MGL5SA201 Samfunnsfag 2 5-10

Alle versjoner:
MGL5SA201 (2024—2025)
MGL5SA201 (2023—2024)
MGL5SA201 (2022—2023)
MGL5SA201 (2021—2022)
MGL5SA201 (2020—2021)
MGL5SA201 (2019—2020)

Emnekode: MGL5SA201

Emnenavn: Samfunnsfag 2 5-10

Undervisningssemester: Vår

Steder: Bergen

Studieår: 2024–2025

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt relevant emne i grunnskolelærarutdanninga 5-10. Obligatorisk for studentar som skal ta master, samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga.

Emnet kan ikkje takast som einskildemne.

Innleiing

Samfunnsfag 2 skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar for 5.-10. klassetrinn. Dette krev både fagleg innsikt og fagdidaktisk kompetanse. Geografien opnar for å gripe samanhengar mellom det lokale og det globale. Faget tek studentane med på leiting etter romlege mønster og samanhengar mellom natur, industri og samfunn, og korleis desse påverkar kvarandre gjennom endringsprosessar. Historie bidrar med innsikt i korleis samfunn har utvikla og forandra seg over tid, og skal gjere studentane i stand til å drøfte ulike vilkår og forklaringar på forandring og kontinuitet. Samfunnskunnskap skal gi studentane innsikt i korleis menneske skaper ulike former for samhandling gjennom sosiale nettverk, organisasjonar, institusjonar og samfunn. Sentralt er også kva migrasjon, politikk, teknologi, økonomiske strukturar og makt har å seie for samfunnsutvikling.   

Studium av samfunn, geografi og historie skal hjelpe menneska til å finne fotfeste og orientere seg i verda, i det nære, i det fjernare og globale, i fortid, i notid og i framtid. Gjennom myndiggjering og kunnskap skal studentane utvikle evna si til kritisk refleksjon, resonnement og argumentasjon og utvikle haldningar og kompetansar som mangfaldige, berekraftige og demokratiske samfunn treng. 

Studentar som skal ta master i samfunnsfag, skriv arbeidskrav knytt til FoU-oppgåva i dette emnet.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte: 

Kunnskap 

Studenten 

  • har djupnekunnskap om utvalde fagdidaktiske og samfunnsfaglege teoriar, metodar og forskingsfelt 
  • har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin historiske plass i samfunnet  
  • har djupnekunnskap om sentrale føresetnader og problemstillingar knytte til statsdanning, samfunnsutvikling og demokratiseringsprosessar 
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom globalisering, ressursfordeling, migrasjon, politikk og utvikling 
  • har kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv 
  • har kunnskap om geografiske grunnomgrep, den romlege dimensjon og geografisk identitet  
  • har djupnekunnskap om stad og landskap som natur, kultur og historie, og om korleis nærmiljøet kan nyttast som didaktisk ressurs. 
  • har djupnekunnskap om berekraftig utvikling og sentrale delar av klima- og miljøvitskapen 
  • har innsikt i utvalde døme på den historiske utviklinga i Noreg, og djupnekunnskapar om norsk industrialiseringshistorie, migrasjonshistorie, sosialdemokratiet og velferdsstaten 

Ferdigheter 

Studenten 

  • kan leggja til rette for kritisk refleksjon, utvikling av medborgarskap og berekraftig handlingskompetanse hos elevane  
  • kan søkja, vurdera og tolka ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet 
  • kan planleggja og leia læringsarbeidet med særleg vekt på grunnleggjande ferdigheiter og tilpassa opplæring 
  • kan bruka og evaluera ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar 
  • kan reflektere omkring samanhengar mellom industrialisering og forbruk, og korleis desse påverkar natur, klima og samfunn  
  • kan reflektere over og kritisk vurdere teoriar og forklaringsmodellar for migrasjon, samfunnsutvikling, demokratiseringsprosessar og historiske utviklingstrekk i nasjonale og internasjonale samanhengar 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan leggja til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet 
  • kan leggja til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir til 
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvera lokalt samfunnsliv i opplæringa 
  • har innsikt i sentrale faglige, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillinger 

 

Følgjande læringsutbytte er knytt til FoU-oppgåva:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid med relevans for eiga profesjonsutøving
  • har oversikt over og forståing for forskingslitteratur som er aktuell for å kunne svare på vald problemstilling

Ferdigheter

Studenten

  • kan formulere ei profesjonsretta problemstilling
  • kan drøfte vald problemstilling i lys av relevant forskingslitteratur
  • kan bruke kunnskapsoppsummering som forskingsmetode
  • kan formidle og drøfte funna til kunnskapsoppsummeringa i eit profesjonsfellesskap

Generell kompetanse

Studenten

  • har djupneinnsikt i vald fagleg/fagdidaktisk problemstilling
  • kan sjå samanhengen mellom forsking og utviklingsarbeidet til skulen
  • kan på eit avansert nivå analysere, formidle og samtale om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga

Innhald

Fordjupningsemnet Samfunnsfag 2 gir ei djupare tilnærming innan utvalde emne i samfunnsfaget. Nokre tema er allereie introdusert i innføringsemnet Samfunnsfag 1, og denne vidareføringa inneber difor ei form for fordjuping og progresjon.  

Emnet er i hovudsak strukturert i to tverrfaglege temabolkar: (1) Framveksten av det moderne Noreg, og (2) Perspektiv på globalisering, migrasjon og utvikling. I det same integrerast ei rekke fagdidaktiske emne i desse bolkane, og studentane vil øvast i korleis ein kan arbeide med historiske kjelder og vitskaplege tenkjemåtar i samfunnsfag.  

Framveksten av det moderne Noreg (1) gjev innsikt i at økonomi/samfunn-dimensjonen kan studerast på ulike nivå, og at mikroorienterte studiar, av ein gard eller ei bedrift, kan kasta lys over større samanhengar og gje kunnskap om verdiskaping og økonomiske strukturar. Studentane får eit djupare innblikk i utvalde delar av Noregs historie, særleg norsk  samfunnsutvikling og industrihistorie. Denne bolken byggjer også djupare kunnskapar om geografiske grunnomgrep, geografisk identitet, klimateori og ulike faktorar som utfordrar ei berekraftig utvikling.    

Perspektiv på globalisering, migrasjon og utvikling (2) gjev kjennskap til komplekse aspekt,  mekanismar og konsekvensar av globalisering og migrasjon. Studentane skal forstå menneskeleg mobilitet og vandring i ein større geografisk, politisk, økonomisk, sosial og historisk samanheng. Dagens folkevandringar vert samanlikna med den norske masseutvandringa til Amerika. Vidare drøftast ulike forhold som fremjar og hemmar utvikling i utvalde regionar. Særleg fokus vert lagt på politikk, økonomi, utviklingsengasjement og demokratiseringsprosessar.

Arbeids- og undervisingsformer

Undervisninga vert organisert i seminar og førelesingar, gruppearbeid, førebudde studentinnlegg, praksis, ekskursjon, sjølvstudium og rettleiing på tekst. Digital eller asynkron undervisning kan førekomme.

Arbeidsomfang

Berekna arbeidsmengde for student: ca. 900 timar

Arbeidskrav

Følgjande arbeidskrav må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen:

  • Eit fordjupingsprosjekt. Alle studentar gjennomfører eit fordjupningsprosjekt, og dei som ikkje skriv FoU-oppgåve i samfunnsfag, skriv to oppgåver.*Sjå under
  • Eit munnleg framlegg (førebudd fagleg debatt)
  • To litteraturoppsummeringar
  • Ein fagdidaktisk oppgåve
  • Krav til frammøte og aktiv deltaking vert spesifisert ved semesterstart 
  • For studentar som skriv FoU-oppgåve i emnet gjeld følgjande arbeidskrav:
    • Inntil tre tekstutkast etter gitte kriterier
    • Deltakelse i gruppeveiledning
    • Deltakelse i individuell veiledning 
  • For studentar som ikkje skriv FoU-oppgåve i samfunnsfag gjeld følgjande arbeidskrav:
    • Ei skriftleg oppgåve*

Nærare opplysningar om arbeidskravas innhald og tidspunkt for gjennomføring vert gjeve i undervisningssemesteret.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / ikkje godkjend

Avsluttande vurdering

  • Individuell skuleeksamen, 6 t.

Vurderingsuttrykk avsluttande vurdering

Skuleeksamen: Det vert gjeve gradert karakter frå A - F, der F er ikkje bestått.

FoU-oppgåve: Bestått/ikkje bestått

Tillatte hjelpemiddel

Skuleeksamen: Ingen hjelpemiddel

Eksamensspråk

Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

For studentar i grunnskulelærarutdanninga: Sjå plan for praksisstudiet i grunnskulelærerutdanninga for trinn 5-10. 

For studentar i årsstudiet: Sjå studieplan.

Evaluering av emnet

Det vil bli føreteke emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen. Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.

Digital litteraturliste

Litteratur og faglige ressurser finner du her.