MGL5NO203 Norsk 2, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 2

Alle versjoner:
MGL5NO203 (2024—2025)
MGL5NO203 (2023—2024)
MGL5NO203 (2022—2023)
MGL5NO203 (2021—2022)
MGL5NO203 (2020—2021)
MGL5NO203 (2019—2020)

Emnekode: MGL5NO203

Emnenavn: Norsk 2, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 2

Undervisningssemester: Høst

Steder: Bergen

Studieår: 2024–2025

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Norsk 1 GLU 5-10

Relevans i studieprogrammet

Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10

Innledning

Emnet Praktisk språk- og tekstarbeid 2 legg vekt på dei gunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving, munnlegheit og digitale ferdigheiter i eit forskings- og utviklingsperspektiv. Læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar har ein sentral plass i emnet. Emnet omfattar norskundervising på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på ungdomstrinnet. I tillegg vert det lagt vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 2, 5-10 (30 sp) over to semester i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 2 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Praktisk språk- og tekstarbeid 2» har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan legge til rette for variert arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium  
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål  
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa  
  • kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium og tilpasse den vidare opplæringa i språklege ferdigheiter til elevar på ungdomstrinnet 
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar 
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål 

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag 
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer  
  • kjenner til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar  
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 5-10 i samarbeid med andre 

Innhold

Emnet fokuserer på temaa

  • leseopplæring i eit forskings- og utviklingsperspektiv
  • skriveopplæring i eit forskings- og utviklingsperspektiv
  • opplæring i munnlegheit i eit forskings- og utviklingsperspektiv
  • digitale dugleikar i eit forskings-og utviklingsperspektiv
  • bruk av digitale verktøy i undervisinga i eit forskings- og utviklingsperspektiv
  • tverrfaglegheit og djupnelæring
  • skulefaget sin eigenart og historie
  • kartleggingar og tiltak knytt til ulike utfordringar (lese-og skrivevanskar, norsk som andre språk m.v).

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Sjølvstudium

Praksis

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • fagtekst med rettleiing
  • seminarinnlegg med innlevering
  • praksisoppgåve eller skriftleg didaktisk oppgåve
  • Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som oppgitt i undervisningsplanen.

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent/ ikkje godkjent

Avsluttende vurdering

Heimeeksamen, fire dagar. Heimeeksamenen skal ha eit omfang på 3000 ord, og skrivast på den målforma som vert oppgjeve i oppgåvesettet.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Eksamen vert gjeve gradert karakter frå A - F, der F er ikkje greidd.

Begge eksamenar må vere bestått for å få godkjent emnet.

Tillatte hjelpemidler

Alle.

Eksamensspråk

Norsk

Skandinaviske språk kan godkjennast etter søknad

Praksis

Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan for MGLU 5-10

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.

Digital litteraturliste

Litteratur og faglige ressurser finner du her.