi lytteoppgåve i høyrelære
- Aktiv deltaking i førebuing og gjennomføring av framføringar og instruksjon med tre refleksjonsnotat
- Deltaking på kurs i tradisjonsmusikk (for delttidsstudentar kan kurset verte erstatta av ei skriftleg oppgåve)
Utfyllande opplysingar om arbeidskrava sitt innhald, vurderingskriterier og tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt i undervisningsplanen for emnet ved studiestart. Obligatoriske arbeidskrav vil bli vurdert som godkjent eller ikke godkjent og tel ikkje ved fastsetjing av endeleg karakter for studiet. Alle obligatoriske oppgåver må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Vi viser ellers til "Forskrift om studier ved NLA Høgskolen" og «Retningslinjer for obligatoriske arbeidskrav for grunnskole- og barnehagelærerutdanningen ved NLA Høgskolen».
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent/ikke godkjent
Avsluttande vurdering
Avsluttande vurdering er éin praktisk/munnleg eksamen som består av desse elementa:
- Musikalsk leiing av medstudentar. Oppgåva kan omfatte song, samspel og bevegelse. Det gis 48 timar til førebuing.
- Høyring i studenten si metodiske ferdigheitsmappe.
Det blir gitt éin individuell karakter på praktisk/munnleg eksamen. Ved eventuell gjentatt eksamen må begge delane tas opp. Utfyllande opplysningar om eksamensavviklinga vil bli gitt på læringsplattforma Canvas.
Vurderingsuttrykk avsluttande vurdering
Det blir gitt gradert karakter fra A til E for bestått og F for ikkje bestått
Tillatte hjelpemiddel
Alle
Eksamensspråk
Norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Progresjonskrav
Modul 1: Samspel, leiing og musikkteori (GLU 5-10) må vere gjennomført før modul 3: Hovudinstrument, konsertproduksjon og gehørtrening (GLU 5-10)
Praksis
Studentar som tar emnet som ein del av grunnskulelærerutdanning 5-10 følgjer eigen praksisplan.
Studiepoengreduksjon
Overlapping gjeld mot Musikk 1, emna i både årsstudium og GLU
Evaluering av emnet
Emneevaluering blir gjort i tråd med kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.
Kan takast som enkeltemne
Ja
Digital litteraturliste
Litteratur og faglige ressurser finner du her.